o_natur.gif (1102 bytes)

 

  Rondane Fjellfolk og villrein


   Av Per Jordhøy
    Sats og layout: Snøhetta forlag a.s, 2665 Lesja
   
Utgitt 2013
   168 s. og rikt illustrert
  
ISBN: 978-82-91375-30-8
   Kr 348,00 NÅ kun kr 199,-

 

Føreord
Villreinstammen i Rondane er den siste resten av opphavleg fjellrein i Noreg. Årsaken til dette er at den ikkje har vore påverka av tamrein med anna arvestoff, slik som mange andre stader i sør-norske fjell. Dette fortel noko om at fjelljakttradisjonen har stått sterkt i dette historiske området, og at kvar bygdejeger ikring har vore kritisk til å gje avkall på denne jakta og tilhøyrande fjelliv. Nettopp dette nære sambandet mellom menneske og rein er det eg vil prøve å spegla i denne boka, korleis menneska i regionen har brukt og teke vare på grådyra og dette tradisjonsrike villreinområdet i fortid og notid. Viktige tema vil difor vera fangstminnene og kva dei fortel, røynslekunnskapen og lokalforvaltaren sin rolle i forvaltinga, samt sentrale instansar og deira villreinfaglege bidrag. Tre personar har sett særskilt preg på forsking, vern og forvalting i Rondane; Edvard K. Barth, Normann Heitkøtter og Erik S. Winther. Dei er mest kjende for banebrytande arbeid innan fangstminneforsking, landskapsvern og villreinforvalting. Desse personene og tilhøyrande virkeområde har difor fått ein særskilt plass i boka. Erik S. Winther er framleis ein sentral forkjempar i den lokale/ regionale forvaltinga av desse kjente fjella og tilhøyrande villreinbestand (særleg i Rondane sør). Med si lange røynsle og sine rike opplevingar frå området, er han lokalforvaltinga si røyst i boka. Sidan eg tok til med villreinteljingar i Rondane i 1985 har eg hatt god støtte og framifrå samarbeid med ei rekkje personar. Min faste assistent under teljingane, Amund Byrløkken og fjelloppsyna elles, må sjølvsagt framhevast her. Dei har vist eit glødande engasjement for jobben sin og stilt opp så snart det var trong for det. Slikt sterkt engasjement har det og vore hjå villreinfolka til Fylkesmennene og Fylkeskommunene i regionen, i Direktoratet for naturforvalting og hjå kollegaer i NINA. Under kartlegginga av fangstminne har Runar Hole og Endre Hage vore med på innsamling av data i over ti år. Framifrå god støtte i dette arbeidet har vi også fått frå fjelloppsyn og andre særskilt interesserte fjellfolk. Norsk villreinsenter på Hjerkinn har gjennom sin fagkonsulent Raymond Sørensen vore ansvarleg for karta i boka – og det har aldri vore nei når eg har retta førespurnader dit. Eg skuldar difor Raymond og alle dei andre eg her har nemnt stor takk for alle gode bidrag og framifrå samarbeid.Eg er og takksam til mentoren min i dette prosjektet, Jan Olav Solstad. Han er pedagog, jeger og fjellstyreleiar i Sel – og kjenner villreinmiljøet frå innsida. Med hans «antenner», bakgrunn og personlegdom kjenner eg meg viss på at eg har fått dei beste råd og refleksjonar undervegs. Min forskingssjef Inga E. Bruteig har vore språkkonsulent og kvalitetssikra innhaldet i boka. 

               Trondheim 11.03.2013

                      Per Jordhøy

Innhald
Pionerar 10
Den gamle fjelljakttradisjonen 13
Den gamle reinfangstkulturen 24
Geværjakta truar villreinbestanden 64
Kva fortel teljingane 67
Naturgeografien 82
Beitegranskingar 86
Røynslekunnskap om reinen sin arealbruk 94
Friluftsliv i emning 112
Arealkonfliktar 115
På sporet av det gode liv 125
Tett på elementa 129
Villreinforvalting i praksis – fjelloppsyns-mannen fortel 136
Reinsjakt på historisk grunn 146
Rondanereinen og samfunnet 150
Askeladdane frå Otta 154
Epilog 156 
Detaljert innhaldsliste 162 
Kart 164