Busetnadssoge

Datasystem for utarbeiding av «ættesoge»-delen (befoknings­registeret) i bygdebokverk av «gards- og ættesoge»-type

IKT-systemet «Busetnadssoge» (BSS) er utvikla som generelt hjelpemiddel i arbeidet med den såkalla «ættesoge»-delen i bygdebokverk av «gards- og ættesoge»-typen. Funksjonaliteten til systemet er nærare gjort greie for i Ole Martin Sørumgård: «Generell beskriving av datasystem som verktøy ved utarbeiding av busetnadssoger» av 30.11.2000 (sjå lenke til teknisk informasjon nedafor).

Systemet er under implementering i Volda- og Sula-prosjekta, og vil bli tilgjengeleg for andre prosjekt frå 2. halvår 2003.

Prisen er ikkje fastsett, men det vil i alle fall bli høve til å få ein demoversjon med datasett (sjå under kurs) for ein rimeleg penge, slik at aktuelle bygdebokprosjekt kan vurdere systemet.

Lenke til teknisk informasjon om systemet (på vevsidene til Høgskulen i Volda).

I tillegg til sjølve BSS-systemet, er det utvikla i alt 4 registreringsmodular for mindre kurante kjelder. Det gjeld a) skjema som er utsendt alle husstandar for å samle inn nyare slektsinformasjon (SkjemaReg, førebels ikkje tilgjengeleg); b) familieinformasjon i eldre bygdebøker, med vekt på perioden etter kyrkjebøkene er tilgjengelege og flytteinformasjon (BbokReg, førebels ikkje tilgjengeleg); c) tilfeldig informasjon ein bygdebokforfattar finn i andre bygdebøker eller litteratur, får gjennom korresponanse med interesserte osv. (LittReg) og informasjon ein får gjennom innsamling av gamle bilde (FotoReg). Brukarrettleiingar for dei to siste, sjå lenke nedafor:

Lenke til LittReg
Lenke til FotoReg
Kurs i bruk av systemet

Lenke til ein gjennomgang av verkemåten for systemet

Utlagt 27.3.2003 av Arnfinn Kjelland.