Døme på pristilbod, bokproduksjon for annan utgjevar:

(Kontakt Bjarne viss du vil ha nærare informasjon.)

Vi viser til telefonsamtalar, og er glade for at vi kan tilby oss å ta ansvaret for produksjon av XXX (tittel).

Vi mottek teksten som vedlegg til epost.  Bilder og andre illustrasjonar bør vere i minst 2 Mb i JPEG, eller 2000 x 1300 pixel i beste kvalitet. Bruk høgaste oppløsning på kameraet ved fotografering, og send gjerne bildefilene ubehandla til oss. Vi justerer alle bilete til trykking. Vi kan også skanne bilder eller andre illustrasjonar. Bildetekstene bør skrivast på eiga datafil, og vere nummerert i samsvar med nummer på bilda. Boka kan ha sideoppsett over ei eller fleire spalter. Vi gjer all klargjering, ombrekking og plassering av bilder og sender det ferdige materiellet til eit trykkeri som utfører trykking og innbinding som vår underleverandør.

All korrekturlesing bør vere gjort ved innsending til oss. Oppdragsgjevar får ferdig ombrekt sider frå oss i PDF format til  kontroll av sideoppsett, bildeplassering o.l., med høve til korrektur både på tekst og biletplassering, før vi sender materiellet til trykkeriet. PDF er eit filformat som kan lesast på alle datamskiner, programmet for å  lese PDF-filer er gratis. Trykkeriet sender òg ein printutskrift til kontroll. I samband med desse prosessane skal det altså i prinsippet ikkje gjerast endringar i høve til dei innsendte tekstfilane (berre kontroll av orddelingar, plassering av bilder og -tekster o.l. i korrekturen frå oss). Arbeid som oppdragsgjevar vil ha gjort i tillegg til dette, må vi  fakturere som tillegg pr medgått time (timepris hos oss er kr 500,00).

Av tekniske grunnar tek dei fleste trykkeri atterhald om ein "over- eller underleveranse på 5% i høve til bestilt opplag". Det betyr at om oppdragsgjevar bestiller 1000 bøker leverer trykkeriet ein stad mellom 950 og 1050 eksemplar. Oppdragsgjevar må betale etter følgende pris pr bok (sjå nedafor) viss det blir levert for mange bøker, eller akseptere å få frådrag i kostnaden viss det blir produsert mindre enn bestilt. Oppdragsgjevar bør derfor bestille minst 5 % meir enn minimumsopplaget, for å vere sikker på å få nok bøker.

Trykkespesifikasjonar:

Format: 170 mm x 240 mm

Omfang: 208 sider 

Illustrasjonar: Ca. 100 stk bilder, kart eller andre illustrasjonar

Opplag: 2000

Materie: 115 g TOM&OTTO SILK eller tilsvarande

Innbinding: Stivbind, fadensigelhefta med 2 mm bokpapp, kapitéler blir sett på.

Omslag: I farge,  130 g Galleri Art Silk papir.

Forsats og baksats: I farge

Tidsplan:

Vi mottek stoff og bilder etter kvart som det er klart. Trykkeriet treng ca. 3 veker frå vi leverer alt, (trykkeklare PDF-filer) til bøkene er ferdige. Vi treng inntil 4 veker for klargjeringa frå siste del av materiellet er motteke. Bestilling bør gjerast hjå trykkeriet minst 2 månader på førehand for å garantere leveringstidspunktet for dei ferdige bøkene.

Pristilbod:

1. Tilrettelegging, trykk og innbinding, heile boka i farge:
2000 eksemplar: kr. 130.000,00
Tllegg pr bok utover 2000 eks. ca kr 25,00
Tillegg for skanning av bilde  kr 60,00 pr. stk.

2. Tilrettelegging, trykk og innbinding, heile boka i svart/kvitt
2000 eksemplar: kr. 102.000,00
Tllegg pr bok utover 2000 eks. ca kr 20,00
Tillegg for skanning av bilde  kr 60,00 pr. stk.

Alle prisar er ca. prisar pr. 1.1.2007 eks. MVA. 
Vi må gi nytt pristilbod i kvart enkelt tilfelle, og kan da gi prisar for 32 eller 16 sider i tillegg eller fradrag frå opprinneleg sidetal.

[Hugs at bøker er fritekne for mva. i siste ledd til lesaren og at utgjevar enten kan få fylkesskattekontoret til å skrive ei stadfesting på at det ikkje skal reknast mva. av produksjonen, eller registrere seg i mva.-manntalet og få refundert mva. gjennom avgiftsrekneskapen. Snøhetta forlag a.s kan gje nærare bistand i utforming av søknad til fylkesskattekontoret om dette.]

Kalkyle inntening

Ei bok som denne kan – dersom innhaldet held tilfredsstillande kvalitet – truleg seljast for kr 300 pr eks. Om ein så reknar 35 % i sals- og distribusjonskostnader, står utgjevar att med kr 195 pr bok i netto inntekt. Det betyr at produksjonskostnaden for denne boka er dekt ved eit sal på 667 bøker i pristilbod 1 (heile boka i farge), og 524 bøker i pristilbod 2 (heile boka i svart/kvitt, men farge på for og baksats samt farge på omslaget).

Oppdatert 18.4.2007 av Bjarne Fossøy. Attende til Snøhetta forlag a.s