![]()
| Tømmerfløyting i Gudbrandsdalen | ||
![]() |
Av Audun Høgbrenna Utgitt 1999 231 sider ISBN 82-91375-11-9 Pris: kr 228,- Omslagsfoto: Bjarne Fossøy. Framsida: Ein del av mannskapet i fløytinga mellom Lora og Lesjaverk ca. 1959.
|
|
|
Dei årvisse tømmermengdene blir ikkje meir slege ut i flaumstore vår-elvar. Tusener av fløytarbål har slokna for godt, fløytarhaken og neverskrukka har tent ut. Men enno lever minnene frå hogst og fløytarliv, ofte med livet som innsats. Forfattaren har møtt dei siste av slitarane. Audun Høgbrenna har teikna ned eit bilete av slit og armod som er utenkjande i dag. Han tek oss med til det gamle koie-livet, hogst og barking i vinterkalden. Vi følgjer tømmeret frå Lesjaskog og Skjåk til Lillehammer lense, vi ser lunnane som set seg fast i dei mange juv. Det slitsame arbeidet i skogen og vårfløytinga i dei mange elvane utgjer ein kultur som lett kunne gå i gløymeboka. Audun Høgbrenna har skrive ned dette før det vart for
seint! Skogsfolk og fløytarar frå nærsagt heile Gudbrandsdalen er med og fortel om sine opplevingar, og om opplevingar som folk føre dei har bore vidare frå far til son. Det gamle skogsarbeidet og tømmerfløytinga var halde for å vera eit helsesamt og triveleg arbeid, og triveleg arbeid var det sjølvsagt. Men kor helsesamt det var å slite og fryse seg gjennom kalde vintrar med snø og is og dårleg med mat og klede eit heilt arbeidsliv i dårlege koier langt frå bygda, er noko anna. Om ein ikkje går lenger attende enn til barndomsåra mine i 1930-åra, var eldre folk mykje meir slitne og skrøpelege å sjå til, enn i dag. Det var ikkje vant om å høyre om blodslit og strev, gikt og plager, og skade etter tungt og hardt arbeid. Men det er så rart med det. Når åra går, og tida får arbeide med eit minne, blir gjerne både slit og strev, frost og harde dagar med arbeid frå gry til kveld både romantisk og trolsk, for den som høyrer på. Når den gamle giktbrotne kroken som låg på hogst innpå Espedalen, Imsdalen eller Murudalen, fortalte frå livet i skogen, slitet og strevet, fekk han eit lengselsfullt drag i ansiktet, og gav uttrykk for kor triveleg det var den gongen. Det er slik med oss menneske, vi vil gjerne attende til farne dagar. Nostalgien blir frodigare etter som åra trekkjer på. Det er vel heller ikkje så rart om den gamle slitaren drøymer seg attende til ungdomstida, da han sterk og spenstig svinga øksa i storskogen innpå Mugmoen i Murudalen ein vinter for 50 60 år sia. Det er slik tillaga her i verda, at slit og strev blir gløymt, men det gode og morosame lever vidare. Slik kan livet den gongen bli romantikk for den som høyrer på når oldingen fortel, med kløkt og lengsel, om det frie livet i skogen. Takk til alle som har lånt ut bileta sine, og alle som har fortalt om sine opplevingar frå hogst og fløyting. Det er dykk som har gjort det mogleg å ta fram att ei snart borgløymt epoke i det gamle arbeidslivet. Lesja i august 1999 Audun Høgbrenna
|
Minne frå skog og elv i Gudbrandsdalen. 9
Fløytingsdammar og andre anlegg 14
Båtshaken 17
Klede, fløytarhabitten 20
Tømmerfløytinga i Gudbrandsdalen 25
Skogshusværet 31
Nokre av veteranane 31
Murudalen 40
Fløytarnatt, av Rolf Vang 43
Ein prat med Einar Broløkken 44
Grov skog 51
Fløytarprat i Nedre Heidal 57
Fløytarar frå Heidal frå 1956 til 1967 61
Ein arbeidsdag i skogen i eldre tid 63
Arbeid, koieliv og kameratskap 66
Fløyting frå Skjåk og Ottadalen 69
Fløytaropplevingar sommaren 1910 1911 74
Fløytarminne frå Skjåk 79
Bydrift og grovt tømmer 82
Fløyting frå Vågå 90
Trekk frå fløytingsepoka 100
Kaldt og slitsamt men triveleg lell 105
Husbonden 109
Kontrollsystemet 121
Elvene i Ringebu 129
Fløytarliv ved Frya 134
Den gøymde dalen. Imsdalen hogst og fløyting 144
Vinstra var ikkje til å spøke med 148
På skogsarbeid i Kvikne-Skåbutraktene i 1950 åra 152
Fløyting frå Lesja Lesjaverk 159
Lågenfløytarane går til filmen 176
Plukkhogst og andre småplukk 189
Gausavassdraget 199
Ulykker 214
Lillehammer lense 217
Merkekart 228
Siste fløytarbålet 229
Kjelder 230