|
Forord
Denne boka er eit ektefødd barn av det som blant forskarar og departementsbyråkratar gjerne blir omtala som regionalforskingsprogrammet. Programmet Regional utvikling, som vart finansiert av Noregs forskingsråd og leidd av Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda, er gjennomført i perioden 2000–2004. Møreforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane søkte i fellesskap programmet om pengar til å studere regional utvikling på Nord-Vestlandet. Programstyret løyvde pengar til ein slik studie, som ein av fem regionale områdestudiar i regi av programmet. Resultatet av løyvinga vart fleire forskingsprosjekt ved dei samarbeidande institusjonane.
Heilt frå byrjinga av programmet sette vi i forskargruppa oss som mål å formidle kunnskap frå prosjektet til dei som bur i regionen vår. At boka no ligg føre, er vi stolte av. Vi må vedgå at forskarar ikkje alltid er like flinke til å samarbeide, iallfall dersom dei ikkje har ei klar eigeninteresse av samarbeidet. Og dette bokprosjektet hadde mange odds mot seg. Også i vår yrkesgruppe opplever vi stadig større mangel på tid. Vi har vore forskarar med ulike faglege ståstader, frå både geografi, historie, økonomi og statsvitskap. Ei bokpublisering har ikkje gjeve oss store voner om ekstra honorar.
Vi har hatt kontoradresse på fire stader: Førde, Molde, Sogndal og Volda. Fem institusjonar medverkar: Høgskolen i Molde, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda, Møreforsking Molde og Møreforsking Volda. Dermed har det ikkje vore sjølvsagt at eit bokprosjekt som dette skulle lykkast. Områdestudien for Nord-Vestlandet kunne like godt ha enda med at dei ulike delprosjekta rapporterte sine resultat gjennom institusjonane sine rapportseriar, i tillegg til ein samlerapport til forskingsrådet. Sjølv om resultat frå delprosjekta også er rapporterte på desse måtane, vurderer vi denne boka som sjølve hovudproduktet frå samarbeidet vårt.
Dette tyder ikkje at boka bør lesast først og fremst som ei rapportering av forskingsresultat. Sjølv om mange av kapitla syner til resultat frå områdestudien, har vi òg lagt vekt på at boka skal gje oversyn over tema og teoriar. Det fremste ønsket vårt er at lesarane si interesse for, forståing av og eigne refleksjonar kring regional utvikling på Nord-Vestlandet kan bli fremja gjennom lesing av boka. Av denne grunnen har vi òg invitert to dyktige epilogforfattarar, Harald Kjølås og Johs. B. Thue. Dei leverer sine personlege refleksjonar knytte til emnet for boka, og skal på ingen måte gjerast ansvarlege for det forskarane skriv.
Vi er også stolte fordi vi på denne måten kan få synt fram forskings- og kunnskapsmiljø på Nord-Vestlandet. Frå vår side kan boka sjåast som ein honnør til dei i regionen vår som lenge har trudd på og arbeidt for regionale høgskular og forskingsinstitusjonar. Når vi ser attende på arbeidet med boka, har største utfordringa vore å gje artiklane ei språkdrakt som gjer at dei kan nå ut over forskarkollegaene og akademikarane sine rekkjer. Om lesarane meiner at vi ikkje skulle ha lykkast heilt med dette, har vi i alle fall alle hatt godt av freistnaden på å føre eit enklare språk for å nå ut til eit breiare publikum.
På same måten som Noregs forskingsråd har støtta forskingsprosjekta bak boka, har støtta frå dei to fylkeskommunane på Nord-Vestlandet vore avgjerande for sjølve bokutgjevinga. Særleg har Møre og Romsdal fylkeskommune, ved å sjå dette som eit regionalt utviklingsprosjekt som var verdt støtte gjennom RUP-satsinga, gjeve oss naudsynt kapital til å trykkje boka. Sogn og Fjordane fylkeskommune har også medverka til utgjevinga ved å garantere for kjøp av bøker. Dette er vi takksame for.
Vi skuldar òg takk til Sunnmørsposten Forlag, som har vore villig til å gje ut boka, og til Terje Aarset, som har vore språkkonsulent.
1. mars 2004
Molde
Sogndal
Volda
Hallgeir Gammelsæter Oddbjørn Bukve
Arnljot Løseth
|