Føreord
Menneskeleg verksemd har i vekslande grad direkte eller indirekte innverknad på prosessar og tilhøve i naturen. Frå dei første jordbrukarane tok til å dyrke jorda til dagens mekaniserte landbruk og tekniske anlegg har vi utnytta dei jordressursane landet har. Heile vår eksistens byggjer på at vi kan hauste av naturen. Ofte er dei vassdragsnære områda dei mest produktive areala innan eit område. Utnyttinga av vassdraga og nærområda har difor vore, og er framleis sentralt. Mange stader har drenering av myr og våtmark vore utgangspunkt for utviding av dyrkningsareala særleg i dalane og høgreliggjande strok.Denne boka skildrar ulike sider ved den unike soga om Lesjaleira, eit stykke norsk kulturlandskap som har gjennomgått omfattande endringar. Ein har særleg vektlagt fuglelivet i området, på grunnlag av inngåande fuglegranskingar her. For 150 år sidan låg her eit umåteleg godt fiskevatn, der ein kunne få storaure på over 10 kg. Bøndene på Lesja såg og den store verdien i jordbruksareala som kunne innvinnast her ved senking av vatna. Difor tok dei det dristige steget og fekk tappa ut vatna på 1860-talet. Alt gjekk nok ikkje slik dei hadde tenkt, for ufullstendig drenering, årleg flaum og sandflukt førte til at nytteverdien var sterkt avgrensa i lang tid.Det skulle gå over 100 år før tilhøva vart slik som dei dristige menn innerst inne truleg drøymde om, men aldri fekk oppleva. Endeleg var flaumfaren over og 8000 dekar steinfri jord kunne takast i bruk for fullt, etter at store flaumsikringstiltak var gjennomførte.Desse kultiveringstiltaka har og ei anna side ettersom dei totalt har endre vilkåra for den naturlege faunaen i området. Ein har difor teke sikte på å fremje tiltak som skal redusere skadeverknadene av inngrepa i naturen på Lesjaleira. Målet har vore å finne fram til enkle tiltak, helst slike som fremjer naturlege prosessar. Den auka interessa av å ta vare på naturen, og naturens produksjonsevne og mangfald har også ført til at vi i dag er sterkt opptekne av å skape eit levande kulturlandskap, der landskapsestetiske og økologiske vurderingar vert lagt til grunn samstundes som næringsverksemd skal kunne finne stad. Det har og vore eit mål å vidareutvikle Lesjaleira til eit variert kulturlandskap der tilhøva er lagt til rette for ulike «brukargrupper». NINA har gjennomført særskilte granskingar av fuglelivet på Lesjaleira (1986–1991). Desse vart støtta av Noregs vassdrags- og energiverk (NVE), Landbruksdepartementet, Direktoratet for naturforvaltning (DN). Takk til fylgjande personar som på ulike vis har delteke i desse fuglegranskingane: Ingard Blakar, Ingvar Brattbakk, Arild Espelien, Bjarne Fossøy, Rune Fossøy, John Atle Kålås (vitskapeleg rådgjevar i prosjektet), Ola Jo Nørstegård og sist men ikkje minst Ingar Jostein Øien. Dessutan vil eg takke Lesja kommune, Grunneigarlaget for Lesjaleira og andre lokale støttespelarar for godt samarbeid.Takk til fag- og språkkonsulentar for boka; rådgjevar i Lesja kommune, Rolf Sørumgård og forskningssjef i NINA, Inga E. Bruteig. Takk til NVE, Lesja kommune, Lågen fiskeelv og Lesja fjellstyre for økonomisk stønad til boka.Delar av kapitlet om flaumsikringsprosessen er henta frå omtale ved tidlegare fagsjef Bård Andersen i NVE. Han var elles ei ildsjel og ein sentral pådrivar for sjølve flaumsikringsarbeidet på Lesjaleira.Trondheim i mai 2005Per Jordhøy |