|
Forord
I slutten av 1990-åra planla leiinga i Volda og Ørsta Sparebank å lage ei jubileumsbok til 150-årsjubileet for banken i 2003. Hausten 1999 vart underskrivne beden om å lage plan for boka. Eg utarbeidde ei prosjektskisse i samarbeid med administrerande banksjef Harald Indresøvde og styreleiar Bjarne
Rekkedal. Arbeidet tok så smått til alt i 2000. Oddbjørn Melle vart engasjert til å skrive ein del av boka.
I 2002 skifta sparebanken namn frå Volda og Ørsta Sparebank til Sparebanken Volda Ørsta. Det opphavlege namnet på banken var Voldens og Ørstens Sognes Sparebank. Dette namnet var ikkje ofte brukt, men i meir formelle samanhengar finn vi det i protokollar og dokument så seint som i 1870-åra. Det vanlege namnet i bankens brevskifte på denne tida var Voldens Sparebank, og etter kvart også Voldens og Ørstens Sparebank. I samband med fornorskinga av det norske namneverket kring 1918 vedtok forstandarskapet å endre namnet til Volda og Ørsta Sparebank.
I denne boka bruker vi dette namnet i framstelling som gjeld tida fram til 2002 når det ikkje er spesiell grunn til å nytte dei eldre
namna. I det som gjeld tida etter 2002, bruker vi sjølvsagt det nye namnet på banken.
Det er tidlegare laga eit hefte og ei bok i samband med jubileum for Sparebanken Volda Ørsta. Heftet kom ut til 50-årsjubileet i 1904. Det er på 21 sider, er laga «ved
Direktionen», og prenta av M. Aarflots Bogtrykkeri. Utanom nokre ord om opphavet til banken, om forretningsordning, regelverk og styre, vart det i heftet presentert utdrag av banken sine rekneskapar gjennom dei femti første åra.
Også til hundreårsmarkeringa for banken i 1953 bestemte styret og forstandarskapet å lage ei jubileumsbok. Bankleiinga engasjerte lektor Odd Vollan frå Ålesund til å skrive hundreårssoga. Ein grunn til at ein forfattar utanfor Volda–Ørsta-miljøet vart vald til å skrive boka, var at bankleiinga ville ha ei uhilda vurdering av banksoga. Det hadde gjennom åra vore ein del strid kring styringa av sparebanken i Volda. Mykje av det som låg bak
konfliktane, var bygdestrid mellom Volda og Ørsta. Odd Vollan sette som mål for arbeidet sitt å «koma fram til det som eigentleg hende, og ikkje gjeva det att som ein dom», som han skriv i
«Attersyn».1 Jubileumsboka med tittelen Volda og Ørsta Sparebank 1854–1954 kom ut i 1953.2 Det er ei bok både om sparebanken gjennom dei første hundre åra og om utviklinga av næringslivet og kulturlivet i Volda og Ørsta i denne perioden.
Boka som no blir lagd fram i samband med 150-årsjubileet for sparebanken, handlar også om både banken og bygdene ikring, men hovudvekta er her lagd på utviklinga i bygdene i den tida banken har eksistert.
Som andre sparebankar har Sparebanken Volda Ørsta vore ein sentral institusjon for sin region. I mange samanhengar har banken vore både deltakar og pådrivar i utforming og omforming av lokalsamfunnet. Målet for boka har vore å trekkje opp hovudlinjer i bygdeutviklinga i den tida banken har vore i drift, og samtidig få fram banken sin medverknad i det som har skjedd.
Det seier seg sjølv at det var uråd å ta med alle sider av utviklinga i bygdene og banken gjennom 150 år. Det har vore mange vanskelege val å ta
undervegs, og mykje stoff som godt kunne ha vore med, har vi måtta la liggje. Vi har lagt vekt på tema som har hatt nær tilknyting til sparebanken på ulike
måtar, men utan å avgrense framstellinga til det som banken har vore direkte med i.
Vi har prøvd å vise hovudtrekk i dei samfunnsmessige forandringane i banken sitt nedslagsfelt gjennom 150 år. Landbruket med attåtnæringane har ein sjølvsagd plass i framstellinga ettersom sparebanken i stor grad har vore banken for bøndene i Volda og Ørsta i heile perioden. Elles møter vi Ørsta som industribygd, Volda som utdanningssenter og Vartdal som fiske- og fangstbygd. Slik skulle dei samfunnsmessige særdraga til dei ulike bygdene kome fram. Utviklinga er stort sett følgd kronologisk, likevel slik at somme tema overlappar fleire av hovudbolkane for å lette samanhengen for
lesaren.
Volda og Ørsta Sparebank vart oppretta ved innleiinga til ein periode med sterk modernisering av
Bygde-Noreg. Då banken runda hundre år, stod både banken og bygdene på terskelen til ei tid med endå større og meir gjennomgripande
forandringar. Det fall naturleg å leggje stor vekt på utviklinga frå 1950-åra til
notida.
At Odd Vollans bok dekkjer dei første hundre åra av banksoga, er ein openberr grunn til ei slik prioritering. På den andre sida var det rimeleg å ta med heile perioden frå banken vart skipa for å sjå utviklinga både av bank- og bygdesoga i
samanheng. Odd Vollans bok er dessutan utseld.
Oddbjørn Melle har skrive om utviklinga av industri, havfiske og havbruk
i Volda–Ørsta-området frå første delen av 1900-talet og om utbygginga av dei høgare skulane i desse bygdene. Jon Tvinnereim har skrive heile den første hovudbolken som går fram til mellomkrigstida. Han har også skrive om utviklinga av banken, landbruket med attåtnæringar og om samferdsel i heile perioden. Innleiingane i dei fire hovudbolkane har Jon Tvinnereim og Oddbjørn Melle skrive i lag. I innhaldslista er artiklar av Tvinnereim merkte med
JT, artiklar av Melle med OM.
Ola Alsvik ved Norsk lokalhistorisk institutt har lese, vurdert og kommentert manuskriptet. Terje Aarset har vore språkkonsulent. Han har elles vore til stor hjelp med si røynsle frå bokproduksjon og sine kunnskapar om Volda- og Ørsta-området. Banksjef Harald Indresøvde og tidlegare styreleiar Bjarne Rekkedal har vore referansegruppe og følgt framdrifta av arbeidet. Bokbunaden er ved Bjarne Fossøy i Snøhetta forlag, Lesja. Ein god del av dei nye fotografia er tekne av naturfotograf Gunnar Wangen og Erlend Krumsvik.
Underskrivne har planlagt og hatt ansvar for framdrifta i prosjektet. Eg skuldar alle dei som er nemnde
ovanfor, stor takk for arbeidet dei har utført, for nyttige råd, og for hyggelege samtalar og godt samarbeid. Mange i tillegg til dei eg har
nemnt, har gjeve verdifull hjelp undervegs, gjennom samtalar, ved å skaffe bilde, lese og kommentere manuskript og ved å syne interesse for arbeidet på anna vis. Utan å nemne nokon særskilt takkar eg dei alle.
Volda i august 2003
Jon Tvinnereim
|