Årsskrift for Lesja historielag

Årsskrift for Lesja historielag: Forord 1998

I år og startar vi opp med rekneskap og meldingar som har med det vanlege arbeidet inna Historielaget å gjera. Vidare kjem det referat frå gjennomføringa av dei to tiltaka som laget nemner i årsmeldinga si for 1997 – nemleg reising av minnesteinar over togulykka på Lesjaverk under krigshandlingane i 1940, og over dei som miste livet i båtulykka på Gautsjøen i 1941. I ein naturleg samanheng til det sistnemnde kjem det stoff om anleggstida med glimt frå nede i bygda og vegbygging på Dalsida, og i eit dikt får vi eit inntrykk av korleis inngrepet føltest for dei som vart råka av ned-demminga da tida hadde kome så langt.

Tri av dei andre stykke kan ein seia knyter seg til «runde tal» nå i 1998, og dei gjeld «Spanska» som for hardast fram her i 1918. Så har vi «»"Storflåmen i 1938", og same året starta middelskulen (seinare kalla realskulen) opp på Dombås.

– Storparten av skildringane om «Spanska» og «Storflåmen» byggjer på minne som har hatt eit innslag av uhygge og dramatikk, medan opplysningane vi får om middelskulen/realskulen peikar på eit skifte mot meir rommelege tilhøve.

Av innhaldet elles merkar vi oss at det er stor variasjon i val av emne, kor meir det gjeld stoff som er nedskrivi i nåtida eller slikt som folk kan ha hatt liggjande. Det viser seg og at når ein fyrst har teke fatt på å feste til papiret ymse minne som har levd der i årevis, fell det straks lettare å gå vidare med nye emne.

Som vanleg kjem så avsnittet om at vi ikkje har fått med alt som lesarane har sendt inn denne gongen heller, men at vi skal lova å ta det med etter kvart. De må likevel halde fram med å sende inn stoff enten det er sjølvprodusert, gamle brev, bilete eller kva det nå måtte vera de kan hjelpe oss med. – Gjev også gjerne tips om tilfang de veit om.

I forordet i førre årsskriftet sa vi at det var ynskjeleg at stoffet kunne vera redaktøren i hende inna utgangen av august med tanke på at skriftet skal koma i handelen i god tid føre jul.

Til slutt ein takk åt alle som på einkvan måten har vore med og ytt noko åt Årsskriftet for 1998.

Helsing
Skriftnemnda
V/Audun Einbu

Årsskrift for Lesja historielag: Innhald 1998

Lesja historielag – folk i styret m.m. 4
Innhald 5
Forord 6
Lesja historielag – årsmelding 1997  7
Lesja historielag – rekneskap for Lesja Historielag1996/97 11
Lesja bygdamuseum – rekneskap for 1997 13
Olsokfeiring på Lesja Bygdatun. Av Odd Reidar Hole 16
Gneiste frå glo. Av Ingebrigt Doseth 18
Markvandring. Ein tur langs den gamle postvegen. Av Marit Hole 20
Avdukinga av minnesteinen etter togulykka på Lesjaverk den 1. mai 1940. Av Audun Einbu 21
Prolog ved avdukinga av minnestøtta ved Knipstugu den 13. september 1998. Av Audun Høgbrenna 28
Gautsjøulykka. Av Ingebjørg og Jo Nordahl Bottheim 29
Til minne om Gautsjøulykka. Av Jan Stavheim 43
Selmertida. Av Hans Hole 45
Gamle Sørhella . Av Oddrun Gilberg 54
Storflåmen i 1938. Av Audun Einbu 55
Oppvekstår med post og telefon i Kjøremgrende. Av Gudrun Kullungstad 94
Posten på Lora. Av Solbjørg Rognerud 99
Middelskolen på Dombås. Av Oddrun Gilberg 103
‘Spanska’. Av Odd Reidar Hole 109
Minne frå barneåra- og ungdomsår. Av Oddrun Gilberg 117
Eit vådeskot på Nysetra på Dalsida i 1906. Av Odd Reidar Hole 119
Sangen om Bjorli. Innsendt av Sigrunn Mølmshaug  121
Åsnes – «Åsnes-kringler». Av Odd Reidar Hole 123
Elsie Winqvist. Av Marit Skreabakken 127

Årsskrift for Lesja historielag: Forord 1999

Som vanleg knyter dei fyrste sidene i Årsskriftet seg stort sett til ymse tiltak inna Lesja historielag.

Vidare fall det naurleg å ta med stoff som har ei viss tilknyting åt kyrkjejubileet. Lesja kyrkje feirar nemleg i år 2000 250-års jubileum. I det høvet blir det gjeve ut ei bok. Ein del av tilfanget som kom inn der, fekk Lesja historielag overlevert på grunn av at sidetalet i jubileumsboka heldt på å bli for stort. Elles kom det inn ein artikkel som var laga særskilt åt Årsskriftet om Lesja kyrkje i Nord-Dakota som også jubilerer – nemleg med sine 100 år nå i 1999.

Kyrkjene vart gjerne eit senter i bygda, og det følgde med andre aktivitetar enn dei reint kyrkjelege handlingane – to slike har også fått si drøfting og omtale attgjeve i dette Årsskriftet.

Emne frå kvardagslivet om både arbeid og tidtrøyte har vi og funne plass åt. Og så må det peikast på ein spesiell artikkel om minne frå krigshandlingane våren 1940, der ein kar, som var åtte år den gongen, festar til papiret nokre minne om sine eigne opplevingar, og dessutan har fått nokre andre til å skildre kva dei opplevde.

Som vanleg kjem avsnittet om at vi ikkje har fått med alt innsendt stoff denne gongen heller, men vi skal lova å ta det med etter kvart. De må likevel halde fram med å sende inn tilfang kor meir det er sjølprodusert, avskrifter, gamle brev e.l., og bilete eller kva det nå måtte vera de kan hjelpe oss med. – Gjev også gjerne tips om kjelder de veit om.

I forordet i førre Årsskriftet sa vi at det var ynskjeleg om stoffet kunne vera redaktøren i hende inna utgangen av august med tanke på at skriftet skal koma i handelen i god tid føre jul – same oppmodinga tek vi med i år også.

Til slutt ein takk åt alle som på einkvan måten har vore med og ytt noko åt Årsskriftet for 1999.

Helsing
Skriftnemnda
v/Audun Einbu

Årsskrift for Lesja historielag: Innhald 1999

Lesja historielag – folk i styret m.m 22
Innhald 5
Forord 6
Aktivitetar inna Lesja historielag:
Lesja historielag – årsmelding 1998: 7
Lesja historielag – rekneskap 1998: 11
Lesja bygdamuseum – rekneskap 1998: 13
Olsokfeiringa på Lesja bygdatun. 1999: Av Kari Storhaug 16
Markdag 5. september 1999. Av Åsmund Einbu 18
Stoff med tilknyting åt kyrkja:
Tankar ved eit gravmæle. Av Odd Reidar Hole 23
Ein invitasjon til ei grvferd. Innsendt av Mikal M. Thøring. 24
Lesja kirke – kirkebakken og militæret. Av cand. philol. Rolf Rasch-Engh. 26
Lesja Norsk Evangelisk Luthersk Kirke 100 år. Av Arild Inge Norderhus 39
Fredrik Wiborg, Christian Brøsløw og fajanseproduksjonen på Lesja. Av Aase Bay Sjøvold 52
Artiklar med ymse innhald:
Lesjabygda og skigardane. Av Hans Avdem 89
Kongsstikker. Av Hans Avdem 94
Steinøksa frå Hådi. Innsendt av Svend Ola Hådi 96
Krigsåra i Bjølåsgrenda. Av John S. Einbu 98
Sykkelhuset Av Audun Einbu 120
Kroting Av Audun Einbu 122
Ulykker i Lessøe 1750 - 1850 Av Ivar Løkken 123

Årsskrift for Lesja historielag: Forord 2000

I år og startar vi opp med rekneskap og meldingar som har med det vanlege arbeidet inna Historielaget å gjera. Vidare kjem det referat frå gjennomføringa av tiltak som laget nemner i årsmeldinga si for 1999 – nemleg reising av minnestein over Jakob Bersveinson Klukstad. Det var greitt å ta avdukinga av bautaen i samband med kyrkjejubileet, da Klukstad er så sterkt knytt åt Lesja kyrkje.
  Ein annan kunstnar vi og må tenkje på når det gjeld Lesjakyrkja, er målaren Ragnvald Einbu, som har utførd utsmykkinga i kyrkja. For han var det ei utstilling på Lesja bygdatun der Historielaget hadde samla saman ein del av arbeida hans. – I årsskriftet har vi såleis teke med bilete av nokre av arbeida hans. Ei av dei planlagde markvandringane vart gjennomført, og den la opp til tur åt Rånåkollen, og åt Fanturde som var tilhaldsstaden åt falskmyntarar fyrst på 1800-talet.

Vidare har laget stått for vølinga av ei spesiell bu i Lordalen. Den opphavlege bruken er noko uviss – like eins er det med namnet ho har. – Ei liknande bu med tilknyting til Jernverket på Lesjaverk blir nemnt i samband med omtala av andre delen av forskingsrapporten etter Sigmund Jakobsen. Han var nemleg leiar for restaureringa av masomnen.

Jernverket let etter seg minne på andre måtar og, nemleg gjennom utalandske arbeidarar som slo seg til ved verket. Deira etterkomarar er innslag i ættetavlene åt mange lesjingar. Bakgrunnsstoff for ei av dei fyrste i ei av desse greinene har vi fått uventa frå ein utabygdsbuande person.

Eitt av stykka kan ein seia knyter seg åt eit rundt tal – nemleg omtala av bygginga av kraftlina gjennom bygda, eit arbeid som gjekk for seg for 60 år sia. Storparten av denne delen er minnestoff.

Ein stor artikkel om landskapet i Lesja har vi fått frå ein kar som budde her i bygda i mange år, og såleis gjorde seg kjent med tilhøva.

Som vanleg kjem så avsnittet om at vi ikkje har fått med alt som lesarane har sendt inn denne gongen heller, men at vi skal lova å ta det med etter kvart. Stundom blir stoff lagt til sides med tanke på at det skal koma inn eitkvart med liknande innhald, slik at det kan knytast i hop til ein større heilskap. De må derfor halde fram med å sende inn stoff etter kvart. – Gjev også gjerne tips om tilfang de veit om, eller emne de måtte ynskje burde takast opp.

I forordet i førre årsskriftet sa vi at det var bra at stoffet kunne vera redaktøren i hende inna utgangen av august med tanke på at skriftet skal koma i handelen i god tid føre jul.

Til slutt ein takk åt alle som på einkvan måten har vore med og ytt noko åt Årsskriftet for år 2000.

Redaktøren
Audun Einbu

Årsskrift for Lesja historielag: Innhald 2000

Lesja historielag – folk i styret m.m 4
Innhald 5
Forord 6
Aktivitetar inna Lesja historielag:
Lesja Historielag – årsmelding for 1999 7
Lesja Historielag – rekneskap for 1999 11
Status for Lesja Historilag 1999 12
Spesifikasjon over postar i rekneskapen: 13
Krigsåra i Bjølåsgrenda. John Einbu 14
Frå steinrøys til steinbu. Av Marit Tynnøl 15
Bauta over Jakob Klukstad:
Tekst etter Tom-Vegard Feltstykket 18
Prolog på innviingsdagen. Av Odd Reidar Hole 20
Helsingsord ved monumentet. Av Irmelin Kvam Skauen 23
Forarbeidet. Av Tor Einbu 24
Olsokfeiring på Lesja Bygdatun år 2000. Av Tor Einbu 25
Markvandring:
Til Rånåkollen. Av Ola Lotten 27
Til Fanturde. Av Audun Einbu 29
Med jernverket på Lesjaverk i sentrum:
Restaurerer kolbrennarkoie. Av Aud Einbu 32
Jernverksdagen. Redigert stoff frå GD og Vigga 35
Jernverket. Redigert stoff etter Sigmund Jakobsen 38
Fallei: Fra Belgia til Lesja. Av Per B. Lilje 55
Noko om Fallei-slekta her i Lesja. Av Audun Einbu 60
"Elektrisitetssaka". Av Audun Einbu 61
Samtaler med ymse av arbeidarane. Av Odd Reidar Hole 69
Landskapet i Lesja. Av Osvald Haugbotn 73
Folkeopplysningsarbeid:
Det fyrste biblioteket i Lesja. Av Odd Reidar Hole 96
Om "Andaktbokselskapet". Av Odd Reidar Hole 101
Frå dagbøker og brev:
Fehandel og annan handel i gamledågå. Av Hans Hole 103
"Gamle, gulnede brev" – Av Odd Reidar Hole 111
Ragnvald Einbu Av Audun Einbu 119

Årsskrift for Lesja historielag Forord 2001

Årsskriftet har denne gongen tri hovudbolkar: I samband med tusenårsskiftet vart det sentralt teke initiativ til at det vart tent bål på dei gamle vetahaugane. Såleis er det komme med ein lengre artikkel om dette varslingssystemet og historikken omkring dette. Eit anna emne som det har vore arbeidd med ei tid er korleis folk i bygda fekk inn reint vatn. Etter kvart har det kome inn stoymse stoff med tilknytning til Dalsida, og i dette årsskriftet har vi samla noko av tilfanget. Denne seterdalen har hatt mykje å seia for ein stor del av Lesjabygda gjennom lange tider.
   At lesjingane er vide kjent for ei levande dugnadsånd kom sterkt fram under bygging av Tunstugu; her var det dugnad frå fyrste spadetaket til torvtekt tak- med mange tusen arbeidstimar. Elles er det fleire mindre artiklar om ymse emne og av ulik interesse, men vi tek sikte på å samle lokalhistorisk materiale som elles ville gått i gløymeboka. Det har i den seinare tid vore spurnad etter eit register om emner og skribenter frå årsskrift som er utkomne til denne tid, og dette har vi funne plass til bak i denne boka.
   Av ulike årsaker blir noko av stoffet liggande over til seinare bruk; dette fordi vi ynskjer at emner som høyrer naturleg saman kjem med i same årsskrift. Elles skal sidetalet gå opp i 16, og totalvolumet på boka meiner vi er høveleg. Vi ber likevel om at dei som er interessert i bygda si historie, sender oss stoff om ulike emne; til dømes gamle bilete, brev og dokument. Det kan og vere dei som har tankar om eit og anna vi burde skrive om eller arbeide med? På same tid vil vi takke alle dei som viser interesse for årsskriftet og hjelper til, slik at det blir ei rik og tenleg historisk kjelde for ettertida!

For Skriftnemnda

Odd Reidar Hole

Innhald 2001

Lesja historielag - folk is tyret m.m    4
Innhald 5
Forord    6
Aktivitetar inna Lesja historielag:
   Årsmelding for Lesja historielag 2000    7
   Årsmøte i Lesja historielag 2000    12
   Årsregnskap 2000 Lesja historielag   14
   Olsokfeiring i Lesja 2001. Av Egil Anshus    16
   "Hybilum a Lessum" Prolog på dugnafsfesten 13 jan 2001 Av Odd Reidar Hole 18
Ymse frå Dalsida
   Om Aursjøhytta. Innsendt av Jonas Nordsletten     22
  
Seterliv. Av Marit Flagestad     29
  
Dei største heltane. Av Erling Hogstad    43
   Eit kjørlighetsdikt med tilknytning til seterlivet. Innsendt av Oddrun Gilberg     47
   Minde om åpningen av veien til Filling - med bil for første gang 23 sept. 1941. Av Hans J. Hole    48
Nye måtar for oppbevaring av kjøtt. Av Audun Einbu    52
  
Hermetisering i Øverdalen. Av asmund Kylling    57
Innlegging av vatn Av Audun Einbu    62
  
Vatnet til gardane frå gammalt. Av Ove Nørstegård    75
Odelsguten som kom frå Søre Nest-Tande som kom åt Trøndøm og vart "skarprætter og lege" Av Odd Reidar Hole    79
Vetene på gamle Lesja. Av Jørgen Melien    84
Det neglisjerte alteret. Innsendt av Arne Ivar Lyngen    102
Ola Fredriksen Hole 1711 - 1769, frå Nistugu Sør-Hole, som i 1749 var byggmeister for Lesja Kyrkja. Av Odd Reidar Hole    107
Lesjing traff jente frå Folldal i Målselv. Av Bjarne Støen    112
Register for Årsskrift 1983-2000. Redigert av Ivar Løkken    114
Tilbod på årsskrift for Lesja Historielag    127

Årsskrift for Lesja historielag Forord 2002
Det er ikkje slik som mange av oss trur – at den nære fortid ikkje har stor nok interesse for lesarane av i dag. Dette at folk nikkar attkjennande til lokalhistorisk tradisjon, fortel ikkje så lite om det! Såleis er det av stor verdi at det vert samla og teke vare på det som eldre folk kan hugse – av det dei sjølv har opplevd eller det tidlegare generasjonar har fortalt. Dette har vore som ein raud tråd gjennom årsskrifta til Lesja historielag, og denne malen vil vi halde på! 
   Denne gongen har vi med ein større bolk om husmannsvesenet i Lesja. Dette er ei semesteroppgåve der forfattaren har teke for seg dei endringane som skjedde i peroden 1850–1900, og samanliknar to skulekrinsar; Bø og Einbu. Så har vi ein bolk om sauegjeting på 1930-talet, men og eit glimt lenger attende i tida. 
   Elles er det ein artikkel om urmakere av Ølstadslekt, som laga dei namngjetne «Ølstadklukkun». Så har vi ein artikkel om husmannsguten frå Lesja som kom åt Folldalen, og som der gjorde seg sterk gjeldande på mange område. 
  Ein artikkel tek for seg ljåslått, ljå og bryne. Ettersom det snart ikkje er nokon som kan eller vil bruke ljåen meir, så vert ord, uttrykk og kunnskap gløymt. Erfaring med og kunnskap om bruk og foring av måså er og i ferd med å bli gløymt. 
  Lesja gamle skule, Blåsenborg, har fått «kome til orde».
  Taterfolket har og fått eit større rom i denne boka, ettersom dette er eit emne som er mykje forsømt. Artiklane har svært ulik vinkling; frå det reint faglege til det meir forteljande. Men dei gjev båe eit bilete av korleis dette folket hadde det og korleis bygdafolk tok imot dei. 
   Elles har vi med mindre forteljingar om ulike emne, frå eventyr med hulder og troll, frå segner og syner. Det er dessutan med ei retting til artikkelen om Lesja jernverk i Årsskriftet for 2000, med tabellar og diagram. 
   Til slutt har skriftnemnda eit sterkt ynskje om at folk sender inn gamle bilde, og stoff om ulike emne, til redaksjonen i Lesja historielag. Originale skriv/dokument og bilde blir sjølvsagt returnerte. Vi takkar alle som har hjelpt til med årsskriftet! Det er vårt store ynskje og von at nokon kvar har fått større interesse for, og kunnskap om, vår lokale kulturarv. 
For skriftnemnda 
Odd Reidar Hole 

Innhald 2002
Lesja historielag – folk i styret m.m 2
Forord 4
Aktivitetar inna Lesja historielagÅrsmelding for Lesja historielag 2001 5
Olsokfeiring på Lesja Bygdatun 2002 Av Kari Nørstebø 11
Årsregnskap Lesja Historielag 2001 12
MinneordAudun Einbu Av Ingebjørg og Jo Bottheim 14
Ivar Fjellstad Av Andreas Morken 16
Husmannsfolk i Moen og på Jerkenhaugen Av Tor Einbu 18
Om ljå og bryne Av Odd R. Hole 56
Klestampa ved Hattremsåa Av Åsmund Einbu 62
Bø telefonselskap 1924–1939 Av Åsmund Einbu 64
Uhrmageren Syver Thoresen Ølstad 1756–1810 Av Hans Hole 67
Sauedrifter og gjeting i Lesjafjellet Av Ove Nørstegård 75
Om drift av sau fra Romsdalen til Vinstravannene 1906 Av Yngvar Mølmen 91
Bruk tå måså frå heimfjellet Etter Sigurd H. Avdem 93
Blåsenborg – minne om ein barndom og ein oppvekst og dei eg møtte Av Erling Hokstad 95
Tankar omkring eit taterfylgje som tok inn på Øvre Lyftingsmo hausten 1926 Av Kirsti Seland 101
Lapp-Randi Av Edvard Kruken 103
Ein begravelse på Lesjaskog i 1929 Av Egil Mølmen 108
N Iva Fallet Innleiing av Odd R. Hole 110
Ivar Fallet Av Ivar Streitlien 112
Om hulder og trollskap fortalt av Andreas Morken 122
Retting av trykkfeil i årsskriftet for år 2000 om Jernverket på Lesjaverk 123
Tilbod på årsskriftet for Lesja historielag 128


Årsskrift for Lesja historielag Forord 2003
Min første tanke som førsteklassing i redaktørrolla var denne: Kan enda eit årsskrift fyllast med 128 sider med lokalhistorie? Årsskriftet 2003 er nummer 20 i rekkja. Det første kom i 1983. I 1988 kom Setrane i Lesja av Per Einbu og Arnfinn Kjelland, og dermed ikkje noko årsskrift det året. Ei grov oppteljing viser at over 2300 sider med lokalhistorie har vore trykt, talet på skribentar nærmer seg 150.
   Dette å finne ting i jorda, gamalt og framandt, er noko dei færraste får oppleva. Men når det skjer, blir eit nytt vindauga mot fortida opna, eit heilt nytt område av bygda får aktualitet.
   Ei geografisk og historisk reise gjennom eit landskap er interessevekkjande. Både det kulturelle og det fysiske kan ha vinst når dei ulike landskapa skal handgåast med kart, termos og matpakke. Årsskriftet har to artiklar med dette utgangspunktet, med litt ulik vinkling. Felles for dei begge er at ei mengd namn er sikra for ettertida, dette er verdfulle bidrag i arbeidet som historielaget driv med å ta vare på kunnskap som held på å bli borte. Dette med namn som berre finst i munnleg form er eit vanskeleg tema: Skrivemåte og tyding kan diskuterast. Skribentane er derfor interessert i kommentarar og tilleggsopplysningar frå lesarane. 
   Ei form for historieskriving er å setja saman opplysningar frå ulike skriftlege kjelder, og laga ei framstilling der allereie kjent kunnskap tilsaman gjev ny erkjenning. Dette blir eit titteglas inn i eit avgrensa saksfelt, om korleis ein liten flik av verkelegheita kunne vera dengong. Spørsmålet kan vera av typen: Kvifor skjedde det, korleis skjedde det, kva vart resultatet, korleis var det andre stader. Eller formålet kan vera å fortelja ei historie om ein person, ei tidsepoke, eller ei verksemd. Men samtidig kan vi aldri seia kva som var det normale, eller vanlege i ei tid utan å ha eit sideblikk på korleis det var andre stader og til andre tider.
   Historie er ikkje berre det som ingen nålevande har opplevd: Det som var kvardagen for nokre år sidan, har nå blitt historie. Årsskriftet har fleire artiklar med dette utgangspunktet. Essensen i dette med historieskriving må heile tida vera å fortelja levande om interessante emne. Historia gjentek seg, heiter det, men aldri på same måten. Og det har alltid vore slik at årsaker fører til verknader. Årets årsskrift vitnar om at det ennå er nok emne å ta fatt på.
Lesja, 30. oktober 2003 
Tor Einbu


Innhald 2003
MinneordArne Amundgård 6
Jonas Nordsletten 8
Lesjas kirker i mellomalderen – Lesja, Dovre og øvre Folldal. Av Tor Jørgen Melien 10
Symbol i hagl. Av Jogrim Nordsletten 32
Lordalsvegen, namn og historie. Av Ove Nørstegård 34
Namn på Søre Dalsida. Av Kai Ove Riise 63
Om namnet Dalsida. Av Olve Hokstad 73
Heimkua. Av Gudrun Kullungstad 75
Karoline Lauritzen og slekta hennes. Av Hans Hole 79
Ein driftig kar på Lesjaskogen. Av Olav Rundtom og Hans Enstad 85
Landbruksvinsjen. Av Ola Jo Botheim 92
Rasulykka på Dalsida, påska 1940. Av Gudrun Kullungstad 97
Ulykker i Lesja 1850–1920. Av Ivar Løkken 100
Historielagstur til Engelskmannsbue/Gordonbue. Av Kai Ove Riise 103
Bølia, Rånå. Av Tor Einbu 106
Lesja framhaldsskule 1954/55. Av Erling Hokstad 114
Aktivitetar inna Lesja historielag, folk i styret m.m.Olsokfeiring på Lesja Bygdatun 2003 119 
Årsmelding for Lesja historielag 2002 121
Årsregnskap Lesja Historielag 2002 126
Medarbeidarar 127
Tilbod på Årsskrift for Lesja historielag 128

Årsskrift for Lesja historielag Forord 2004
Årets årsskrift har artiklar med siktepunktet nært og fjernt, geografisk og i tid, slik eit årsskrift skal ha. Det er færre artiklar i år enn det vanlegvis har vore, artiklane er dermed lengre og grundigare, noko som kan gå på bekostning av mangfaldet.
   Hovudartikkelen omhandlar bruk av vasskraft til kverner, sager og stamper i Lesja. Først ein generell del, deretter resultatet av eit registreringsarbeid som har pågått nokre år, det er søre delen av bygda som blir presentert i år. Midtre og nordre del av bygda blir presentert i dei to neste årsskrifta.
  Ein rose- og dekorasjonsmålar blir presentert i tekst og bilde. Dette er også eit resultat av eit innsamlingsprosjekt historielaget har drive i nokre år: Hundrevis gjenstandar er dokumentert med bilde og registrering av andre opplysningar, noko av dette materialet vil etterkvart bli presentert i årsskrifta framover.
   En bolk med amerikabrev er å finne i boka, tre skribentar tek for seg eit eller fleire brev frå tre ulike perioder, dei refererer innhaldet, og kommenterer dette med bakgrunn i kva vi idag veit om tida og tilhøva den gongen. Dette er eit emne som vi har tenkt å ha som eit fast innslag i årsskriftet framover. Eigarar av brev som kan vera av interesse ber vi om å skrive, eller å kontakte nokon i skriftnemnda for å få hjelp. Særleg brev skrive her og sendt «over there» er vi interesserte i å få tak i, slike manglar i stor grad her.
   Av nyare dato er historia om tamreindrift i Lesja, i samarbeid med tilgrensande kommuner. Skribenten tek for seg viktige hendingar i dei ti åra denne verksemda skapte liv og røre, og ikkje mist motsetnader, mellom dei berørte bygdene.
   Enkelte vil sakne «den gode historia», som står for seg sjølv, utan kjeldetilvising og vitskapleg vinkling. Vi oppmodar folk om å skrive ned slike, av eldre og nyare opphav, vi har bruk for slik stoff i årsskriftet! 
Takk til alle som har hjelpt til med årsskriftet, eit stort arbeid er lagt ned av mange. Og til lesaren: God lesing, og kom gjerne med reaksjonar,   kommentarar, eller nye bidrag. 
                Lesja, 25. oktober 2004 
                Tor Einbu

Innhald 2004 
Forord 5
Bruk av vasskraft til kverner og sagbrukAv Rolf Sørumgård og Ola Jo Botheim 6
Minne frå barndommen på Lesja Av Per R. Einbu 42
Lesjafat eller trønderfat?Av Hans Hole 51
Målar-Pe Av Odd Reidar Hole 57
Amerikabrev til Engebret Olsen Udgaard frå 1859Av Tor Einbu 72
Amerikabrev frå Rolf Jacobsen i Minneapolis Av Hans Enstad 79
Litt om utvandringa frå Lillebjøkne til AmerikaAv Marit og Helge Vorkinn 88
Dei fyrste «moderne» husmenn i LesjaAv Arnfinn Kjelland 93
Trio tamreinlag Av Helge Vorkinn 106
Nytt bind i bygdebokserien – gamle bilde frå Lesja Av Arnfinn Kjelland og Tor Einbu 119
Aktivitetar i Lesja historielag, folk i styret m.m.Olsok 2004 122 
Medarbeidarar 123
Årsmelding for Lesja historielag 2003 124
Årsregnskap Lesja Historielag 2003 127
Tilbod på Årsskrift for Lesja historielag 128


Årsskrift for Lesja historielag Forord 2005
Årsskriftet for 2005 er resultatet av ein stor dugnadsinnsats frå mange. Dette med dugnad har vorte noko av eit varemerke for bygda vår. Attendeføring av Lorkverna til slik ho var omkring år 1900, gjennom minst fem års dugnadsinnsats, er eit synleg bevis på at dugnadsånda lever.
   Innhaldet i årsskriftet for 2005 er mangfaldig: Spennet er frå tidleg mellomalder og opp til vår tid. Stofftilfanget er òg svært variert: Frå kvinnelagshistorie til rikshistorie sett frå lokalplanet, frå lokal namneskikk til ein artikkel om ein søknad om å koma med i det gode selskap i verdssamfunnet. Og imellom alt dette eit rikhaldig utval artiklar om ulike emne.
   I år markerer vi unionsoppløysinga for hundre år sidan, forfattaren har saumfart ulike kjelder etter stoff frå året 1905. Ein annan artikkel fortel noko om korleis den militære mobiliseringa vart opplevd lokalt. Vi markerer òg at det nok eingong er runde år for start og slutt på andre verdskrigen i Norge.
   Lesja, saman med fleire kommuner, arbeider med ein søknad for å få villreinfangsten i Nord-Gudbrandsdal inn på Unesco si verdsarvliste. I ein artikkel fortel ein av initiativtakarane om dette arbeidet. Han skriv at grunnen til at området vårt er så unikt, er den lange historia til desse kulturminna, eit karakteristisk landskap, og til sist er det koplinga mellom natur og ein ennå levande kultur.
   Ein annan artikkelforfattar går meir direkte på eit massefangstanlegg for rein. I artikkelen blir faktiske funn beskrive, men òg mulege andre samanhengar blir skissert. Grunnlaget her er m.a. stadnamn.
   I 2004 trykte vi første del av ein serie om bruk av vasskraft i ulike verksemder. I år ha vi med to artiklar om dette emnet: Ein om ein særmerkt person som m.a. bygde ei kvern, ein om oppattbygging av ei anna kvern.
   Den høyrbare responsen på innhaldet i årsskriftet er heller liten, eg skulle ønskje at skriftnemnda og redaktøren kunne få noko meir attendemelding. Meiningsytringa behøver ikkje å vera fagleg grunngjeve, det er nok med nokre ord når ein møtest, eit postkort eller ein e-post. Vidare oppmodar skriftnemnda folk til å skrive, stoffmenga bør vera stor, stor er òg kunnskapsmengda. Om du treng starthjelp så er det berre å vende seg til nokon i skriftnemnda. Vi ønskjer god lesing! 
Lesja, 7. november 2005
Tor Einbu


Innhald 2005
Forord 4
«det mindeværdigste Aar» – om 1905 i LesjaAv Arnfinn Kjelland 5
På grensevakt i 1905 Av Hans Hole 24
Simahaugmålaren Haldog Østensen 1806 – 1876Av Odd Reidar Hole 25
Lesja i 1743 Av John S. Einbu 29
Verket på Slådalen i Lesja Av Tor Einbu 38
Villreinfangsten i Nord-Gudbrandsdalen som verdensarv Av John Olsen 64
Gårdbrukeren (og soldaten) Ola Gravseth 1918–2005Av Tor Jørgen Melien 71
Eit 60-årsminne frå fredssumaren 1945 Av Helge Vorkinn 76
Frå Lesjaskog bondekvinnelag si historieAv Ingunn Sæther 78
Bjørklund Av Kjell Einbu 83
Holshaugkverna i Nestandåa og opphavsmannenAv Hans Hole 91
Om telefon i Bølia, Lesja Av Torbjørn Torstad 93
Jøråndstad – Jøraandstad i LesjaAv Odd Reidar Hole 94
Dialektnamn på planter og treAv Bjørg og Kjell Einbu og Magnhild Lia 105
Lorkvenne, ein historikk Av Odd Reidar Hole ogTor Einbu 107
Dugnadsarbeidet ved Lorkvenne 2000–2005Av Odd Reidar Hole 111 
Ved Storsteinen Av Erling Hokstad 117
Lesja bygdatun 2005 118
Aktivitetar i Lesja historielag, folk i styret m.m.29. juli 2005 Av Torbjørg Utgård 122
Medarbeidarar 2005 123
Årsmelding for Lesja historielag 2004 124
Tilbod på årsskrift for Lesja historielag 128

 

Årsskrift for Lesja historielag Forord 2006
I årsskriftet du held mellom hendene er det fleire raude trådar. Nokre er lange, andre er mindre lange: Folkekunst, arbeidsliv, om slekt, om emigrering innanlands og utanlands, dette er nokre av dei lengre trådar. Temaet kvinner i arbeid er ikkje langt, men svært informerande, likeins ein artikkjel om eit skihopp, vassveiting, og ein frivillig si forteljing frå sommaren 2006 ved Aursjøen.
   Tre kunstnarar blir presentert, enda eit resultat av historielaget si innsamling av rosemåling av lesjamålarar.
   Ei rad artiklar fortel om arbeidsliv i Lesja, frå slutten av 1930-talet til sluttan av 1950-talet. Spennet er stort: Frå taksteinstøyping, om utnytting av skogen i bygda under krigen, skulekvardagen rundt 1950, og kvardag og fest for ein skuletannlege sist på 1950-talet.
  Vi får fleire opplysningar om ei slekt som vi hadde ein artikkel om i fjorårets årsskrift. Ein forfattar fortel om korleis den nord-amerikanske prærien vart befolka av immigrantar utover andre halvdel av 1800-talet. Denne artikkelen fortel om reglande for jordfordeling og om organisasjonen av eit nytt landskap. Han går mot slutten av artikkelen djupare inn i nokre emigrantfamiliar frå Skogen og fortel om kva dei opplevde. Ein mann frå Lora gjekk til Trondheim rund 1850. Han tok båt derifrå, og havna i Vefsn i Nordland og gifta seg der. Ei stor etterslekt lever i området. Han kom frå bruket Skrøya på Lora.
   To artiklar fortel om kvinner i arbeid: Den eine går inn i det som tradisjonelt var mannen sitt område, handel med salt, sild og krøtter. Den andre held seg innanfor trygge rammer, her blir det fortald om korleis kvinnene laga klede og utstyr til seg og sine, med vev og saum. Begge artiklar er viktige dokumentasjonar i eit område der vi har altfor lite stoff: Kvinnearbeid.
   Eit skihopp med skjebnesvangre følgjer og tankar omkring dette er skildra. Nokre vaksne karar som veiter vatn fortel om sine røynsler. Ein som var med som frivillig ved undersøkingane og utgravingane ved Aursjøen i sommar fortel om dette, og i tillegg har han gjort seg nokre tankar om to buplassar som ligg ikkje så langt frå kvarandre.
   Som vanleg ønskjer vi god lesing. Ta kontakt med nokon i skriftnemnda om du skriv om noko som kan vera aktuelt for årsskriftet, eller om du har ein tanke om noko som det skulle ha vore skrive om. 
Lesja, 11. november 2006.
Tor Einbu


Innhald 2006
Registrering av rosemåling Av Odd Reidar Hole 5
Rosemålaren og fotografen Hans H. Joramo 1884 – 1940 Av Odd Reidar Hole 6
Kunstnaren Hans Gunnarson Jenstad 1768–1853, fødd på Flågåstad i Lesja Av Odd Reidar Hole 12
Ole Henriksen Enebo 1873–1952 Av Odd Reidar Hole 19
Gamle kort frå fjerne land Av Anne Marie Sønstebø 24
Eit hestebeksel ved Grynningen, fire båassjoesteinar ved Aursjøen Av Tor Einbu 26
Vassforsyning og mjølkelevering på Høgsetre Av Øyvind Nordli, Odd Stigen og Jacob Traasdahl 33
Mer om Jøråndstadslekta Av John S. Einbu 41
Om busettinga av den amerikanske prærien og nokre lesjingar i Nelson County i Nord-Dakota
Av Arnfinn Kjelland 48
Sivert Sivertsen fra Skrøyen Av Kjell F. Jacobsen 64
Arbeide på Aura i Tyskertida 1943–45Av Ivar Løkken 65
Knott Av Åsmund Einbu 70
Lora Tjære AS Av Odd Reidar Hole 71
Taksteinstøypemaskina på Lesja Av Magne Einbu 81
Tannrøkt i Lesja og Dovre 1957–1958 Av Sigurd Wedum 83
Rånå skule Av Liulv Lotten 87
Hanna Flittie, ei kvinne føre si tid Av Ove Nørstegård 96
Klede, veving og utstyr Ved Gudrun Kullungstad 99
Et skjebnesvangert skihopp Av Torbjørn Torstad 101
Krossturu-slarken Av Odd Reidar Hole 103
Rim og regler på ølboller, grautspann og embararSamla av Odd Reidar Hole 105
Lesja bygdatun 2006 – en begivenhetsrik sommerAv John Olsen 109
Aktivitetar i Lesja historielag, folk i styret m.m.Medarbeidarar 114
Årsmelding for Lesja historielag 2005 117
Tilbod på årsskrift for Lesja historielag 120


Årsskrift for Lesja historielag 
Forord 2007
Brev er ei viktig historisk kjelde, tre av artiklane i årsskriftet byggjer på brevsamlingar som er teke vare på. 
   Den første byggjer på brev heim, frå ein student i Oslo. Den andre byggjer på brev frå fleire personar til ein nær slektning i Amerika. Den tredje artikkelen byggjer delvis på brev som ei mor skreiv til sine «-kjære børn». Alle artiklane gjev eit godt bilde på korleis brevskrivarane opplevde kvardagen og livet og døden.
   Ei handfull artiklar i årsskriftet handlar om utnytting av ressursar i fjellet: Feleger, beiting, setring, ein tur. To artiklar handlar om namn i fjellet. Og dette er viktig: Stadnamn kan bli gløymt eller endra etterkvart som gamle namnebrukarar fell ifrå. Fjellet blir dessutan brukt på ein annan måte nå enn tidlegare. Ingenting kan likevel vera statisk og uendra, men det er viktig å få registrert gamle namneformer. Skilting ved vegar, stigar og råk er noko som mange driv med, dette vitnar om ei stor interesse for å ta vare på namn i utmark og fjell, og er eit viktig arbeid som mange i grendelag og frivillige arbeider med. Vi vil gjerne her gje eit signal om at historielaget gjerne kan vera rådgjevar i slik arbeid. Det gjeld å få «-rette namna med riktig skrivemåte på rett plass», som det står i årsmelding til laget. «Stadnamn er ingen endeleg vitskap, og fasiten er ikkje gjeve» skriv ein forfattar i årsskriftet. Eit skilt «-varer ikkje evig, veit du», men uheldige namneformer kan feste seg.
   Ein serie artiklar tek for seg folk og hende i området frå Lesja kyrkje og nokre kilometer nordover. Ein handelsstad og ein kvilestein på Lesjaskog er det artiklar om, og ein atikkel om dei frå Skogen som låg ute under krigen med svenskane 1807-1814. Til Nord-Norge har lesjingar reist i fleire omgangar. Ein artikkel fortel om folk frå Lesjaverk som reiste på 1920-talet, til eit liv i slit, men òg i glede. Rydding av ei lykkje er det skrive om, skihopping og fotball nærare vår tid er omtala i to artiklar. 
   Som vanleg ønskjer vi god lesing. Ta kontakt med nokon i skriftnemnda om du skriv om noko som kan vera aktuelt for årsskriftet, eller om du har ein tanke om noko som det skulle ha vore skrive om. I årsmeldinga blir det etterlyst meir stoff om «-kvinner i samfunnet, i yrk og helg».
   Til slutt ein takk til alle som har hjelpt til med å få dette årsskriftet istand.

Lesja, 20. oktober 2007.
Tor Einbu

Innhald 2007
Stjernene kom for nære Av Egil Ulateig 5
Amerika-brev sendt til Lars Jøraandstad fra slektninger på Lesja Av John S. Einbu 18
Litt om Grisungen eller Grisungan, og eit bortkome namn på Storvatnet Av Terje Larsen 27
Butikk på «Ødegaarden på Lesjeskogen» Av Ingunn Sæther 30
Kvilarsteinen i Lisser Av Sigrunn Mølmshaug 34
Utnytting av fjellbeite til storfe og hest frå vestre delen av Lesja Av Ove Nørstegård 36
Om feleger og gjeting av bufe i Lesja austfjell Av Ola Jo Botheim 45
Om Kupulbua Av Ola Jo Botheim 52
Hesteleiting Av Hans Skotte 54
En fjelltur i august Av Marit Bøe. 56
Seterreis Av Hjørdis Berget 59
Odd Reidar Hole:Om’n` Pær kremar 61
Postopneriet på Henningstad i Lesja 1878–1909 67
Rimsmeden Jesprikt Kveen frå Kollstad-Kvee` 69
Om ho Åse Plassen i Grindstugun 1873 – 1961 73
Målaren Peder Olsen Leren af Lesø 1800–1865 76
Kunstmålaren Karl Løkke 1870–1943 frå Lesja 77
Minnesteinen ved Lesjaskog kyrkje over skogingane som var ute og kjempa mot svenskane i ufredsåra 1807 – 1814
Av Edvard O. Enstad 84
Langs gamle råk i Heimfjellet og Ynsjbotten Av Kai Ove Riise 88
Bureisere i Fiplingdalen. Av Eline Myrstad 99
Heggeruste eller Tordhollykkjelykkja Av Håkon Oddbjørn Tordhol 105
Litt om skibakkar i Lesja Av Arne G. Bøe 108
Fotballtrening på Lesja stasjon Av Erling Hokstad 111
Innskrift på interiør, veggtavler, dørtavler, sengerTor Einbu 112
Olsokfeiringa 2007 Av Inger-Johanne Torstad 115
Lesja bygdatun 2007 – regn og stort besøk Av John Olsen 116
Medarbeidarar 122
Årsmelding 2006 Lesja historielag 124
Referat frå årsmøtet 2007 127
Tilbod på årsskrift for Lesja historielag 128

Årsskrift for Lesja historielag 
Forord 2008
I år fyller Lesja Bygdetun 50 år. Dette blir markert med ein jubileumsartikkel i årsskriftet. I 1958 vart Lesja heimbygdslag stifta, dette vart starten for ny interesse for historia i Lesja. Samfunnsendringane gjekk fort, og ein såg faren for at det gamle kunne gå tapt i denne moderniseringsprosessen. Endringane let seg likevel ikkje heilt stoppe, nå heiter det Lesja bygdemuseum, med anlegg på Lesja og Lesjaskog, og frå nyttår blir museet del av ei større eining.Norddalsarkivet tek vare på originalmateriale: Dokument, protokollar, dagbøker, bilde m.v. frå personar og verksemder. Her kan den som vil få tilgang til det meste av dette, og sjå enkeltbitar av historia. Om ein greier å tolke desse bitane inn i ein større samanheng, kan ein få eit gløtt inn i fortida. Ein artikkel om arkivet står i årsskriftet.Årsskriftet er eit resutat av den same tankegangen: Ta vare på det gamle før det blir borte. Minne om verksemder, personar, eller ein bekk. Eller kva som har skjedd langs ei elv eller ei å. Her er artiklar som seier noko om korleis det kan ha vore, korleis det var, eller korleis eg opplevde at det var. Ved Lorkverna er det i sommar bygd eit jernblester. Å blåse jern av myrmalm var ei stor verksemd i tidlegare tider. Minne om dette finst både i terrenget og som stadnamn, men det er funne svært få gamle blester i Lesja. Vi har derfor tru på at fornya interesse for denne verksemda skal føre til at fleire slike blir funne. Litt om kva ein skal sjå etter finst i ein artikkel i årsskriftet.Skriftnemnda vil takke alle som har hjelpt til med å få istand dette årsskriftet. Eit stort arbeid er som vanleg lagt ned av mange. Vi ønskjer god lesing, og oppmodar folk om å koma med nye bidrag til årsskrifta framover.

Otta, 9. november 2008.
Tor Einbu

Innhald 2008
Myrmalm og blestring i Lesja Av Tor Einbu 5
Filefjell anno år 1000 Av Espen Finstad 23
Kunstnaren og målaren Per R. Einbu Av Odd Reidar Hole 25
Målarmeister Per Olsen Aurtande Av Odd Reidar Hole 29
Kunstnaren og målaren Einar Hole Av Odd Reidar Hole 33
Samiske spor ved Dovrefjell Av Hanni Mosenden 36
Slåttearbeid på Lesja Av Ole Arne Aas 44
Etterord om «Slåttearbeid på Lesja.» Av Håkon O. Tordhol 45
Bøker på husmannens bord Av Jogrim Nordsletten 48
Nestandsaga Av Helge K. Hole 49
Bruk av vasskraft til kverner og sagbruk, del II Av Odd Reidar Hole 52
Is-kverna ved Lorfossen Av Audun Høgbrenna 68
Konfeksjon og klede i Lesja Av Ola Utgaard 70
Jon Klukkstad Av Erling Hokstad 74
Nils Holt Av Erling Hokstad 75
Vakkerdalsbekken Av Erling Hokstad 78
Minne frå barndommen Av Odd Holsbrekken 79
Eit minne Av Arne G. Bøe 80
Slitsom skolevei Av Yngvar Mølmen 81
Min barndoms jul Av Liulv Lotten 83
Opptegnelser av Ole Olsen Mølmen Av John S. Einbu 89
Dialektnamn på dyr, fuglar, fisk, insekt og makk Av Magnhild Enger Lia 98
 Norddalsarkivet Av Ola Tovmo 100
Olsokfeiring på Lesja Bygdatun 2008 Av Bengt Flagestad 105
Stor aktivitet og nye utstillingar – Lesja bygdemuseum i 2008 Av John Olsen 106
Lesja bygdemuseum 50 år Av John Olsen 110
Aktivitetar i Lesja historielag, folk i styret m.mMedarbeidarar 122
Årsmelding for Lesja historielag 2007 124
Tilbod på årsskrift for Lesja historielag 128

Tilbod på gamle årgangar, Årsskrift for Lesja historielag

Tilbod på årsskrift for Lesja historielag Tala i parentes gjeld den opphavlege prisen.
1983. 88 s., hefta, 18 bilete, kr 20,– (40,–).
1984. 78 s., hefta, 23 bilete, kr 20,– (40,–).
1985. 103 s., hefta, 26 bilete, kr 20,– (40,–).
1986. 80 s., hefta, 31 bilete, kr 20,– (40,–).
1987. 80 s., hefta, 25 bilete, kr 20,– (40,–). 
Det vart ikkje gjeve ut årsskrift i 1988.
1989. 128 s., innb., 46 bilete, kr 40,– (60,–).
1990. 128 s., innb., 46 bilete, kr 60,– (90,–).
1991. 128 s., innb., 47 bilete, kr100,– (100,–).
1992. 144 s., innb., 39 bilete, kr100,– (100,–).
1993. 128 s., innb., 47 bilete, kr100,– (110,–).
1994. 128 s., innb., 40 bilete, kr100,– (125,–).
1995. 128 s., innb., 40 bilete, kr100,– (125,–).
1996. 128 s., innb., 40 bilete, kr100,– (125,–).
1997. 128 s., innb., 45 bilete, kr100,– (125,–).
1998. 128 s., innb., 43 bilete, kr100,– (125,–).
1999. 128 s., innb., 52 bilete, kr100,– (125,–).
2000. 128 s., innb., 42 bilete, kr100,– (125,–).
2001. 128 s., innb., 50 bilete, kr100,– (125,–)
2002. 128 s., innb., 49 bilete, kr100,– (150,–).
2003. 128 s., innb., 57 bilete, kr100,– (150,–).
2004. 128 s., innb., 58 bilete, kr100,– (150,–).
2005. 128 s., innb., 55 bilete, kr100,– (170,–).
2006. 120 s., innb., 55 bilete, kr100,– (170,–).
Gamle hus i Lesja, 155 s, hefta, kr 30,–.
Setrane i Lesja, Arnfinn Kjelland og Per R. Einbu 1988 kr 200,–.
Tilbod på årgangane 1983–1987 samla: kr 100,–. 
Tilbod på årgangane 1989–2005 samla: kr1300,–. 
Ved tinging og forskottsbetaling til: Lesja historielag, v/Sigmund Kolstad, 2667 Lesjaverk. 
Tlf. 61 24 30 33. Postgirokonto 0809 5354808.Bankgirokonto 2081 07 16216. Porto kjem i tillegg..

Tinging, sjå framafor.