Dette dokumentet er ikkje særskilt lagt til rette for Snøhetta forlag sine www-sider, berre direkte konvertert til html frå MS-Word. M.a. er lenkene i innhaldslista nedafor berre markert med *. Kapittelnummerering, innrykk etc. er ikkje systematisk oppretta. Bruk "Back"-knappen i nettlesaren for å bla bakover.

Totalkalkyla for prosjektet (konvertert frå MS-Excel) finn du her.

"Sula-soga" (arb. tittel)

Bygdebok for Sula

Busetnadssoga

Forprosjektrapport

Av Arnfinn Kjelland

Høgskulen i Volda/Snøhetta forlag a.s

6.1.1999

Innhald

1 Innleiing*

1.1 Starten på prosjektet – bakgrunnen *

1.2 Definisjon av "busetnadssoge" *

1.3 Utgangspunktet: Borgund og Giske (B&G) bind 3 og Ulstein og Hareid bind VI (U&H) *

1.4 Framdrifta i forprosjektarbeidet *

1.5 Framdrift hovudprosjektet *

1.6 Samandrag *

2 Litt generelt om prosjektorganisering av bygdebokarbeid *

2.1 Samanlikning med andre investeringsprosjekt *

2.2 Praktisk opplegg: underprosjekt, månadleg rapportering m/timelister, framdriftsplan *

2.3 Reservepost *

2.4 Renteutgifter *

2.5 Bygdeboknemnd og grendekontaktar *

2.6 Kvalifikasjonsnivå og timekostnader, prosjektmedarbeidarar *

3 Delprosjekt 1: Prosjektleiing, opphavsrett og kvalitetssikring *

3.1 Generelt *

3.2 Opphavs- og råderett, B&G og U&H *

3.3 Underprosjekt under delprosjekt 1: *

4 Delprosjekt 2: Ættesoga fram til ca 1940 *

4.1 Generelt om familie-rekonstruksjon – "problemet" Borgund *

4.2 Plassering på bustad, hovuddelen (frå B&G) *

4.3 Grunnlagsarbeid – dataregistrering av kyrkjebøkene for Borgund *

4.4 Eit anna hjelpemiddel – brukarrekkjene slik dei står i B&G *

4.5 Krysstilvisingssystem *

4.6 Tilrettelegging andre kjelder – scanning av B&G og U&H *

4.7 Arbeidsmetode, "familierekonstruksjon" i B&G-området *

4.8 Kontroll/supplering: er alle som har budd på Sula er nemnt i B&G og U&H? *

4.9 Underprosjekt under delprosjekt 2: *

5 Delprosjekt 3: Ættesoga etter 1940 *

5.1 Generelt – utsending og innsamling av spørjeskjema, grendekontaktar, innskriving *

5.2 Dugnad – grendekontaktar *

5.3 Innskrivingsarbeidet *

5.4 Underprosjekt under delprosjekt 3: *

6 Delprosjekt 4: Revisjon av gardssogene, samanskriving endeleg manus *

6.1 Generelt *

6.2 Ei "minimumsløysing": behalde gardssogene, ta ut grendesogene *

6.3 Underprosjekt under delprosjekt 4: *

7 Delprosjekt 5: Illustrasjonar: kart, bilete m.m. *

7.1 Generelt *

7.2 Kulturhistoriske kart *

7.3 Bilete *

7.4 Underprosjekt under delprosjekt 5: *

8 Delprosjekt 6: Bokproduksjonen *

9 Delprosjekt 7: Inntektene (boksalet) *

9.1 Brutto salsinntekter *

9.2 Opplag *

9.3 Kostnader ved salet (marknadsføring, distribusjon) *

Vedlegg: *

  1.  
  2. Innleiing

    1. Starten på prosjektet – bakgrunnen
    2. I høve til underskrivne, starta prosjektet i februar 1996 med ein førespurnad frå Sula kommune via Jarle Sulebust (da kollega ved Historiske institutt, Høgskulen i Volda, no regionkonservator ved Sunnmøre museum). Det første møtet vart halde 12. februar 1996. Her vart det m. a. drøfta forskjellige modellar for eit bygdebokverk for Sula (busetnadssoge i høve til allmennsoge o.l.)

      Deretter vart det nedsett ei gruppe for å føre arbeidet vidare. På vegner av denne gruppa fekk underskrivne førespurnad dat. 17.7.1996 om å utgreie kva arbeid som trengs for – med utgangspunkt i Ragnar Øvrelid: "Borgund og Giske" (nedafor: B&G) bind 3 og Ingvar Bjåstad og Asbjørn Waage: "Bygdebok for Ulstein og Hareid band VI" (nedafor: U&H) – å lage ei fullverdig, komplett busetnadssoge for noverande Sula kommune.

      Forprosjekt-arbeidet kom i gang våren 1997.

    3. Definisjon av "busetnadssoge"
    4. Dette er altså den eine delen (sjangeren) av det ein normalt reknar som eit komplett bygdebokverk – som oftast nemnt som "gards- og ættesoge" (den andre er altså skriving av allmenn, eller generell, kultur- eller samfunnshistorie, gjerne frå dei eldste tider til i dag). Den vanlege nemninga, gards- og ættesoge, er eigentleg misvisande, for det grunnleggjande prinsippet i slik skriving i dag er at alle menneske i det omskrivne lokalsamfunnet skal nemnast, utan omsyn til sosial stand, stilling eller tilknyting til det gamle gardssamfunnet (t.d. innflyttarar i bustadfelt), innanfor visse avgrensingar.

      Med dette prinsippet aukar volumet av slike bygdebokverk betydeleg, særleg i lokalsamfunn som Sula, pga. bustadbygginga og tettstadsframveksten dei siste par generasjonane. Det er grunnen til at m.a. Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) rår til ei anna nemning, busetnadssoge o.l., for å unngå at verket blir assosiert berre med ein mindre del av bygda og folket.

      Det er forsøkt fleire variantar av den gamle gards- og ættesogemodellen, men det syner seg likevel at dei aller fleste vel ein modell som i utgangspunktet er nokså lik den som vart utvikla av Andreas Holmsen i arbeidet med Eidsvoll like etter 2. verdskrig. Forskjellen no er altså at all busetnaden blir teke med, også nyare bustadhus, men altså utan at nemninga er endra. Også andre kommuner på Sunnmøre med betydeleg tettstadsdanning (Ørsta, Volda), har slike verk under utgjeving eller førebuing, enten frå nytt eller som ajourføring av eldre bøker.

      Prinsippet er altså at alle som bur eller har budd i bygda skal nemnast i bøkene. Det må rett nok gjerast visse avgrensingar, men dei kan ikkje vere sosiale (at ein t.d. ikkje nemner husmenn, s.k. "uekte" barn o.l.). Døme på akseptable avgrensingar kan vere at personar som budde i bygda i mindre enn 2 år, og ikkje var gift med noko frå bygda, ikkje skal nemnast, o.l.

    5. Utgangspunktet: Borgund og Giske (B&G) bind 3 og Ulstein og Hareid bind VI (U&H)
    6. Gjennom det gamle B&G-prosjektet har Sula kommune utvilsomt eit godt grunnlag å bygge ei moderne busetnadssoge på, for den langt største delen av bygda. Så langt eg kan vurdere har forfattaren av det verket, Ragnar Øvrelid, gjort eit handverksmessig solid arbeid innafor dei avgrensingar datidas teknologi og ressursar gjorde mogeleg. Det er i dag spesielt vanskeleg å tenkje seg arbeidsforholda for ein ættesogeskrivar i tida før datamaskin og tekstbehandlingssystem var tilgjengeleg.

      Problemet med B&G i busetnadssoge-samanhang er sjølvsagt at verket ikkje har ættesoge i tradisjonell forstand. Men det har ei nokså grundig brukarsoge, så langt eg kan bedømme, og den er òg til stor hjelp i arbeidet med å utvide innhaldet til ordinær ættesoge.

      Gardane på Søre Sula har fått si busetnadssoge i U&H. Ho følgjer langt på veg same disposisjon som B&G; først ei generell innleiing, deretter eit avsnitt om gardsdrifta (buskap, åkerareal etc.), så om "matrikkelgarden" (skylda på garden), eigarane i tida før brukarane kjøpte til sjølveige, og deretter avsnitt om brukarane på dei einskilde bruka.

      Til forskjell frå B&G har så U&H altså tilnærma fullstendig ættesoge, men ho er ikkje ført lenger fram enn til først 1930-åra.

    7. Framdrifta i forprosjektarbeidet
    8. har vore litt variabel, først og fremst pga. at eg som prosjektleiar har vore opptatt med andre prosjekt og ordinært undervisningsarbeid ved Høgskulen i Volda (der eg er førsteamanuensis i eldre historie). På grunn av eit uventa dødsfall hausten 1996 vart eg m.a. trekt inn i eit anna bygdebokprosjekt (Lom kommune i Nord-Gudbrandsdalen). Dette har likevel hatt den fordelen at eg i perioden både har fullført siste bandet i bygdeboka for Lesja, gjort liknande forprosjektarbeid for kommunane Lom og Dovre, og altså igangsett prosjektet for Lom som prosjektleiar. Gjennom dette arbeidet har eg vunne erfaringar som i høg grad har kome Sula-prosjektet til gode.

      Dessutan vart det etter kvart klart at for å få eit betre grunnlag for å vurdere dei forskjellige arbeidsoperasjonane, var det naudsynt å gjere ein del dataregistrering av den viktigaste einskildkjelda som skal nyttast i det vidare arbeidet, kyrkjebøkene for Borgund. Dette arbeidet har i hovudsak skjedd i 1998, som eit tillegg til det opphavlege forprosjektet.

    9. Framdrift hovudprosjektet
    10. Det er førebels ikkje sett opp noko forslag til detaljert framdriftsplan for sjølve hovudprosjektet. Det er likevel mogeleg, dersom politiske vedtak kan bli fatta i løpet av 1. halvår 1999, å starte hovudprosjektet pr 1.1.2000, og ha bind 1 av bygdeboka klart for sal innan utgangen av 2002 – noko som kan passe med 25-årsjubileet for kommunen.

    11. Samandrag

    Eg foreslår altså prosjektet neddelt i 7 delprosjekt:

    Delprosjekt 1: Prosjektleiing, opphavsrett og kvalitetssikring

    Delprosjekt 2: Ættesoga fram til ca 1940

    Delprosjekt 3: Ættesoga etter 1940

    Delprosjekt 4: Revisjon av gardssogene, samanskriving av endeleg manus

    Delprosjekt 5: Illustrasjonar: kart, bilete m.m.

    Delprosjekt 6: Bokproduksjonen

    Delprosjekt 7: Inntektene (boksalet)

    Gjennom desse delprosjekta meiner eg alle aspekt ved prosjektet, frå oppstart til fullføring, skal vere berørt, meir eller mindre detaljert. Ein del spørsmål er det ikkje råd å svare endeleg på, og ein del arbeidsoppgåver er ikkje råd å kalkulere i detalj, før hovudprosjektet er igangsett. Vurderingane av arbeidsoppgåver og -mengder er gjort etter beste skjøn etter den tilstand arkivmaterialet og dei dataregistrerte kjeldene er i dag. Eg har forsøkt å konsentrere meg om dei "tunge" delprosjekta, særleg 2, og til dels 3, som dreg med dei tyngste "investeringane".

  3. Litt generelt om prosjektorganisering av bygdebokarbeid
    1. Samanlikning med andre investeringsprosjekt
    2. Bygdebokprosjekt må i dag reknast som "tunge" kommunale investeringsprosjekt, med budsjett som som regel kjem opp i millionbeløp, gjerne fleire millionar. I høve til andre større prosjekt ein kommune er engasjert i, som bygging av skular, idrettsanlegg etc., har likevel eit bygdebokprosjekt visse særtrekk som gjer at planleggings- og gjennomføringsfasen blir noko annleis.

      Andre typar anlegg krev først visse faste investeringar (infrastruktur, bygningar etc.), som kan kalkulerast rimeleg nøyaktig. Deretter fører dei med seg visse faste driftskostnader: vedlikehald, oppvarming, evt. betjening osv., til anlegget ein gong er nedskrive og kanskje utslitt og må rivast.

      Med eit bygdebokprosjekt blir det på ein måte omvent: utgjevar (kommunen) må først ta det ein vanlegvis reknar som "driftsutgifter" – dvs. løn til medarbeidarar som samlar stoff, skriv etc. Deretter kjem den kostnaden ein tradisjonelt vil rekne som "investering" –trykking og innbinding av bøkene, før ei fase ein vanlegvis ikkje får i andre prosjekt: ei marknadsførings- og salsfase, som skal gje inntekter som skal dekkje ein større eller mindre del av dei "drifts-" og "investeringskostnadene" som er påløpt inntil ferdiggjeringa. Etter 2–3 år er så stordelen av inntektene kome inn, og prosjektet avslutta for kommunen sin del. Så kan innbyggjarane (forhåpentlegvis) glede seg over resultatet i fleire tiår framover, heilt kostnadsfritt for kommunen…

      Trykkekostnadene er det rimeleg enkelt å halde oversikt over. Inntektene let seg òg kalkulere, etter som slike bøker som det Sula no planlegg å gje ut, er rimeleg enkle å selje. Det kan likevel løne seg å legge ein del omtanke i nettopp denne delen, jfr. delprosjekt 7 nedafor.

      Problemet er alltid stoffinnsamlings- og skrivefasen. Det er denne som er vanskeleg å planlegge/kalkulere, fordi det er individuelle arbeidsoperasjonar som skal gjerast, og éin operasjon er ofte avhengig av at ein annan er fullført før oppstart. Individuelle ferdigheiter hos assistent/forfattar/redaktør har òg svært mykje å seie. Eir arbeid som éin person kan gjere på 6 månader, må ein annan kanskje bruke 8 månader på, og det utan å seie at den andre er mindre dugeleg enn den første.

      Dei tidsvurderingane som er gjeve att nedafor, er derfor bygd på mine erfaringar gjennom 15 års arbeid med 3 band av "Bygdebok for Lesja" (dels frå "før-data"-alderen), samt erfaringar frå eitt års omfattande arbeid med fullføringa av "Bygdebok for Lom", gjort av Snøhetta forlag a.s. Forslaga til organisering av arbeidet og gjennomføring av dei einskilde delprosjekta er likevel forsøkt formulert så generelt at dei bør vera nyttige utan omsyn til kven som konkret skal utføre dei einskilde arbeidsoperasjonane. Dersom andre enn Snøhetta forlag a.s skal ha ansvaret for heile eller delar av prosjektet, treng det ikkje ha meir omfattande konsekvensar enn tilpassing av timetals-forbruket på dei einskilde del- og underprosjekta.

    3. Praktisk opplegg: underprosjekt, månadleg rapportering m/timelister, framdriftsplan
    4. Av praktiske grunnar har eg funne det naturleg å foreslå å dele prosjektet "Bygdebok for Sula. Busetnadssoga" i 7 delprosjekt. Innafor kvart delprosjekt (bortsett frå delprosjekt 6 om sjølve bokproduksjonen) foreslår eg så visse underprosjekt. Eg tilrår også at det blir skrive timar nokså systematisk, og at desse blir ført under det aktuelle underprosjektet det høyrer heime. Timelistene bør framsendast utgjevar månadleg saman med rapport og ajourført framdriftsplan.

      Eg rår altså til at det blir utarbeidd ein detaljert framdriftsplan for heile prosjektet, der dei einskilde underprosjekta blir tilpassa fagleg innafor arbeidsprosessen (det som må gjerast før noko anna blir utført først osv.) og sjølvsagt ressursrammene. Det bør så etablerast rutinar for timelisteskriving og rapportering, helst månadleg. Framdriftsplanen bør utarbeidast på grunnlag av ei totalt ressurs-ramme, og den fortløpande rapporteringa bør kontrollerast mot framdriftsplanen kvar månad. Viss det oppstår forhold som kan skiple framdrifta eller sprenge ressurs-ramma, bør det rapporterast så snart det blir oppdaga.

    5. Reservepost
    6. Prosjektet bør ha ein reservepost. Det er ikkje til å unngå at det kan oppstå problem under arbeidet med einskilde delprosjekt, som gjer at den timetalsramma som er sett opp nedafor ikkje held. Ein av årsakane til det er at det ikkje er råd å "prøve-arbeide" viktige delprosjekt utan at andre er fullført. Dette gjeld særskilt delprosjekt 2d, rekonstruere familiane, pga. at delprosjekta 2a-c må gjerast ferdige først. Når desse er klare og ein kan starte på 2d, vil ein etter ei tid kunne lage prognosar, t.d. bygd på kor mange brukarfamiliar ein klarer å sette opp pr time.

      Også delprosjekt 3 er vanskeleg å kalkulere. Timekalkylen bygger på vurdering av eit liknande arbeid i Lom, men det kan fort syne seg at slik skjemainnsamling fungerer annleis i ein kommune som Sula. Heller ikkje slikt som delprosjekt 1e er råd å kalkulere på førehand.

      Reserveposten kan òg styrkast, dersom eitt eller fleire av delprosjekta let seg gjennomføre med mindre ressursforbruk enn planlagt. Attståande på posten går sjølvsagt inn på inntektssida i prosjektet etter arbeidet er avslutta.

      I samråd med bygdebokgruppa blir reserveposten sett til 10 % av kostnadsramma utanom trykkekostnadene.

    7. Renteutgifter
    8. Som det framgår av totalkalkylen, kan prosjektet bli sjølvfinansierande under føresetnad av at kvaliteten på sluttproduktet (bøkene) blir så god at innbyggjarane i Sula kommune finn å ville betale ein høg nok pris for eit tilstrekkjeleg antal bøker. Men kommunen må i alle fall forskuttere eit betydeleg beløp innan prosjektet gjev inntekter. Etter som det førebels ikkje har nokon hensikt å setje opp ein detaljert framdriftsplan, og rentenivået dei næraste åra er nokså usikkert, let det seg ikkje gjere å detaljberekne desse renteutgiftene på det noverande tidspunkt.

    9. Bygdeboknemnd og grendekontaktar
    10. Det må sjølvsagt oppnemnast ei bygdeboknemnd, som bør ha personar både med historiefagleg og økonomisk-administrativ kompetanse. Nemnda bør ha møte med prosjektleiinga og -medarbeidarane i alle fall kvart kvartal, for å gå igjennom og godkjenne rapportane, godkjenne justeringar av framdriftsplanen, drøfte faglege spørsmål o.l.

      Særleg delprosjekt 3, ættesoga etter 1940, krev betydeleg friviljug innsats. Slik arbeid kan i praksis neppe organiserast på annan måte enn gjennom eit nokså finmaska nett av lokalkjende grendekontaktar. Desse vil få ansvaret ikkje berre for å samle inn dei skjema som må sendast ut til alle husstandar, men (viktigast): sjå til at dei blir så fullstendig utfylde som råd er. Dei må altså vere budd på å hjelpe folket i sin rote med utfyllinga.

    11. Kvalifikasjonsnivå og timekostnader, prosjektmedarbeidarar

    I vedlagte totalkalkyle er det teke utgangspunkt i at dei delane av arbeidet som etter mitt skjøn krev kvalifisert arbeidskraft blir gjort på timebasis, til timebetaling noko under det m.a. Møreforsking opererer med. Ein del arbeidsoppgåver kan gjerast av mindre kvalifisert arbeidskraft, til tilsvarande lågare timekostnad. Dei timeprisane som er gjeve att i kalkyla er dei som Snøhetta forlag a.s vil ta utgangspunkt i, dersom vi skal gjere arbeidet.

    Ved andre organisasjonsformer, lokalt i Sula kommune eller på annan måte, må timesatsane sjølvsagt tilpassast. Dei arbeidsmengdene som er stipulerte for dei einskilde arbeidsoppgåvene her, bør likevel kunne danne utgangspunkt for det vidare arbeidet.

  4. Delprosjekt 1: Prosjektleiing, opphavsrett og kvalitetssikring
    1. Generelt
    2. Ansvarleg utgjevar bør ikkje undervurdere behovet for prosjektleiing både i planleggings- og gjennomføringsfasen av eit bygdebokprosjekt. Det same gjeld kvalitetssikring – eit moderne omgrep som ikkje har vore spesielt mykje nytta innanfor lokalhistorisk forsking og bygdebokskriving. Det er likevel eit faktum at slike prosjekt ofte blir store – i dei aller fleste tilfella med rammer på fleire årsverk og opp til fleire mill. kr brutto utgifter. Det finst dessverre alt for mange døme på at kommunar som ansvarlege bygdebokutgjevarar ikkje legg nok vekt på leiings- og kvalitetssikringsdelen av slike prosjekt, med personalkriser, ekstraløyvingar og utsetjingar som resultat. I dei verste døma stoppar prosjekt heilt opp, eller utgjevne bøker må trekkjast inn att, bearbeidast og trykkjast på nytt.

      I dei delane av dette prosjektet som krev kvalifisert arbeidskraft, har vi sett ein timepris for prosjektleiar – som bør vere ein kvalifisert forskar – på kr 450, og for medarbeidarane – som òg bør ha real-kvalifikasjonar minst tilsvarande vitskapleg assistent – på kr 350.

      Ein god del arbeid kan òg gjerast av lågare kvalifisert arbeidskraft (dvs. på cand. mag.-nivå og lågare; personlege eigenskapar er viktigare enn utdanningsnivå), som t.d. dataregistrering av kyrkjebøkene (delprosjekt 2a–b, og 3b) og innskriving av skjemaopplysningane. Medarbeidarar som gjer desse oppgåvene må da ha tilgang på kvalifisert rettleiing, og arbeidet bør kontrollerast, for å unngåat dei etablerer rutiner som ikkje gjev tilfredsstillande resultat. Brutto timekostnader for slikt personale ligg nok på kr 200,- pr time.

      Ein må merke seg at det her er snakk om effektive arbeidstimar, der matpause etc. ikkje er med. Normalt kan ein aldri rekne meir enn 6 slike effektive timar pr ordinær arbeidsdag.

    3. Opphavs- og råderett, B&G og U&H
    4. er spørsmål eg ikkje har funne grunn til å forsøke å avklare i detalj innafor forprosjektet. Her må ein skilje mellom opphavsretten etter åndsverklova, som forfattarane har, og råderett over den trykte teksten, som utgjevarane har.

      Når det gjeld B&G-delen, har truleg Sula kommune råderett på line med dei andre kommunane som i si tid oppnemnde bygdeboknemnda og finansierte verket(?). Som forfattar har Ragnar Øvrelid opphavsretten til sjølve teksten, og han må i alle fall bli informert om at den blir brukt opp att i eit evt. nytt verk.

      Båe forfattarane av U&H-delen er døde, så der må arvingane få slik informasjon, medan det er sikkert er Ulstein og Hareid kommunar som har råderetten, og som evt. må gje løyve til oppatt-trykking.

      Slik bruk eg her har skissert (altså at teksten frå B&G og U&H blir teke inn utan nemnande endringar), kan opphavsrettshavarane truleg ikkje nekte. Det er berre dersom det blir gjort større endringar i ei opphavsrettsleg beskytta tekst at dei opphavlege forfattarane kan nekte nyutgjeving, så langt eg har forstått åndsverk-lova.

      Evt. kostnader for å få ordna desse rettane bør kunne takast over reserveposten.

    5. Underprosjekt under delprosjekt 1:

    Delprosjekt 1a: Kostnader knytt til prosjektleiar: utarbeiding av detaljert framdriftsplan for heile prosjektet og kontinuerleg oppfølging/revidering av denne i samarbeid med utgjevar; møteverksemd, rettleiings- og kontrollarbeid i høve til alle medarbeidarar, og rapportering. Ut frå erfaringane med "Bygdebok for Lom" set vi dette delprosjektet til 600 timar over ein 3-års periode.

    Delprosjekt 1b: Kostnader for møtedeltaking (kvartalsmøte) dei einskilde prosjektmedarbeidarane, som ikkje kan/bør førast på andre delprosjekt, 300 timar over 3 år.

    Delprosjekt 1c: Bygdeboknemnd m. sekretær, med totalansvar for gjennomføringa. Møte- og køyregodtgjering, evt. sekretærhjelp. Heng saman med kommunale reglar; vårt forslag kr 30.000 (for heile tida prosjektet er i gang).

    Delprosjekt 1d: Kvalitetssikring alle delprosjekta: kopiering/utlegging av komplett manus på biblioteket, kommunehuset etc. ei viss tid før trykking; utsending av det som er skrive om den einskilde husstand til vedkomande med frist til å gje merknader. Kostnad kr 20.000.

    Delprosjekt 1e: Korrigering av manuskriptet på grunnlag av innkomne merknader. For denne arbeidsoperasjonen har vi ikkje konkrete, samanliknbare erfaringar å bygge på. Vi foreslår derfor 150 timar.

    Delprosjekt 1f: Reservepost, disponert av bygdeboknemnda. 10 % av kostnader utanom renteutgifter og trykking, kr 300.000.

    Delprosjekt 1g: Rentekostander: forslag kr 200.000.

  5. Delprosjekt 2: Ættesoga fram til ca 1940
    1. Generelt om familie-rekonstruksjon – "problemet" Borgund
    2. Den vanlege metoden for å lage ei slik busetnadssoge frå nytt, er å gjere s.k. familierekonstruksjon (fagomgrepet "-konstitusjon", av fransk opphav, er gjerne nytta i litteraturen) for det området som skal behandlast. Det betyr at ein "rekonstruerer" alle familiane som har levd i området ved hjelp av fyrst og fremst kyrkjebøker og folketeljingar. For tida før kyrkjebøkene startar er manntal og skifteprotokollar dei viktigaste kjeldene (og da nyttar ein vanlegvis ikke omgrepet familierekonstruksjon).

      Grunnlaget for å få til slik familierekonstruksjon er at ein behandlar eit eintydig avgrensa område. I praksis for norske forhold betyr dette eit prestegjeld. Da kan ein granske alle innføringane i kyrkjebøkene og folketeljingane, fordi ein veit at alle som står i desse kjeldene i prinsippet har budd i bygda og skal med blant dei rekonstruerte familiane (og i busetningssoga).

      Når målet er ei slik busetningssoge for berre ein del av eit gammalt prestegjeld, som no med Sula som ein del av det store Borgund prestegjeld, kjem ein bort i betydelege problem i familierekonstruksjonsarbeidet. Ein vil sikkert finne mange tvilstilfelle i kjeldene; er ein person som står utan stadnamn knytt til seg, eller med eit namn som finst fleire stader, eigentleg frå Sula, eller frå ein annan stad i Borgund?

      For gardane på Søre Sula, som i eldre tid høyrde til Herøy og Hareid prestegjeld, er problemet mindre etter som ein har U&H å byggje på. I den bygdeboka er det så langt eg kan sjå av den trykte versjonen gjennomført eit alminneleg nøyaktig familia-rekonstruksjonarbeid.

    3. Plassering på bustad, hovuddelen (frå B&G)

Familierekonstruksjonsarbeidet fører fram til at kvar einskild familie som har budd i bygda blir sett opp, og slekts-relasjonane blir funne. Hadde målet vore ei rein ættebok, og området eit heilt prestegjeld, kunne dette for så vidt vore nok. Men første leddet i sjanger-nemninga, busetnads-, syner m.a. attende til at kvar familie skal plasserast på ein bustad, dvs. den bustaden der dei budde (samt at boka skal innehalde "historia" til dei einskilde busetnads-elementa), slik det er gjort i U&H. Når målet er busetnadssoge for berre ein del av eit prestegjeld, blir ein i alle fall nøydd til å identifisere kva bustad folk høyrde til på, for å avgjere om dei har budd i den delen som skal ha busetnadssoge, og dermed i det heile skal nemnast i bokverket.

Eit tilhøyrande problem i denne samanhengen er at flytting på ingen måte er eit moderne fenomen. Folk flytta mykje før i tida òg. Det fører til at flyttinga kan vere eit betydeleg problem i busetnadssogearbeidet.

Det vanlegaste måten er å føre opp alle familiar anten på den bustaden dei budde lengst, eller der dei budde sist, før familien "gjekk i oppløysing" – dvs. borna vart vaksne og flytta ut. I tillegg bør absolutt familien òg nemnast dei andre stadene den har budd, men da berre i kortforma t.d. slik: "Kari og Ola budde her truleg frå 1863 da tredje dottera vart døypt, til kring 1870 då dei flytta til ___, sjå der", eller "Kari og Ola kjøpte garden i 1845, og selde att i 1848 da dei flytta til ___, sjå der". Grunnen til dette er at brukarar av bøkene kan ha tilgang til kjeldemateriale (ei folketeljing, eit skøyte, ein husmannssetel o.l.) som fortel at ein familie har budd ein stad, eigd ein gard o.l. – og viss dei da ikkje finn familien nemnt på den staden i busetnadssoga, vil dei oppfatte boka som "dårleg", eller "mangelfull".

Eit anna tilhøve ein skal vere merksam på, er at det ofte budde meir enn ein familie på ein bustad; ein innerstfamilie, gifte, yngre søsken ei tid før dei fekk eigen heim o.l. Desse bør skrivast inn i alle fall i dei tilfellene der dei finst i lett tilgjengelege kjelder, som ei folketeljing.

Når det gjeld førings-måtane for familiar som har budd ei tid på ein gard i Sula, medan dei elles har budd andre stader i prestegjeldet (eller for den sak skyld kva som helst utanfor Sula), bør ein før arbeidet tek til bestemme reglar for korleis dei skal nemnast. Døme på slike reglar kan vere dei som er nytta i Lesja-bøkene:

Det kan elles her nemnast til siste punkt over, at Lom kommune i sitt bygdebokarbeid har sett perioden slike skal ha budd i bygda til 5 år.

I eldre tid kan det vere vanskeleg å avgjere kor lengje ein person/familie har budd i bygda; her bør det òg lagast reglar. I Lesja-bøkene nemnde eg alle eg fann knytt til ein busetnad i eldre tid, utan omsyn til opphaldstid (evt. i avsnittet "Ukjente/uplasserte" sist i gardssoga).

    1. Grunnlagsarbeid – dataregistrering av kyrkjebøkene for Borgund
    2. Etter å ha forsøkt å arbeide litt med eit par av dei austlegaste bruka på Sula (Kvassneset), er eg overtydd om at skal dette prosjektet kunne gjennomførast må ein dataregistrere kyrkjebøkene for heile Borgund prestegjeld så langt fram i tid som praktisk mogeleg. Utan slike dataregistrerte hjelpemiddel vil det vere tilnærma uråd å få til eit kvalitetsmessig tilfredsstillande sluttprodukt innafor overkommeleg tidsforbruk.

      Gjennom forprosjektet har vi no grovregistrert alle kyrkjebøkene fram til 1800. Til dette arbeidet er det så vidt eg kan sjå av timelistene gått med 746 timar. Eg har så grovkalkulert attståande arbeid (korrektur av 1698–1800 og perioden 1800–1940) til 2500 timar. Ein student er engasjert for å arbeide vidare i minimum 4 månadsverk i første halvår 1999. I det tidsromet vil han utføre maks ca. 570 timar, dvs. det vil stå att nærare 2000 timar.

    3. Eit anna hjelpemiddel – brukarrekkjene slik dei står i B&G
    4. No startar ein altså på ingen måte frå grunnen av med områda i det gamle Borgund prestegjeld. Gjennom B&G-bøkene har ein rimeleg godt oversyn over brukarane og ektefellene deira, også over kvar dei kom frå (her er det rett nok mogeleg å supplere ein god del, og også rette opp visse feil Øvrelid ikkje kunne unngå med dei manuelle arbeidsmåtane han var nøydd til å klare seg med).

      Eg er her litt i tvil om ein burde koste på seg å registrere alle brukar-para i heile Borgund (alle 3 banda), for på den måten enkelt å fange opp flytingar vi elles ikkje får med.

      Eg har gjort ei nokså grov kalkyle, og meiner det skal vere råd å registrere 40 brukarpar i timen. På gardane Kvassneset – Solavågseidet har eg grovtald 228 brukarar, fordelt på 37 sider; som gjev 6,2 brukarpar pr side. Viss ein reknar at gardssogedelane i alle tre banda av B&G er på 1550 sider, blir det nøyaktig 9550 brukarpar, som det skulle vere råd å registrere på 250 timar. Ein bør i alle fall registrere desse for sjølve Sula; dei står på 343 sider og det kan dreie seg om 2113 brukarpar, som det vil ta 53 timar å registrere.

      Eit slikt register vil vere svært nyttig spesielt når ein skal kontrollere flyttinga innafor prestegjeldet. Arbeidet kan gjerast av lågare kvalifisert arbeidskraft.

    5. Krysstilvisingssystem
    6. Største svakheit ved brukar-opplysningane i B&G er at det ikkje er noko godt, konsekvent system i krysstilvisingane, for innabygds fødte (i B&G gjeld dette stort sett ektefeller, sjå døme i pkt. 4.7 nedafor). Systemet er enkelt, på ein person står berre gardsnamnet som "slektsnamn", utan omsyn til om det kan ha vore mange bruk på den garden og vanskeleg å finne fram. Det ser ut til at dette gardsnamnet er henta frå vigselslistene i kyrkjebøkene, utan at det er "kopla" til foreldrepar i brukarlistene. Når så barna manglar i desse i B&G, blir det i stor grad gjetting viss ein skal finne kvar dei er frå. B&G er likevel til hjelp, for dei har fødeåret til slike ektefeller, og når ein så får kyrkjebøkene dataregistrert er det rimeleg lett å finne att faren/foreldra og dermed stadfeste kvar ein person kjem frå.

      Dei ferdig rekonstruerte familiane på Søre Sula (i U&H) må sjølvsagt òg knytast til krysstilvisingssystemet. Eit godt krysstilvisingssystem er elles ikkje berre til fordel for lesarane; det er òg eit uvurderleg hjelpemiddel for forfattar/redaktør, sjå neste punkt.

    7. Tilrettelegging andre kjelder – scanning av B&G og U&H
    8. Visse andre kjelder enn kyrkjebøkene bør gjennomgåast og tilretteleggjast (manntalet frå 1762 er alt nemnt). I praksis betyr det at ein samlar stoffet i form av kopiar o.l. i eit tradisjonelt arkiv, og lagar edb-baserte indeksar på gards-, slekts- og personnamn, slik at ein i rekonstruksjonsfasen lett kan kontrollere om personar/familier er nemnde i andre kjelder.

      Sjølv om evt. innsamlingsarbeid frå andre bygdebøker o.l. kan gjerast på dugnad, må indekseringa gjerast på fagleg forsvarleg måte. Omfanget er er vanskeleg å stipulere, men 100–150 timar trengs nok.

      Ein operasjon som lettar arbeidet med dei einskilde familiane betydeleg, er at ein har scanna inn og konvertert teksten frå B&G til tekstbehandlingsformat. Då "klipper" ein berre ut dei avsnitta som er merka "Brukarar", og redigerer dei om slik ein vil ha opplysningane. Jarle Sulebust har alt scanna ein del av dei sidene i B&G som gjeld Sula, og har bydd seg til å gjere resten, inkl. teksten i U&H, utan kostnad. Det er eit godt tilbod, som Sula kommune bør ta i mot med takk.

    9. Arbeidsmetode, "familierekonstruksjon" i B&G-området

Eg set her familierekonstruksjon-omgrepet i hermeteikn, pga. at det ikkje kan bli snakk om ei slik i historisk-demografisk forstand for Sula, av grunnar det er gjort greie for framafor. For arbeidet med Sula (i B&G-delen) kan følgjande framgangsmåte prøvast:

  1. Ein tek utgangspunkt i brukarrekkjene i B&G, der ein først identifiserer brukarparet (kvar dei kom frå). For ektefelle, der det som oftast står som på Inste-Kvassneset gnr 57-4 s. 66, brukarpar nr 5: "Knut Larss. Straumsheim …, g. m. Brite Arnesdtr. Austrem (1718-86)", går ein da inn i døypte-fila og finn ho som fødd i 1718 med Arne Eriksen som far. Deretter blar ein seg igjennom Austrem på Emlem i band 2, til ein kjem til Larsgarden, bruksnr 2 side 47, der A. E. står som brukar. Har ein eit dataregister over brukarpara vil dette gå monaleg raskare. Ein bør (må) òg kontrollere fødsels-, vigsels- og dødsår for kvar person. Med ideksane i databasane går desse oppslaga på få sekund.
  2. Så supplerer ein brukarpara med komplette barneflokkar frå dei dataregistrerte kyrkjebøkene. Dette er ein operasjon som óg berre tek nokre sekund pga. indeksane.
  3. Så meiner eg det må vere rett å kontrollere ferdig kvart barn med det same ein held på med familien. Med det meiner eg at ein – ved hjelp av dataregistra, kjelder i Øvrelid sine gardsmapper, brukarrekkjene i resten av B&G o.a. kjelder – sjekkar om dei levde opp, gifta seg og busette seg ein annan stad på Sula. I så fall gjer ein eit stutt notat om det på den staden. Viss dei gifta seg i Borgund busette seg ein annan stad i prestegjeldet finn ein dei att i B&G og skriv t.d. "brukar på Gunnagarden, Store Kalvøya gnr 181-3" (om Kari Knutsdtr. Bratthaugen f. 1810) osv. Vha. gravferdslistene finn ein òg dødsår. Ein må sjølvsagt sjekke utflyttarlistene når dei kjem på 1800-talet. Viss dei ikkje blir funne att i andre kjelder i Borgund, er det anten fordi kjeldene er for dårlege (helst manglar i gravferdslistene), eller fordi dei har flytta ut av prestegjeldet.
  4. I samband med utflytta personar bør det avgjerast i kor stor grad det skal leitast etter slike. Det er naturleg i alle fall å gå igjennom gards- og ættesogebøker for omkringliggjande bygder, kanskje òg folketeljinga frå 1865, 1875 eller 1900 (som no er relativt enkelt gjennom Internett). Emigrantlistene frå Ålesund bør gjennomgåast (førebels manuelt på Statsarkivet i Trondheim). Også annan litteratur som har opplysningar om bygdefolk frå dei siste 100–150 åra bør vurderast gjennomgått. Slikt arbeid kan evt. gjerast som dugnadsarbeid (men det må da dokumenterast kva som er gjort).

Å gjere rimeleg nøyaktige timekalkylar over kor mykje arbeid denne delen av prosjektet vil medføre, er ikkje råd på det noverande stadium. Først når grunnlagsmaterialet – dvs. dataregistrerte kyrkjebøker o.a. kjelder – er klart, kan ein begynne å arbeide seg igjennom materialet, føre timelister og gjere kalkyler.

Det eg har gjort hittil, er altså å forsøke å gjere små delar av dette arbeidet for eit par bruk på Kvassneset med dei data som ligg føre (kyrkjebøkene fram til 1800). Men eg har ikkje hatt høve til å arbeide systematisk over lengre tid, bl.a. pga. at mykje materiale manglar enno. Samstundes har eg arbeidd med tilrettelegging av datafilar og vurdert opplegget for heile prosjektet, så prøvearbeidet kan ikkje brukast som grunnlag for kalkylar. Av pkt. 4.4 framafor framgår det at ein kan rekne i overkant av 2100 brukarar etter B&G. Det gjeld da heile perioden 1600–ca. 1960. For 1600-talet er det ikkje stort ein kan supplere B&G med (litt frå skifter og manntal). Ei tilsv. oppteljing som nemnt i pkt. 4.4 syner at 70 % av brukarane kan tidfestast til perioden 1700–1940, altså knapt 1500 brukarpar i noverande Sula kommune. Eg vil tru at ein burde kome langt med 0,5 time pr brukarpar, i dette arbeidet, altså 750 timar.

    1. Kontroll/supplering: er alle som har budd på Sula er nemnt i B&G og U&H?
    2. Eg er gjort merksam på at det kan vere grunn til å tru at serleg oversynet over husmenn på 1700-talet kan vere mangelfullt i B&G. Med ferdig dataregistrerte kyrkjebøker, folketeljingar (dei er alt gjort bortsett frå 1875) og evt. andre kjelder (m.a. skal ekstraskattemanntalet frå 1762 vere av god kvalitet for Borgund) – og brukarrekkjene i heile B&G) er det rimeleg enkelt å kontrollere om alle som er innført med eit gardsnamn på Sula i ei eller anna kjelde (t.d. i samband med ei eller fleire kyrkjelege handlingar), er nemnt i B&G.

      Så langt eg kan sjå er ikkje anna busetjing enn gardsbruk er nemnt i B&G. Det kom sikkert relativt mange bustadhus i alle fall i dei første tiåra etter 1900, og så sjølvsagt busetjinga kring fabrikken i Langevågen. Folketeljinga 1900 for gardsnr 109 bruksnr 19 Langevågen inneheld 4 bustadlister med 5 hushald, 67 menneske, derav 19 f. i Borgund. Ingen av desse er nemnt i B&G, så langt eg kan sjå.

      Når det gjeld Søre Sula (U&H) ligg det altså føre ferdig familie-rekonstruksjon. Ulempen er rett nok at kyrkjebøkene for Hareid manglar før 1833, da prestegarden brann (det finst rett nok ei ufullstendig klokkarbok frå 1750-talet). Nokre få kyrkjelege handlingar er førde i Borgund, og det er kanskje råd å supplere med innkomne opplysningar etter at U&H kom ut.

      Her er det uråd å veta kor lang tid som bør brukast. Men det er råd å avgrense det arbeidet ein vil ha gjort med dette. Innafor ei grense på t.d. 250 timar bør ein i alle fall få gjort ein del.

    3. Underprosjekt under delprosjekt 2:

Overståande gjennomgang syner at det er nokså mange arbeidsoperasjonar som høyrer inn under dette delprosjektet. Så langt eg kan sjå, bør desse gjennomførast i desse rekkjefølgja (som samstundes kan stå som underprosjekt):

Delprosjekt 2a. Dataregistrering av kyrkjebøkene for Borgund, jfr. pkt. 4.3 framafor. Her er altså bøkene fram til 1800 grovregistrert (det står att korrekturlesing, som nett er starta). Brutto lønskostnader med studentar som arbeidskraft har hittil lege på kr 125,-, men det er da ikkje rekna kostnader i tillegg. Det krevst både kontor, datamaskin, papir/kopiering og ikkje minst rettleiing/hjelp, noko som hittil er gjort innafor forprosjekt-budsjettet. For at dette arbeidet skal spegle dei reelle kostnadene, legg eg inn ein timekostnad på kr 200, for dei 2500 timane

Delprosjekt 2b. Registrere brukarpara i B&G, jfr. pkt. 4.4. framafor, med 250 timar. Med same type arbeidskraft som under 2a, blir også timeprisen her kr 200.

Delprosjekt 2c. Tilrettelegge av andre kjelder (samt scanning, jfr. pkt 4.6 over). 150 timar, timepris som for kvalifisert prosjektmedarbeidar (kr 350).

Delprosjekt 2d. Rekonstruere familiane fram til 1940. Kvalifisert prosjektmedarbeidar, 750 timar.

Delprosjekt 2e. Kontroll/supplering, busetnad før 1940 som manglar i B&G og U&H. Kvalifisert prosjektmedarbeidar, 250 timar.

Delprosjekt 2f. Kvalitetssikring: korrekturlesing av innscanna tekst, normalisering av skrivemåtar av stad- og personnamn, evt. språk-korrigering. Bør gjerast lokalt, evt. på dugnad. Stipulert belp kr 25.000.

  1. Delprosjekt 3: Ættesoga etter 1940
    1. Generelt – utsending og innsamling av spørjeskjema, grendekontaktar, innskriving
    2. Dette arbeidet må i all hovudsak gjerast frå botnen, i form av utsending og innsamling av spørjeskjema som blir sendt ut til alle husstandar i kommunen (både B&G og U&H-området). Desse bør samlast inn att manuelt, helst av grendekontaktar som er opplært til å spørje på rett måte. Desse bør også ha med seg utskrifter av B&G/U&H supplert med familieopplysningar frå delprosjekt 2, både for at folk skal få eit inntrykk av kva opplysningar som kjem i bøkene, og for at dei kan få høve til å supplere også det eldre stoffet.

      Utforminga av spørjeskjema er drøfta i bygdebokgruppa, prøveutfylt og justert, slik at ein no skal ha eit skjema som truleg vil passe for gjennomføringa av arbeidet. Det må så sendast alle husstandar på eit gjeve tidspunkt, relativt seint i gjennomføringa av totalprosjektet (etter at delprosjekt 2 i hovudsak er fullført). Det er to grunnar til det: det som er nemnt i førre avsnitt, og dessutan at tidsperioden frå opplysningane blir samla inn til bøkene kjem ut blir minimalisert.

      All erfaring går mot at ein baserer seg på at folk sjølve skal fylle ut slike skjema og sende/levere dei inn utan hjelp. Grendekontaktane bør ha ein detaljert instruks som viser kva dei skal spørje etter. Gjennom samarbeidet med grendekontaktane i Lom har Snøhetta forlag etter kvart fått ein del erfaringar med slikt grendekontakt-arbeid, korleis desse løyser forskjellige oppgaver, instrukser etc.

    3. Dugnad – grendekontaktar
    4. Dette delprosjektet krev altså betydeleg dugnadsinnsats for å få inn opplysningane (spørjeskjema). Viljuge personar i dei einskilde grendelaga må ta på seg å følgje opp skjema-innsamlinga, i stor grad ved direkte kontakt (besøk i heimane). Det er viktig at ikkje rotene blir for store, for slikt arbeid. Ein grendekontakt bør neppe ha ansvaret for meir enn 50–70 husstandar. Med 2500 husstandar i kommunen betyr det om lag 40 slike grendekontaktar.

      Grendekontaktane bør få dekt reelle utgifter, til telefon og og køyring. Det kan evt. leggjast inn ei symbols godtgjering frå reserveposten dersom det viser seg at det blir ståande att midlar på denne posten når bøkene er klare til trykking.

    5. Innskrivingsarbeidet
    6. Den kostnadskrevjande delen av dette delprosjektet er innskriving av opplysningane frå dei skjema som kjem inn frå grendekontaktane. Eg vil understreke at denne oppgaven ikkje er mekanisk sekretær-arbeid; for opplysningane skal inn i ein helskap, dvs. alle personopplysningane skal påførast identifisering (krysshenvisning) og plasserast på rett stad i manuskriptet. Opplysningene kan/bør óg kanskje til ein viss grad kryss-sjekkast mot andre opne kjelder: div. familienytt-spalter i menigheitsblad og lokalaviser, gravsteinar o.l. Det krevst i alle fall arbeidskraft tilsvarande kyrkjebok-registreringa, til ein timekostnad på kr 200.

      Ut fra dei erfaringene Snøhetta forlag a.s har frå arbeidet med bygdeboka for Lom, og under føresetnad av at grendekontaktane kan utføre det arbeidet som er nemnt i punkta framafor, ser det ut til å vere realistisk å rekne 1 time innskrivingsarbeid pr husstand/skjema, inkl. korrektur/oppretting. Det er likevel ikkje usannsynleg at ein har har litt å gå på her; for arbeidet i Lom gjekk i større grad ut på oppretting av opplysningar som var kome inn på eldre, mindre gjennomtenkte skjema, og supplering frå husstandar som i den førre runden ikkje hadde levert skjema i det heile. Det kan vere grunn til å rekne med at eit innsamlingsprosjekt som er godt organisert frå starten, gjev meir fullstendig utfylte skjema i første omgang, og dermed raskare innskrivings- og korrekturfase.

      Eg trur derfor det kan vere realistisk å redusere timetalet noko i høve til arbeidet i Lom, og rekne til saman 2000 timar for Sula kommune. I dette ligg òg noko tid til førebuingar med grendekontaktane, skjemavurderinger etc.

    7. Underprosjekt under delprosjekt 3:

    Delprosjekt 3a. Utsending av skjema, innsamling av skjema vha. grendekontakter o.a. som har med seg revidert manuskript. Kostnader til porto, telefon- og køyreutgifter, kr 50.000.

    Delprosjekt 3b. Innskriving av skjemaopplysningane i manus, m. særleg vekt på krysstilvisingssystemet. 2000 timar á kr 200.

    Delprosjekt 3c. Kvalitetssikring: korrekturlesing av innskriven tekst. Kr 25.000.

  2. Delprosjekt 4: Revisjon av gardssogene, samanskriving endeleg manus
    1. Generelt
    2. Som nemnt i pkt. 1.3 framafor, meiner eg gardssoge-delane både i B&G og U&H held det kvalitets-nivå ein bør forvente av eit slikt verk. Gardssogene blir skrive om lag etter same malen også i dag.

      I bygdebokgruppa har det vore framme behov for å supplere B&G med omsyn på den eldste historia, særleg ut frå Jarle Sulebust si hovudoppgåve om busetjinga i Borund i seinmellomalderen, og nye arkeologiske funn. Det har òg vore drøfta om det er ønskeleg å ta inn meir om drift og levekår på gardane, bygd på nye arkivstudiar og bearbeiding av driftsopplysningane i dei gamle jordbrukskjeldene.

      Det kan òg vere aktuelt å supplere med stoff innsamla lokalt frå den nyaste tida.

      Arbeidet med arkivstoffet bør gjerast av ein historikar (forfattar). For historia for 1900-talet kan innsamlingsarbeidet gjerast på dugnad, kanskje kombinert m. delprosjekta 3 og 5. Bearbeidinga bør gjerast av forfattaren.

      Omfanget heng saman med kva kommunen ønskjer skal takast med.

    3. Ei "minimumsløysing": behalde gardssogene, ta ut grendesogene
    4. Ei løysing som etter mitt syn er fullt forsvarleg, er å ta med Ragnar Øvrelid sin tekst om gardane i B&G-området, og Brandal/Bjåstad/Waage sin tekst om U&H-området som dei står, som s.k. "brødtekst", dvs. hovudtekst. Så kan ein i tillegg supplere med rammetekster, som typografisk skil seg tydeleg ut frå den "gamle" teksten, der ein kan ta med anna stoff, t.d. om arkeologiske funn, nyare hendingar osv. Opphavet til dei forskjellige tekstelementa må sjølvsagt går klårt fram av forordet, ei innleiing o.l.

      Dette er etter mitt skjøn eigentleg ikkje ei minimumsløysing, men ei ønskjeleg løysing. Eg meiner det ikkje er rett bruk av betydelege midlar å skrive om att gardssogene for gardane i Sula. Da er det viktigare å setje av midlar til allmennsoge-arbeidet.

      Grendesogene i B&G kjem i ei mellomstilling. Dei er små allmennhistorier for kvar si "grend" – men grendene slik dei er sett opp i B&G er ikkje lenger utan vidare i samsvar med det som blir oppfatta som naturlege lokale einingar. Dessutan er dei meir prega av si tid, og må i tilfelle dei skal brukast gjennomgå ei nokså grundig revidering. Det er truleg betre å ta dei heilt ut (men samstundes sjå til at tilvisingar i den attståande teksten blir korrigert), og så heller satse på å nyskrive allmennsoga for Sula så snart busetnadssoga er ferdig.

    5. Underprosjekt under delprosjekt 4:

    Delprosjekt 4a. Skrive- og redigeringsarbeidet, med minimumsløysinga kan det truleg setjast til 1/2 årsverk på vit. ass.-nivå, dvs. 600 timar. Dess meir andre oppgåver vedkomande får å løyse, dess dyrare.

    Delprosjekt 4b. Kvalitetssikring: korrekturlesing av innskriven tekst. Det same som i dei forrige delprosjekta.

  3. Delprosjekt 5: Illustrasjonar: kart, bilete m.m.
    1. Generelt

Typografisk utforming og bruk av forskjellige former for illustrasjonar blir viktigare og viktigare i alle typer publikasjoner, med tanke på salgspotensialet. Det gjeld ikkje minst i bygdebøker. Det er i prinsippet fleire typar illustrasjonar ein kan tenkje seg:

Her vil eg tilrå følgjande prioritering:

Pri. 1: Nytegna kart med alle bosteder plassert, slik at det blir mulig å finne igjen stedet en person vart fødd på, budde, døydde o.l.

Pri. 2: Gamle bilder, i alle fall av hus/tun og/eller landskap o.l.

Pri. 3: Gamle kart, særlig utskiftingskart, med medfølgende skriftlige opplysninger (navn på utskiftingsteiger o.l.).

    1. Kulturhistoriske kart
    2. Kulturhistoriske kart er etter mitt skjøn eit heilt uunnværlig element i moderne busetnadssoger. Som minimumsløysing bør ein i alle fall ta sikte på at alle heimar der det en eller annan gong har budd folk, blir kartfesta. (Det gjeld sjølvsagt så langt det er mogeleg i dag.) Dette vil absolutt vere eit viktig arbeid i seg sjølv, av stor verdi for all framtid. I tillegg bør ein ta sikte på å utnytte tidlegere innsamla stadnamnmateriale på karta, og supplere med evt. namn som ikkje vart registrert gjennom stadnamn-prosjektet. Ein bør særleg legge vekt på å kartfeste absolutt alle kjente tufter etter bustadhus, oldfunn og andre kulturminne.

      Sula kommune har så vidt eg har forstått eit digitalt kartgrunnlag for heile kommunen. Samstundes er det innsamla stadnamnmaterialet dataregistrert og er no på Fylkeskartkontoret i Molde, men det er ikkje koordinatfesta. Det arbeidet skal i alle fall gjerast ein eller annan gong, og dersom bygdebokprosjektet blir igangsett bør det absolutt koordinerast, slik at ein får utnytta stadnamninnsamlinga. Ein tilleggsgevinst blir at ein da får kvalitetssikra også stadnamninnsamlinga, ved at utskrifter av karta med namn blir sendt/lagt ut til høyring saman med teksten før trykking av bøkene.

      Det er mogeleg å få til eit samarbeid mellom Fylkeskartkontoret med stadnamndatabasen, og teknisk sektor på Sula kommune med digitalt kartgrunnlag, slik at karta kan produserast lokalt i Sula kommune. Fylkeskartkontoret er positive, men har nok ikkje pr dato fullt oversyn over arbeidsomfanget, og evt. arbeidsfordelinga med teknisk sektor.

    3. Bilete
    4. Framskaffing av eldre bilete kan gjøres på mange forskjellige måtar. I Lesja vart det gjennomført eit omfattande innsamlingsprosjekt, langt ut over det behovet som bygdeboka hadde (over 3.000 bilder er i arkivet). Det vil i alle høve løne seg å fastsette prinsipp for illustrering av verket. Det prinsippet som er følgt i Lesjabøkene er at det for kvart gardsbruk normalt er med 2 bilete; eitt av gardshusa, evt. med landskapet rundt, og eitt av folka på garden. Begge bileta skal i prinsippet vere dei eldste som finnes. I tillegg kan det finnast bilete av setra, arbeidsliv o.l. Slike vart i Lesja som oftast plassert inn i dei s.k. namnegardskapitla, etter som det var plass til disposisjon (alle halve sider o.l. vart prøvd utnytta).

      Eg er kjent med at det er i gang eit fotoinnsamlingsarbeid i Sula, koordinerast med Fylkesfotoarkivet i Ålesund. Eg vil tilrå at det blir gjennomført systematisk for heile bygda, slik at ingen treng føle at illustrasjonsgraden i verket blir skreiv/urettferdig. Ved innsamlingsarbeidet må det leggast stor vekt på å registrere detaljopplysningar om bileta frå eigar o.a. samstundes som dei blir avfotografert. Desse opplysningane bør dataregistrerast, slik at det blir mogeleg å søke i basen etter bilete av einskildpersonar o.a.

      I samband med dette delprosjektet bør ein søke å skaffe seg oversyn over kva som finst av bilete frå Sula i offentlege og andre biletsamlingar.

    5. Underprosjekt under delprosjekt 5:

Delprosjekt 5a. Kartproduksjon "automatisk" frå dataregistrerte stadnamn og digitalt kartgrunnlag. Her har eg fått eit kostnadsoverslag frå Fylkeskartkontoret, men det er ikkje fullstendig. Førebels overslag: kr 75.000.

Delprosjekt 5b. Bildeinnsamling i samarbeid med Fylkesfotoarkivet. Bilderedaksjon (utval av bilde, beskjæring, forslag til plassering i den endelege versjonen. Bruk av gamle kart (utskiftings- og andre kart). Førebels kostnadsoverslag: kr 25.000.

Delprosjekt 5c. Andre illustr.: bruksdelingsskjema, teikningar, akvarellar? Kostnad: kr 10.000.

Delprosjekt 5d. Kvalitetssikring: korrekturlesing av stadnamn på karta og (helst) bildetekstane. Kostnad som førre delprosjekt.

  1. Delprosjekt 6: Bokproduksjonen

bør normalt setjast ut på anbod, til fleire trykkeri. Under førsetnad av at teksten som blir produsert samstundes blir rimeleg korrekt sett opp ("formatert") i høve til den behandlinga trykkeriet gjer, rutiner for klargjering av illustrasjonar blir gjort mest mogeleg praktisk og layout blir eintydig definer, skulle det vere råd å få tilbos frå fleire trykkeri som kan samanliknast.

Døme på tekniske spesifikasjonane pr band:

kan Snøhetta forlag a.s levere bøkene for maksimalt kr. 280.000 pr band i 1998-prisar. Mva. kjem i tillegg, men den skal utgjevar (kommunen) ha refundert med dei mva.-reglar som gjeld i dag, pga. at bøker er fritekne for mva. i siste ledd (dvs. ved sal til lesar). Trykking i 2002–2003 betyr kanskje 10–15% tillegg.

Dersom 1/3 av bilda (100 stk.) skal trykkast i fargar, fordelt på 8 forskjellige stader i boka, blir tilleggskostnaden pr band kr 50.000 i 1998-prisar, samla kr 330.000 pr band.

Det kan vere grunn til å rekne med at teksten bør fordelast på 3 band. Samla bokproduksjonskostnad blir da maksimum kr 840.000, evt. kr 990.000 med bruk av fargebilder.

Dette er altså ei høgst mellombels priskalkyle, og det kan vere grunn til å tru den endelege kalkyla blir lågare, når ein får betre oversyn over omfanget av dei einskilde elementa (tekst, tabellar, kart, bilder etc.).

  1. Delprosjekt 7: Inntektene (boksalet)
    1. Brutto salsinntekter
    2. Å kalkulere salet er sjølvsagt svært vanskeleg – kanskje den vanskelegaste delen ved eit bokprosjekt. Mange faktorar verkar inn; viktigast for ei busetnadssoge er truleg at kvaliteten er så høg som råd, dvs. at kvalitetssikringsarbeidet er gjort skikkeleg slik at det er minst muleg reelle feil som den vanlege lesar vil kjenne att. I tillegg bør boka ha eit kvalitetspreg, og eit visst nivå på illustrasjonane. I så fall kan slike bøker bli noko "alle i bygda" må ha. I tillegg syner erfaringane at utflytta bygdefolk er ei aktiv og kjøpesterk gruppe (dei kjøper gjerne komplette sett til alle barna o.l.).

      I ei bygd som Sula, med 2500 husstandar, verkar det ikkje urimeleg å rekne med eit sal på 2500 eksemplar pr band over ein 3-årsperiode (når ein i alle fall må rekne med ein god del sal til utflytta personar). Ein pris pr band på kr 500–600 er heller ikkje uvanleg, for slike bøker. Ein pris pr band på kr 600 og eit sal på 2500 eks. gjev brutto inntekter til prosjektet på 4,5 mill. kr.

      Utsalsprisen bør ein ikkje i noko tilfelle bestemme før mot slutten av prosjektet. Da har ein òg tilnærma oversyn over om utgiftssida har halde budsjettet.

    3. Opplag
    4. Trykkeopplaget for bøkene må bestemmast umiddelbart før trykkinga startar. På det tidspunkt har ein rimeleg oversyn over kvaliteten. I dag er kostandene ved større opplag rimeleg låge, i høve til å trykke nytt opplag. Dersom kommunen disponerer lagerplass, der det derfor tilrådeleg å trykke eit stort nok førsteopplag (ved at bøkene blir utseld kjem òg spørsmålet om korrigeringar/tillegg opp, i samband med trykking av eit nytt opplag).

      Det verkar ikkje urimeleg å ta utgangspunkt i talet på husstander, med eit mindre tillegg, når opplaget skal fastsetjast (under føresetnad av tilfredsstillande kvalitet på verket). Ein bør ta sikte på å ha eit restopplag i alle fall i 10 år etter at det første "sals-rushet" er over (1 år etter utgjeving). Dette skulle tilseie eit opplag på 3000 av kvart band av Sula-soga.

    5. Kostnader ved salet (marknadsføring, distribusjon)

er ein vanlegvis ikkje så nøye med å rekne inn (dei "forsvinn" nok ofte i kommunerekneskapen, ved at salet blir drive frå kommunekassa o.l.). I den ordinære bokbransjen fastset forlaget (som i dette prosjektet er kommunen) utsalsprisen, og samstundes den s.k. "bokhandlar-rabatten", som er avansen til bokhandalane. Han kan variere mykje; vanlegvis for sakprosa ligg han mellom 37–42 % av brutto utsalspris, når bokhandlarane kjøper bøkene (og dermed tek risikoen med å "brenne inne" med bøker dei ikkje får seld). I visse høve får bokhandlarane returrett , dvs. dei får levere attende det dei ikkje sel, men da er ofte rabatten lågare. Ein variant er kommisjonssal, der bokhandelen har ei antal bøker liggjande til dei er seld ut, og når det er gjort gjer dei opp med utgjevar og bestiller nye bøker. I desse tilfellet tek ikkje bokhandlarane nokon risiko.

Bygdebøker, og særskilt gards- og ættesoger, blir vanlegvis ikkje seld gjennom bokhandlane på denne måten. Kommunane tek seg sjølv av salet, direkte til publikum frå ekspedisjonen o.l. Men det er óg vanleg å legge ut bøkene for sal ikkje berre i bokhandlarar, men òg i andre forretningar i kommunen. Da må dei som har bøkene i slik kommisjon, få ei viss godtgjering for arbeidet dei har med salet.

Utgjevar må óg rekne med distribusjonskostnader, som rett nok kan belastast kjøpar i ein del tilfelle.

Det er normalt ikkje naudsynt med tradisjonell marknadsføring av slike bøker. Ved utgjevinga får dei alltid god dekning i lokale og regionale massemedia, og dessutan er "jungeltelegrafen" effektiv.

Sannsynlegvis er ein rimeleg på den sikre sida viss ein reknar 10 % av brutto salsinntekter til slike variable utgifter (som altså kjem i etterkant av produksjonen, og følgjer sals-volumet).

Vedlegg: