o_humor.gif (694 bytes)

B_ORDHI4.JPG (30200 bytes) Ordhittug døl 4
med glimt i auga og svar på tunga

Av Audun Høgbrenna
Illustrert av Inger Margrete Slettahaug
Utgitt 1993
104 s.
ISBN 82-91375-01-1
Pris: kr 50,- (førpris kr 100,-).
Bestill boka.

Litt bakgrunnsinformasjon

Ordhittug døl 4 er den fjerde samlinga av skjemtsame historier, fortalt av ordhittuge folk frå Gudbrandsdalen. Dei tre fyrste kom i åra 1989–91.

Ein ordhitten person er ein person som har ordet i si makt – han eller ho kan levera ein god, treffande replikk i dei fleste situasjonar. Desse replikkane blir hugsa, og samanhengen dei kom til i blir fortalt vidare når folk møtast. Slik blir ei historie til. Denne boka inneheld 163 slik historier, frå Søndre Land i sør til Lesjaskogen og Verma i Romsdalen i nord.

Disposisjonen er litt endra i nr 4 i høve til dei 3 første. Historiene står samla for kvar bygd, med ei lita innleiing for nokre. Og så er det eit par litt meir omfattande intervju med eit par ordhittuge karar: Hans W. Brimi og Hans Hagen.

Føreord

Den erfaringa som er hausta etter fire–fem år med innsamling av morosame og gode historier frå bygdemiljø i Gudbrandsdalen, gjev inntrykk av at den humoristiske og slagferdige dølen snart høyrer fortida til. Mellom dei bortimot 200 forteljarane, som har gjeve sitt bidrag til Ordhittug døl-bøkene, er det nesten uta unntak folk i 60-, 70- og 80-års alderen. Kvar blir det av den yngre humoristen, den yngre generasjons forteljarkunst og slagferdigheit? Blir det snart berre turre fraser og alvorlege miner som har grobotn i den yngre dølasjela? Nei det er det ikkje, ikkje konsekvent. Det er gledeleg å høyre det Hans W. Brimi fortel:

– «Ein av gutane mine er slagferdig,» seier han.

Ungdomen kan enda læra seg kunsta å vera slagferdig og ha eit godt svar på tunga. Det er berre det at dette forflata miljøet som tv, radio og moderne underhaldningsmaskiner i grendaheimane gjev sitt daglege bidrag til, kveler den gamle forteljarevna. Vi er i ferd med å drukne i det daude havet som ligg i kjølvatnet av den tekniske utviklinga i underhaldningsbransjen. Da blir det vel kanskje til det at den som har evna til å bera den ordhittuge kulturen vidare, blir halde for å vera ein bygdeoriginal. Og da er vi der vi alltid har vore. Kanskje vil den slagferdige og morosame dølen leva i bygdene våre også i framtida. Den beste underhaldninga er ofte den ein lagar sjølv ved å fortelja om den morosame replikken som han kom med, han som såg det artige i situasjonen. Den slagferdige dølen har ofte ein spesiell måte å prate på. Innafor det ytre slentrande ganglaget ligg ofte det meir gjennomtenkte fornuftige. Bakafor det ytre spegelbiletet av ein "tulling" kan ein ofte skimte alvoret i situasjonen. Men uttrykt på ein meir dekorerande måte er ikkje situasjonen så alvorleg likevel. Den sjølvforma dølen er snart ikkje å oppdrive lenger, meiner Hans Hagen. Dølen med glimt i auga og svar på tunga vil fortsatt vere iblant oss, meiner Hans W. Brimi. Kven som får rett er det framtida som må svara på.

Audun Høgbrenna

Nokre døme frå boka

For lenge sia var det eit kvinnfolk som budde einsleg på eit lite småbruk på Lesja. Ein gong hadde ho vore nord på Lora og lånt ein stor kvit geitebukk. Ho drog og sleit på dette dyret som ikkje ville gå. På turen møtte ho ein kar, og da bar ho seg ilt for at bukken ikkje ville vera med. Da fekk ho dette til svar:
    – «Drag nedover deg brokje og gå fyry, så kjøm bukken tå seg sjøl»

Det var ein slaktar her i Ringebu, som kom i eit selskap. Og dit kom likningssjefen óg. Da likningssjefen steig innom sa denne slaktaren:
    – «Du fær kåmå og setta deg frammed meg du. Det passa best at oss sit nedmed ein an e' og du, for oss har vel omtrent såmå yrkje. Det æ berre at e drep dem før e flår dem,» sa 'n.

Det skulle vera valgtale på Lesjaskog, og talaren skulle både preke, og spela nokre slåttar på hardingfele. Før han kunne spela, måtte han sjølvsagt stemme fela. Og medan han stemte fela, forklara han korleis han gjorde det. Og så avslutta han slik:
    – «Det er med fela som det er med kvinnfolkom. Tess meir en tukla med døm, tess lugumar blir døm»