o_natur.gif (1102 bytes)

B_ORDHI3.JPG (32827 bytes) Ordhittug døl 3
med glimt i auga og svar på tunga

Av Audun Høgbrenna
Illustrert av Inger Margrete Slettahaug
Utgitt 1991 av A. Kjelland Bøker og bokproduksjon
96 s.
ISBN 82-7528-004-4
Pris: kr 50,- (førpris kr 100,-).
Bestill boka.

Litt bakgrunnsinformasjon

Ordhittug døl 3 er ei ny samling av skjemtsame historier, fortalt av ordhittuge folk frå Gudbrandsdalen. Dei to fyrste samlingane kom i 1989 og 1990.
    Ein ordhitten person er ein person som har ordet i si makt
– han eller ho kan levera ein god, treffande replikk i dei fleste situasjonar. Desse replikkane blir hugsa, og samanhengen dei kom til i blir fortalt vidare når folk møtest. Slik blir ei historie til. Denne boka inneheld 173 slike historier, frå Gausdal i sør til Skjåk, Lesjaskogen og Verma i Romsdalen i nord.

Audun Høgbrenna, Lesja, er sjølv ein «ordhittug døl». Etter at han i 1989 og 1990 gav ut dei to fyrste samlingane historier, fekk han så mange positive reaksjonar og nye historier at han måtte lage ei bok til. Det har likevel vore vanskeleg å velga ut dei historiene som skulle få plass i denne boka.

Føreord

Takk for sist til alle som har gjeve sitt bidrag til «Ordhittug døl»-bøkene. Eg har hatt mang ein artig prat og mang ei hyggeleg stund ved kaffebordet hos trivelege folk i dalen desse siste tre åra.

Det er vorte med gode replikkar etter mange ordhittuge dølar i desse tre bøkene. Og det blir kanskje fleire slike replikkar og historier. Det har vore mykje ordhittugt folk i Gudbrandsdalen, og mange er det,som hugsar replikkane etter dei. Eg har forsøkt å framstille dei forskjellige dølatypene i si eiga språkdrakt. Eg har og forsøkt å få fram nyansane – spegla dølahumoren i kvar enkelt forteljar. Og den som les vil nok kunne minnast hendinga og seia: «Ja, slik va det han sa det. Detta e 'n Torger slik 'n va.»

For å få fram nyansane i måten å fortelja på, har det vore vanskeleg å vera konsekvent i forhold til skriftnormalen. Det har derfor vore naudsynt å farga ordbruken meir tilnærma den måten kvar enkelt fortalde på.

Merkeleg nok ser det ut som om mannfolka har vore ordhittugast. Men det er rart at det skal vera slik, så pratsame som kvinnfolka ofte kan vera. Det var ein som sa det ein gong, om ei pratsam ei: «Ho e som ein bil forutta ratt – det finst ikkje styring på 'n.» Så det må da vera att einkvart gullkornet etter kvinnfolkom óg. Det må bli ei oppgave å få fram gode svar og replikkar etter ordhittuge kvinnfolk. Dei finst nok, så eg oppfordrar alle framtidige forteljarar om å finna fram kvinnehumoren, slik at vi ikkje gløymer den.

Er det nokon som har namnet på kvinnelege forteljarar som er villige til å gjeva eit bidrag til «Ordhittig døl», så er eg glad for tips.

Lesja i oktober1991
Audun Høgbrenna

Nokre døme frå boka

Han dei kalla Styttingen var ein gong inn Folldal'n. Og der var det ei som spurde om han hadde mange ungar.
    – «Har du mange ogen du da?» spurde ho.
    – «Nei, karfolkje nedpå Dovre, døm fæ 'kje onge døm,» svara 'n.

Det var ein som støtt ville vera så pen, og det var han óg, det. Og ein gong han dreiv og pynta og spegla seg, såg seg i 'spile' (speilet), var det nokon som sto og høyrde på han. Han prata med seg sjøl. Han retta på slipset, og spegla seg att. Og så sa han, lite grann kjekt og anløgt:
    – «Ditta e jammin en kjekk kar!»

Ein kar som hadde ord på seg for å seia mykje rart, kunne fortelja at det var berre i to situasjonar han betydde noko for kjerringa.
Ja så ville nokon høyra kvafor situasjonar han tenkte på da.
    – «Jau, det æ berre ner ho æ blakk, og ner ho æ frossin,» sa han.