o_natur.gif (1102 bytes)

B_ORDHI2.JPG (26070 bytes) Ordhittug døl 2
med glimt i auga og svar på tunga

Av Audun Høgbrenna
Illustrert av Inger Margrete Slettahaug
Utgitt 1990 av A. Kjelland Bøker og bokproduksjon
96 s.
ISBN 82-7528-003-6
Pris: kr 50,- (førpris kr 100,-).
Bestill boka.

Litt bakgrunnsinformasjon

Ordhittug døl 2 er ei ny samling av skjemtsame historier, fortalt av ordhittuge folk frå Gudbrandsdalen. Den fyrste samlinga kom i 1989.
    Ein ordhitten person er ein person som har ordet i si makt
– han eller ho kan levera ein god, treffande replikk i dei fleste situasjonar. Desse replikkane blir hugsa, og samanhengen dei kom til i blir fortalt vidare når folk møtest. Slik blir ei historie til. Denne boka inneheld 158 slike historier, frå Vingnes i sør til Skjåk og Lesjaskogen i nord.

Audun Høgbrenna, Lesja, er sjølv ein «ordhittug døl». Etter at han i 1989 gav ut fyrste samlinga historier, fekk han så mange positive reaksjonar at han vart «hoga» på å samle fleire. Det var ei lett oppgåve – det vanskelege har vore å velga ut dei historiene som skulle få plass i denne boka.

Føreord

I denne samlinga av god bygdehumor har 48 dølar fortalt sine beste historier. Boka inneheld 158 historier, eit utval av stoff som er samla inn i 1990. Det er mange som er gode til å fortelja og frå deira munn blir nær sagt alt ei god historie. Men det er ikkje alt som tåler møtet med trykksverta like godt. Det har derfor vore nødvendig med streng vurdering i så måte. Og mange historier har tapt sin plass i samlinga av den grunn. Andre er sett på «venteliste», og vil kanskje bli brukt seinare. Tilfanget av stoff er stort, og ingen har fått alle sine bidrag med i samlinga.

Når det gjeld replikkane, hermingane, har eg forsøkt å halde desse tunærma dialektisk rett. Men det er vanskeleg å vera konsekvent. Eg har elles prøvd å gjera stoffet lettast mogleg forståeleg også for dei som synes det er vanskeleg å lesa dialekt.

Alle dialekter har sitt særpreg. Lesja-dialekta har t.d. eiri variant i forhold til andre bygder i dalen – dette at lesjingar når dei skal seia eg (jeg) brukar «I». Eit par eksempel: «I kjøm i morgo». (Eg kjem i morgon.) – «Nei i dag bli' I 'kje heime.» (Nei i dag blir eg ikkje heime.)

Mange døler sit enda med gode historier. Det er nok svært sannsynleg at det i det minste blir ei bok til av «Ordhittug døl», så eg ber i den samanbengen om at dei som har historier på lager, eller veit om gode «skrønemakarar», kontaktar meg.

Lesja i september 1990
Audun Høgbrenna

Nokre døme frå boka

Det var den tida dei skar åkeren med skiru (sigd). Det var kvinnfolkarbeid. Ein gardbrukar klaga over at han ikkje kunne få kvinnfolkhjelp til å skjera åkeren sin:
    – «Nei, det fins itte kvinnfolk og oppdrive, så nå fer 'n i Guds namn stå te over helga.»

Nokre karar skulle på fest, og lurte på om dei skulle ta sykkel, eller motorsykkel.
    – «Nei, oss tek lastebilen,» sa dei eine, «for da slepp oss å gå tå for å hå upp alle grindin.»

Ei jente skulle på nabogarden med ei geit som var 'nødd om' bukk. Geita mekra og bar seg, medan dei gjekk.
    – «Nå fe du halde kjeft,» sa jenta. «Det kan nå vera inkun an det kan vera gale med óg, men det går nå 'kje an å gå slik å remje.»