o_natur.gif (1102 bytes)

B_ORDHI1.JPG (27474 bytes) Ordhittug døl 1
med glimt i auga og svar på tunga

Av Audun Høgbrenna
Illustrert av Inger Margrete Slettahaug
Utgitt 1989 av A. Kjelland Bøker og bokproduksjon
96 s.
ISBN 82-7528-002-8
Pris: kr 50,- (førpris kr 100,-). Berre få eks. att.
Bestill boka.

Litt bakgrunnsinformasjon

«Ordhittug døl» er ei samling av skjemtsame historier, fortalt av ordhittuge folk frå Nord-Gudbrandsdalen.
    Ein ordhitten person er ein person som har ordet i si makt
– han eller ho kan levera ein god, treffande replikk i dei fleste situasjonar. Desse replikkane blir hugsa, og samanhengen dei kom til i blir fortalt vidare når folk møtest. Slik blir ei historie til. Denne boka inneheld 160 slike historier, frå Hundorp i sør til Skjåk og Lesjaskogen i nord, med nokre slengarar også frå andre stader, særleg Romsdalen.

Audun Høgbrenna er sjølv ein «ordhittug døl». Men han har óg samla på slike historier som har vore fortalt, i meir enn ein mannsalder. Da det vart bestemt at det skulle lagast bok, samla han sommaren 1989 inn meir, slik at det skulle bli eit representativt utval for Norddalen.

Føreord

Det er etter kvart blitt slik at dette med å underhalde kvarandre, kanskje med ei god historie, blir meir og meir borte. Alle desse moderne remediane som har sneke seg inn i kvar einaste heim i bygd og dal, har ført til det. Nå kjøper vi underhaldning gjennom radio, fjernsyn og video.

Før i tida var det ikkje slik. Da gjekk folk innom kvarandre. Det var gjævt å samlast kring skorsteinselden i seine kveldstimar – i slike stunder vart det prata om bygdelivet: om han som sa det og om ho som svara slik. Mange la seg til ein ori'ginal og skjemtsam måte å fortelja på.

Alle blir meire like nå til dags. Vi blir forma av det moderne samfunnet. Påvirka av det ytre, framande. Og på mange måtar forma om same lesten.

Det var ikkje slik den gongen dei fleste av desse historiene vart til. Folk den gongen fekk lov til å utvikla seg i det miljøet dei voks opp i. Det var det originale særpreget som slo ut i kvar enkelt. Alle utvikla si eige naturlegheit. Og fann sine eigne måtar å møte livet på. Det vart originalar. Ofte var dette ordhittuge folk. Det var livskunstnarar. Mange vart halde for å vera dumme, men det er heller det motsette som kjem til uttrykk gjennom historiene som er att etter dei. Mange var snartenkte, og svært gode til å svara for seg. Og det er den skjemtsame replikken – og ikkje minst det satiriske, litt bitande svaret som ofte kom, som gjorde at det vart ei historie av det.

Desse som er attgjeve i «Ordhittug døl», er eit utvalg av ei større samling som eg har skrive ned gjennom mange år. Fleire står det ikkje namn under, av den grunn at historia, den gongen, vart skrive ned berre med tanke på å hugse ho. Men i den innsamlinga som er gjort i seinare tid, med tanke på utgjeving, er namnet på forteljaren teke med under kvar historie.

Det er 44 forteljarar med i denne samlinga. Men det er mange fleire i bygdene våre med god hugs og som kan å fortelja. Så det er framleis ei rik kjelde å ausa av. Mangt er blitt teke vare på før. Men mangfaldet i det skjemtsame døla-lynnet har lagt att mange historier, både til moro og til ettertanke.

Språket som er nytta følgjer ikkje alltid den vanlege norma for rettskriving. Ord og uttrykk er gjerne farga av måten det er fortalt på. Særleg kjem dette fram i hermingane. Nokre få ord, som kanskje er litt spesielle, har fått ei forklaring i parantes.

Fleire av dei som har fortalt, er seinare gått bort. Men kven veit – kanskje vil historiene fortsatt bli brukt til underhaldning i kveldsstunder ved skorsteinselden. Vi har rike tradisjonar i forteljarkunsta. Den ordhittuge dølen er verd å minnast. Og historiene etter han er verd å ta vare på.

Lesja i oktober 1989
Audun Høgbrenna

Nokre døme frå boka

Ein gardbrukar klaga åt nabokjerringa på at ein vedde (saubukk) var kome innpå jordet hans.
    – «Ja, men e du så sikker på at det e veddin vår da?» spurde ho.
    – «Ja det ja,» sa han. «Du ser nåvel kor lik 'n e 'om Jehans i hugue.»

Det var ein spelmann ein gong, som dreiv og pakka ned bunaden sin og skulle på kappleik. Da kom barnebarnet og sa:
    – «Nei, bestefar, at du tør å bruke desse kle-in meir. Hugsa du 'kje kor klen du ha vore i hugue kvar gong du ha bruk døm.»

Hans W. Brimi, Lom

Det var undervisning om slektshistorie og slikt. Så sa læraren:
    – «Oss stamma nå alle ned frå 'n Adam og 'o Eva, da ma.»
Men da retta ein gut opp handa, og sa:
    – «Ja, men 'n far si at oss stamma ned frå apom, han?»
    – «Ti still nå,» sa læraren. «Det e itte slekta di oss prate om nå.»