Forord

Den erfaringa som er hausta etter fire–fem år med innsamling av morosame og gode historier frå bygdemiljø i Gudbrandsdalen, gjev inntrykk av at den humoristiske og slagferdige dølen snart høyrer fortida til. Mellom dei bortimot 200 forteljarane, som har gjeve sitt bidrag til Ordhittug døl-bøkene, er det nesten uta unntak folk i 60-, 70- og 80-års alderen. Kvar blir det av den yngre humoristen, den yngre generasjons forteljarkunst og slagferdigheit? Blir det snart berre turre fraser og alvorlege miner som har grobotn i den yngre dølasjela? Nei det er det ikkje, ikkje konsekvent. Det er gledeleg å høyre det Hans W. Brimi fortel:

– "Ein av gutane mine er slagferdig," seier han.

Ungdomen kan enda læra seg kunsta å vera slagferdig og ha eit godt svar på tunga. Det er berre det at dette forflata miljøet som tv, radio og moderne underhaldningsmaskiner i grendaheimane gjev sitt daglege bidrag til, kveler den gamle forteljarevna. Vi er i ferd med å drukne i det daude havet som ligg i kjølvatnet av den tekniske utviklinga i underhaldningsbransjen. Da blir det vel kanskje til det at den som har evna til å bera den ordhittuge kulturen vidare, blir halde for å vera ein bygdeoriginal. Og da er vi der vi alltid har vore. Kanskje vil den slagferdige og morosame dølen leva i bygdene våre også i framtida. Den beste underhaldninga er ofte den ein lagar sjølv ved å fortelja om den morosame replikken som han kom med, han som såg det artige i situasjonen. Den slagferdige dølen har ofte ein spesiell måte å prate på. Innafor det ytre slentrande ganglaget ligg ofte det meir gjennomtenkte fornuftige. Bakafor det ytre spegelbiletet av ein "tulling" kan ein ofte skimte alvoret i situasjonen. Men uttrykt på ein meir dekorerande måte er ikkje situasjonen så alvorleg likevel. Den sjølvforma dølen er snart ikkje å oppdrive lenger, meiner Hans Hagen. Dølen med glimt i auga og svar på tunga vil fortsatt vere iblant oss, meiner Hans W. Brimi. Kven som får rett er det framtida som må svara på.

Audun Høgbrenna