Forord

I denne samlinga av god bygdebumor har 48 dølar fortalt sine beste historier. Boka inneheld 158 historier, eit utval av stoff som er samla inn i 1990. Det er mange som er gode til å fortelja og frå deira munn blir nær sagt alt ei god historie. Men det er ikkje alt som tåler møtet med trykksverta like godt. Det har derfor vore nødvendig med streng vurdering i så måte. Og mange historier har tapt sin plass i samlinga av den grunn. Andre er sett på "venteliste", og vil kanskje bli brukt seinare. Tilfanget av stoff er stort, og ingen har fått alle sine bidrag med i samlinga.

Når det gjeld replikkane, hermingane, har eg forsøkt å halde desse tunærma dialektisk rett. Men det er vanskeleg å vera konsekvent. Eg har elles prøvd å gjera stoffet lettast mogleg forståeleg også for dei som synes det er vanskeleg å lesa dialekt.

Alle dialekter har sitt særpreg. Lesja-dialekta har t.d. eiri variant i forhold til andre bygder i dalen dette at lesjingar når dei skal seia eg (jeg) brukar "I". Eit par eksempel: "I kjøm i morgo." (Eg kjem i morgon.) "Nei i dag bli' I 'kje heime." (Nei i dag blir eg ikkje heime.)

Mange døler sit enda med gode historier. Det er nok svært sannsynleg at det i det minste blir ei bok til av "Ordhittug døl", så eg ber i den samanbengen om at dei som har historier på lager, eller veit om gode "skrønemakarar", kontaktar meg.

Lesja i september 1990
Audun Høgbrenna