Forord

Takk for sist til alle som har gjeve sitt bidrag til "Ordhittug døl"-bøkene. Eg har hatt mang ein artig prat og mang ei hyggeleg stund ved kaffebordet hos trivelege folk i dalen desse siste tre åra.

Det er vorte med gode replikkar etter mange ordhittuge dølar i desse tre bøkene. Og det blir kanskje fleire slike replikkar og historier. Det har vore mykje ordhittugt folk i Gudbrandsdalen, og mange er det,som hugsar replikkane etter dei. Eg har forsøkt å framstille dei forskjellige dølatypene i si eiga språkdrakt. Eg har og forsøkt å få fram nyansane spegla dølahumoren i kvar enkelt forteljar. Og den som les vil nok kunne minnast hendinga og seia: "Ja, slik va det han sa det. Detta e 'n Torger slik 'n va."

For å få fram nyansane i måten å fortelja på, har det vore vanskeleg å vera konsekvent i forhold til skriftnormalen. Det har derfor vore naudsynt å farga ordbruken meir tilnærma den måten kvar enkelt fortalde på.

Merkeleg nok ser det ut som om mannfolka har vore ordhittugast. Men det er rart at det skal vera slik, så pratsame som kvinnfolka ofte kan vera. Det var ein som sa det ein gong, om ei pratsam ei: "Ho e som ein bil forutta ratt det finst ikkje styring på 'n." Så det må da vera att einkvart gullkornet etter kvinnfolkom óg. Det må bli ei oppgave å få fram gode svar og replikkar etter ordhittuge kvinnfolk. Dei finst nok, så eg oppfordrar alle framtidige forteljarar om å finna fram kvinnehumoren, slik at vi ikkje gløymer den.

Er det nokon som har namnet på kvinnelege forteljarar som er villige til å gjeva eit bidrag til "Ordhittig døl", så er eg glad for tips.

Lesja i oktober1991
Audun Høgbrenna