o_natur.gif (1102 bytes)

MATBOK2.JPG (45395 bytes) Mat frå gard og grend

Av Bjørg Nordset (red.)/Lesja bondekvinnelag
Omslag/layout: Inger Margrete Slettahaug
Utgitt 1995 (1. og 2. opplag, 3. opplag 2001)
176 s.
ISBN 82-91375-05-4
Pris: kr 200,-.
Bestill boka direkte fra Lesja Bondekvinnelag: faxnr: 61243857
(Framsidefoto: Bjarne Fossøy)

Litt bakgrunnsinformasjon

Eit veldekka matbord er det faste samlingspunkt i kvardag og fest.

Til dei ulike høgtider og merkedagar i livet høyrer også gode måltid til. Frå gammalt måtte matresursane nyttast vel om alle munnar skulle mettast heile året.

I denne boka har Lesja Bondekvinnelag teke vare på viktige delar av den rike matkulturen vi finn i Gudbrandsdalen. Boka gjev ikkje berre innsyn i korleis t.d. korn, mjølk, kjøtt, fisk, og grønsaker vart nyta – ho er og eit viktig bidrag til den allmenne kulturhistoria for Gudbrandsdalen.

Lesja bondekvinnelag har motteke støtte til denne boka frå:
Lesja kommune
Lesja Fjellstyre
Østlandsmeieriet, sentralt
Østlandsmeieriet, Lesja
Hed-Opp
Lesja Historielag
Bygdeutviklingsfondet
Sparebanken NOR
Lesja Bondelag

Føreord

I Lesja har vi ein rik matkultur og mattradisjon som har vore halde godt i hevd gjennom dagleg bruk, utan store endringar i generasjon etter generasjon. Dette var utgangspunktet for «Mat frå gard og grend».

Lesja Bondekvinnelag meiner det er viktig å ta vare på dei gamle matskikkane og føre dei vidare til komande slekter, og det meste av mat-tradisjonane i Gudbrandsdalen er vel verdt å ta vare på.

Samfunnet endrar seg stadig – folk reiser meir både i Noreg og i utlandet, og dette, saman med eit rikt utval av utanlandske matvarer i butikkane har óg gjeve oss nye matvanar. Er pizza – hamburger og pølser i ferd med å ta bort det særmerkte ved matkulturen?

Kva er så det særmerkte? Tradisjonell mat var stort sett bygd på dei råvarene naturen kunne gjeva, utprøvd gjennom mange generasjonar. Graut og mjølk, salt kjøtt og flesk og flatbrød var basiskosten. Enkel mat, som truleg ikkje inneheldt så mykje feitt som vi har lett for å tru. Mjølka var alltid skumma, smør til kvardags var det lite av, og mjølet var grovt og sammale med høgt innhald av fiber. Det var stor skilnad på kvardags-maten og mat til helg og høgtid. Forventningane føre jul og andre høgtider var store både hos barn og vaksne.

I arbeidet med å samle oppskrifter fekk vi mykje mathistorisk stoff, og ramma for boka vart utvida. Målet vart at vi ville laga ei bok som set maten inn i eit historisk perspektiv, men Gudbrandsdalen er lang, og det er uråd å få med alle nyansane som skiljer frå sør til nord.

Vi har lagt vekt på å få til oppskrifter som er enkle å bruke, også for «nybegynnarar», som vi vonar skal sleppe å bale med «mjøl til passe deig» og andre skjønsmessige måle-einingar. Somme av oppskriftene må ein vel rekne som uaktuelle i dag. Dei er teke med for å vise korleis dei tidlegare nytta ut absolutt alt av råvarene. Vi har også lagt vekt på å bruke gamle dialektord og uttrykk som t.d. «nodo» for deig.

Til slutt vil vi heidre alle kvinnene som har ført mattradisjonane fram til vår tid, og takke alle som har hjelpt oss med tradisjonsstoff og oppskrifter.

Lesja i mai 1995
For Lesja Bondekvinnelag,

Anna Botheim
Haldis Hage
Anne Marie Tordhol
Mette Norderhus
Rigmor Stavheim
Bjørg Nordset
Else Gilberg

Innhald

Forord... s. 6
Matstell i gamle dagar av Olga Nordli... s. 7
Giv Os Idag Vort Daglige Brød... s. 11
Husdyra gav mat... s. 53
Mjølk... s. 82
Mat frå skog og fjell... s. 107
Fisk... s. 115
Poteter, grønsaker og bær... s. 131
Mat til høgtid og fest... s. 151
Nye måtar for oppbevaring av kjøtt, av Audun Einbu... s. 165
Matliste... s. 169
Mål og vekt... s. 170
«Takk for skiftet»... s. 171
Kjelder, informantliste... s. 173
Register... s. 175

Synspunkt på boka

«Boka som Lesja bondekvinnelag står bak er ei retteleg skattkiste for alle som er interessert i mat, mattradisjonar og kulturen rundt dette. Her får vi ikkje bare nøyaktige oppskrifter og grundig gjennomgang av korleis dei ulike rettane skal lagast, men også mengder av kulturhistorie omkring maten, dyrking, oppbevaring og bearbeiding av matvarene i ei tid då frysar og ferdigmat var hundre år fram i tida.
    Bondekvinnene i Lesja har gjort eit imponerande arbeid med boka 'Mat frå gard og grend'.»

Gerd Haugen
Vårt Blad

«Storverk om mat frå Lesja
Det er eit imponerande arbeid Lesja bondekvinnelag står bak med den flotte boka om matkultur og mattradisjon i Lesja og norddalen. Her er all festmaten norddølane treng samla i fltt trykk mellom fargerike permar.»

Kristian Hosar
Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer

«Praktbok.»

Dagningen