![]()
Lesja kyrkje vart bygd i 1740-åra, og på ein takbjelke er årstalet 1749 skore inn. Men kyrkja, som fekk namnet Betel, vart vigsla først 20. juni 1750.
Lesja sokneråd, som ville markere denne hendinga spesielt, valde 04.03.98 ei skriftnemnd, der desse vart med: Ingebjørg Ulfsby Bottheim, Audun Einbu, Odd Reidar Hole (formann) og Sverre Sandve. Planlegging av boka og innsamling av stoff var godt i gang då skriftnemnda 24. mars 1999 valde underteikna til redaktør. Avtalen er likevel slik at skriftnemnda står for utvalet av stoff. Sjølve redigeringa av stoffet og samarbeidet med forlaget er det redaktøren som har.
Skriftnemnda har lagt vekt på at kyrkjebygget skal få ein sentral plass. Det gjeld konstruksjonen, interiøret og målinga. Fagfolk utanfrå har skrive artiklar om kunstnarane Jakob Bersveinson Klukstad og Ragnvald Einbu, det same gjeld om bygningskonstruksjonen og gravminna. Lesja kyrkje har i 90-åra fått nye kyrkjetekstilar. Vi har fått kunstnaren sjølv, Borgny Farstad Svalastog til å skrive om dette. Lesjakyrkja blir av somme karakterisert som den vakraste trekyrkja i Norge.
Odd Reidar Hole har drive eit omfattande granskingsarbeid m.a. når det gjeld gravminne. Tanken er at boka kan hjelpe oss til å sjå kyrkja/kyrkjegarden på ein ny måte. Jamfør artiklar om symbolbruken i kyrkja og på gravminna.
Når det gjeld dei som har hatt arbeidet sitt i/ved kyrkja, har prestane fått ein sentral plass, og det er mange lagnader som stig fram. Heller ikkje for prestane var det alltid lett i ei karrig, fattig fjellbygd der kornet fraus meir enn ein gong.
Kyrkja i Lesja har vore ei folkekyrkje, der kyrkja er sentral på alle merkedagane. Derfor har vi fått skrive særskilt om: dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Men det er - med få unntak lekfolk som har skrive.
Unntaka er følgjande: Vi har fått fleire helsingar til jubileet. Dessutan har vi ei artikkelsamling av sokneprest Otto Østerås. Han emna på ei jubileumsbok, men vart ikkje ferdig før han døydde. Vi har valt å samle artiklane til Østerås, endå om det fører til at somme emne kjem att men då er innfallsvinkelen ein annan.
Skriftnemnda har valt å ta med sentrale artiklar frå "Lesja 18381938" for di denne boka ikkje lenger er i handelen.
Vi har i boka teke med gamle men for Lesjakyrkja sentrale dokument. Vi reknar ikkje med at alle vil vera like interesserte i alt. Men vi håpar at boka kan brukast som ei oppslagsbok i framtida. Derfor har vi òg laga eit personregister. Jamvel om det ikkje er fullstendig, bør det kunna vera til hjelp om ein vil leite fram sentrale personar i Lesja kyrkje gjennom 250 år.
Når det gjeld språkform, vil du møte alt frå gammalt dansk kansellispråk til vanleg norsk i begge målformer. I tillegg har vi enkelte stykke der språkforma er svært dialektnær.
Audun Einbu og Magnus Jøndal har vore språklege konsulentar.
Bjarne Fossøy står for bileta, og der ikkje anna er nemnt, er det han som er fotografen.
Lesja juli 1999
Olav Lia
redaktør
Otto Østerås: Helsingsdikt 7
Merete Klæboe Koksvik og Arne Skjold Koksvik: Du ser den overalt 9
Ellen Martha Blaasvær: Jeg tror på en hellig, alminnelig kirke 10
Georg Hille: Lesja kirke 250 år 11
Trygve Magelsen: Et gudshus og et landemerke 12
Gunnar Rønningen: Lesja kirke et monument over1700-tallets
byggeskikk 13Arnfinn Engen: Jakob Bersveinson Klukstad og innreinga i Lesjakyrkja 21
Kåre Hosar: Ragnvald Einbus malerier 29
Borgny Farstad Svalastog: Kirketekstilene i Lesja kirke 39
Odd Reidar Hole: Tekstilar, inventar og ornamentikk 43
Odd Reidar Hole: "Betel" med sine kristne symbol 57
Paul Gunnar Lien: Lesja kyrkje får nytt orgel 60
Sigurd Einbu / Ola Skotte: Kyrkjeorgelet 65
Sigurd Einbu / Ola Skotte: Omvøling av Lesja kyrkje 66
Helge Kåre Hole: Restaurering av Lesja kyrkje 69
Odd Reidar Hole: Våpenhuset ved Lesja kyrkje det gamle og det nye 73
Helge Klingberg: Gravminner på Lesja kirkegård 75
Odd Reidar Hole: Tillegg om Lesja kyrkjegard 77
Odd Reidar Hole: Lesja kyrkjegard med sine gravmæle og symbol 82
Marit Skreabakken: På kyrkjegarden 86
Odd Reidar Hole: Det gamle kultursentrumet i Lesja hovudsokn 87
Sigurd Einbu / Ola Skotte: Klokkargard og bustad 92
Odd Reidar Hole: Tankar omkring eit gamalt kyrkjehus
Hofs kirkia á Lesjum som vart rivi i 1748 95
Ingebjørg Østerås: Lesja gamle kyrkjegard 101
Sigurd Tordhol: Gamlekyrkjegarden på Lesja 105
Arne Amundgård: Frå prestegarden 106
Sigurd Tordhol: Likhusbakken 106
Otto Østerås: Ved Lesja kyrkje 107
Otto Østerås: Refleksjoner på et kirkested fra 1700-tallet 108
Otto Østerås: På kulturhistorisk grunn 128
Otto Østerås: Kirken og gudstjenesten 129
Otto Østerås: En ærbødig Ansøgning 132
Sverre Sandve: Otto Østerås minneord 134
Gudrun Kullungstad: Dåp konfirmasjon 136
Marit Sørumgård: Gamal dåpshuve frå Synspe i Kjøremsgrende 140
Kirsti Lyftingmo Sæland: Konfirmasjonen minne frå Lyftingsmo 142
Magnus Jøndal: Bryllaup og gravferd skikkar gjennom tidene 143
Hans Gunnarson Kolstad: Salme 148
Åsmund Einbu: Sjong seterkapell 149
Sigurd Einbu / Ola Skotte: Deling av prestegjeldet og heradet 151
Arne Skjold Koksvik: "Lesja-ordningen" 154
Ingebjørg Ulfsby Bottheim: Prester og kapellaner i Lesja 155
Asbjørn Lotsberg: Helsing frå to som flytta ut 177
Olav Lia: Kyrkjetenarstilling med tradisjon 179
Aksel Amlie: På besøk hos kirketjener Johs. Sjåheim 180
Husmandsfæste 183
Herborg R. Akerløkken: Kyrkjebladet 185
Klokkarar på Lesja frå fyrst på 1600-talet og fram til i dag 187
Organistane i Lesja kyrkje 191
Sverre Sandve: Kyrkja og musikkskulen 192
Hans Hole: Lesja prestegard Forpaktere/husmenn 194
Frå statsarkivet på Hamar 198
Aksel Amlie: Lesja kirke 200 år 205
Per Kolstad: Lesja-kyrkja 206
Arnfrid Sandve: Kvifor misjonshistorie ved kyrkjejubiléet? 208
Knut Ellefsrud: Lesja kirke 250 år 212
Guri Sørumgård Botheim: Akantus ei forteljing 213
Akantusskurden blir norsk 214
Ågot Hokstad Lesjakyrkja 216
Litt om forfattarane 217
Personregister 219
Takk frå redaktøren 224