o_natur.gif (1102 bytes)

B_VARETO.JPG (42402 bytes) Den vare tonen
meisterspelemannen Hans W. Brimi

Av Arvid Møller
Omslag/layout: Inger Margrete Slettahaug
Utgitt 1997
168 s.
ISBN 82-91375-07-0
Pris: kr 248,-.
Bestill boka.
(Framsidefoto: Olaf Heitkøtter)

Hans W. Brimi var óg ein «ordhittug døl», som hade mange bidrag til den bokserien, mellom anna denne historia. Han døydde i 1998.


Litt bakgrunnsinformasjon

Naturen har forma oss. Synsinntrykka, luktene, stemninga i lendet kring Tesse har eg bore med meg over alt. Eg trur ikkje eg har kunna formidle tonar og ord til menneske i alle aldrar og med ulik bakgrunn utan alt dette, seier Hans W. Brimi.

Meisterspelmannen frå Vårdalen i Lom fortel i denne boka om eit uvanleg rikt og spennande liv, om oppvekst og ungdomsår på den gamle slektsgarden og på setra ved Tesse.

Han fortel også om hektiske spelmannsår med formidling av folketonar til menneske i inn- og utland.

Då han for eit års tid sidan (i 1996) fekk melding om at han leid av ein uhelbredeleg sjukdom, nekta han å setje seg ned og vente på døden.

- Eg vil sjå framover og gjere så mykje som råd er av ting eg har gledd meg til, seier han. - Fram til nå i livet har eg vore så heldig at eg har hatt evnen til å snu negative hendingar til noko positivt. Dette takkar eg for. Eg takkar også for at det vil vera naturleg for meg å plante eit tre i dag om eg fekk melding om at eg måtte dø i morgon.

Føreord

Hans W. Brimi, bonde og spelemann, bygdemann og nasjonal kulturberar. Han står fram som ein heilstøypt samnemnar for det beste i folkemusikktradisjonane våre. Heilrend som menneske og kunstnar er han å rekne mellom dei fremste formidlarar av folkemusikken i vår tid – ein berande stolpe og ein bergkrystall som skin i det norske kulturlandskapet. Han voks opp under og i tradisjonen, og vart sjølv eitt med han i livslangt arbeid på heimegarden og i glad teneste i og for folkemusikken.

Med dette ervesylvet stig han inn i vår omskiftelege og jagande tid med trygg sjølvkjensle og sindig ro, vel vitande at musikken han har å bere fram og bjoda folket er av verdi, betyr noko for dei og han. Dette er sams åndsarv! I møte med publikum vert musikken nyskapt og glødd, får sitt personlege stempel av utøvaren Hans. Såleis får bodskapen meining, og vert ein direkte straum mellom sjeler som kvelver fantasiens regnbogar over kvardagen.

«Tonar som folk ber inni seg, enkel musikk frå folk til folk», er folkemusikken sitt særkjenne, har Hans sagt. Eit sjølvsagt og krevjande krav til kunsten! Det utkrystalliserte enkle frå det kaotiske kompliserte.

Og dette grunnsynet at musikk; «det finaste språket som finst», vert skapt og får liv i det inspirerande møtet mellom utøvarar og tilhøyrar, har gjort Hans W. Brimi til ein formidlar av Guds nåde, til ein meisterspelemann som med opne sansar og evne til å nytta dei til menneskeleg kontaktskaping, byggjer bruer for tanke- og fantasiflog. Han nyttar meisterleg dagens inntrykk og opplevingar til å til å forsterka og utdjupe bodskapen i den bårande toneflaumen han i sin rause rikdom gjev oss til del. Han spelar «Berg og stjerner» inn i våre liv.

Arnfinn Kyte
Formann i styret for Ole Bull Akademiet

 

Innhald

Det ligg eit Heimfjell... s. 7
Fjosgolvdans og nyfødd kalv... s. 15
I Sævelid, i Sævelid... s. 19
Tonane – det fyrste og det siste... s. 22
Eventyret var seterverro... s. 25
Seterslått og vare tonar... s. 28
Hyljarliv... s. 35
Ei dør opna seg... s. 38
Den fyrste fela... s. 41
Springleikkule og utflukt... s. 47
Ørsalssveis og hardingfele... s. 50
Idealet i Vårdalen... s. 52
Lykke og ulykke... s. 56
Tenestfolk med toneskatt... s. 58
Felguten og Per spelmann... s. 63
Nygammal fele og uro i kroppen... s. 67
Det endelege provet... s. 71
Langleik og leikarring... s. 75
«Bastardspillemann» og byggåker... s. 84
Folkemusikkdialekt... s. 88
Bonde og spelmann... s. 93
«Byrkveen» på amerikansk vis... s. 98
Ei rennande elv... s. 107
Dei viktige profilane... s. 111
Eg fann, eg fann!... s. 113
På samlarferd... s. 120
Respekt for publikum... s. 121
For store veonder!... s. 131
All folkemusikk er religiøs... s. 134
Draum blir røyndom... s. 138
Nå er tida inne... s. 142
Står imot alt press... s. 145
Livslære... s. 147
Å plante eit tre... s. 151
Notar... s. 154

Synspunkt på boka

«– Ei viktig bok for norsk folkemusikk»

Spelemannsbladet

«Det er så mykje eg kunne ha hug til å skrive om denne boka, for stoffet er så rikt, og forfattaren har gjort eit så fint arbeid med å få fram dette levande portrettet av ein av dei største spelemennene i Noreg ... Snøhetta forlag har kosta på ein framifrå bokbunad, og billedstoffet er utsøkt.»

Jul Haganæs
Avisa Valdres

«Boka gjev eit bilete av eit rikt spelmannsliv –   på både godt og vondt, og er full av både humor og alvor... Forfattar Arvid Møller har klart å binde saman spelmannshistoria på ein fin måte, som held på lesaren frå fyrste side.»

Tormod Sperstad
Avisa VIGGA