|
Føreord
Som ordførar i Volda er det meg ei stor glede og ære, på vegner av Volda kommune, å presentere band 3 av bokverket Busetnadssoga for Volda. Det dekkjer bygdene Høydalen, krinsane i Austefjorden og Hjartåbygda.Frå tidlegare har vi Volda-soga I, II, III Gardar og slekter av Per Aarviknes (utgjevne i 1970, 1971 og 1973) og bokverket Dalsfjord. Bolk II Gard og ætt av Sverre Lyngnes (utgjeven i 1965). Desse bokverka har vore eit kjært og mykje brukt innslag i bokhyllene rundt om i Volda, og blant utflytta voldingar elles, i inn- og utland. Då det er 30–40 år sidan desse to bokverka vert utgjevne, var det av den grunn på høg tid at det vart teke tak i dette arbeidet.Volda Kommunestyre skal takkast for at dei gjorde dei naudsynte vedtaka ved å løyve midlar og opprette ei styringsgruppe med ansvar for oppfølging av dette prosjektet.Lokalhistorie er mange voldingar opptekne av. Og det er difor naturleg for meg å nytte dette høvet til å gje ei takk til alle dei voldingar som opp gjennom åra har brukt av fritida si til å ta vare på lokal historie og tradisjonar. Utan desse og det arbeidet som gjennom mange år har vorte gjort, ville det ikkje vore mogleg å fullføre dette verket med den kvaliteten det har fått. Ei særskild takk går til alle dei som utan løn, eller anna godtgjersle, har ytt direkte hjelp til prosjektet i form av sjølve å vere kjelder, samle inn gamle bilde eller på annan måte leite fram informasjon for forfattarar og redaksjon.Høgskulen i Volda og Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal skal og takkast då dei gjennom heile prosjektet har vore viktige samarbeidspartnarar.Ei særskild takk går til redaktør Arnfinn Kjelland og forfattarane Olav Myklebust og Eldar Høidal.Volda kommune vonar at dette bokverket vil bli til like stor glede for voldingane som dei tidlegare bygdesogene har vore.
|