Busetnadsoga for Volda
Busetnadssoga for Volda band 2: Folkestad – Kilsfjorden – Bjørkedalen
Redaksjon: Arnfinn Kjellans (hovudredaktør.) Olav Myklebust og Eldar Høidal
Utgjeve av Volda kommune 2006
ISBN 82-994080-5-9 (heile serien) ISBN-13: 978-82-994080-5-9 (heile serien)
ISBN 82-994080-7-5 (band 2) ISBN-13: 978-82-994080-7-3 (band 2)
Pris: kr ___,00 

Føreord
Som ordførar i Volda er det meg ei stor glede og ære, på vegner av Volda kommune, å presentere band 2 av bokverket Busetnadssoga for Volda. Det dekkjer bygdene Folkestad, Kilsfjorden og Bjørkedalen.
Frå tidlegare har vi Volda-soga I, II, III Gardar og slekter av Per Aarviknes (utgjevne i 1970, 1971 og 1973) og bokverket Dalsfjord. Bolk II Gard og ætt av Sverre Lyngnes (utgjeven i 1965). Desse bokverka har vore eit kjært og mykje brukt innslag i bokhyllene rundt om i Volda, og blant utflytta voldingar elles, i inn- og utland. Då det er 30–40 år sidan desse to bokverka vert utgjevne, var det av den grunn på høg tid at det vart teke tak i dette arbeidet.
Volda Kommunestyre skal takkast for at dei gjorde dei naudsynte vedtaka ved å løyve midlar og opprette ei styringsgruppe med ansvar for oppfølging av dette prosjektet.
Lokalhistorie er mange voldingar opptekne av. Og det er difor naturleg for meg å nytte dette høvet til å gje ei takk til alle dei voldingar som opp gjennom åra har brukt av fritida si til å ta vare på lokal historie og tradisjonar. Utan desse og det arbeidet som gjennom mange år har vorte gjort, ville det ikkje vore mogleg å fullføre dette verket med den kvaliteten det har fått. Ei særskild takk går til alle dei som utan løn, eller anna godtgjersle, har ytt direkte hjelp til prosjektet i form av sjølve å vere kjelder, samle inn gamle bilde eller på annan måte leite fram informasjon for forfattarar og redaksjon.
Høgskulen i Volda og Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal skal og takkast då dei gjennom heile prosjektet har vore viktige samarbeidspartnarar.
Ei særskild takk går til redaktør Arnfinn Kjelland og forfattarane Olav Myklebust og Eldar Høidal.
Volda kommune vonar at dette bokverket vil bli til like stor glede for voldingane som dei tidlegare bygdesogene har vore. 

                            Volda den 23.10.2006
Ragnhild Aarflot Kalland
Ordførar i Volda

Innhald
Føreord 6
Folkestad 7
Indre Nautvika 37
Ytre Nautvika 43
Kornberg – Ekornberget 53
Rønstad 60
Løndalen 75
Sollida 83
Kongsvollen 89
Reitane 98
Ytre Folkestad 107
Brennene 139
Bjørnanakken 145
Åsebøen 151
Åsen 159
Indre Folkestad 163
Holen – Holte 178
Nedste-Flotane 187
Flotane 191
Store Krumsvika 197
Lisje Krumsvika 208
Kilsfjorden 211

 

Detaljert innhaldsliste

 

Lisje Mek 234
Store Mek 242
Årvika 253
Straume 258
Fylsvika 275
Storebotnen 299
Lisjebotnen 304
Bjørnaset 307
Søvika 327
Kile 337
Bjørkedalen 362
Søre Bjørkedalen – Sørdalen 388
Eidseflot – Øygarden 418
Løset 424
Helset 436
Nøre Bjørkedalen – Ottarsdalen 452
Notar, kjelder og litteratur, informantar 474
Detaljert innhaldsliste, alle bustader 478
Retting av feil i band 1 483
Oversyn over namnegardar og bandnummer 487