o_natur.gif (1102 bytes)

 

  Sunnmørske tunnamn
 
Individ - samfunn - landskap

   Av Jostein Fet 
    Sats og layout: Snøhetta forlag a.s, 2665 Lesja
    Omslag: Dovre Design AS
   
ISBN 978-82-91375-27-4
   Utgitt 2010

   416 s. rikt illustrert
   Kr. 348,00
  
Bestill boka her,  eller bestill frå Forlagssentralen

  Sjå og: http://www.hivolda.no/index.php?ID=18731&lang=nyn&displayitem=3967&module=news

 

Forord
Emnet for denne boka er tradisjonelle tunnamn som knyter seg til eldre jordbruks- og fiskarsamfunn på Sunnmøre. Namna kastar lys over vestlandsk jordbruks- og busetjingshistorie, demografiske rørsler, økonomiske og sosiale lagdelingar og språklege utviklingssteg. Tunnamna er ikkje berre eit gammalt adresse- og kommunikasjonssystem, det er også ein kulturhistorisk og språkleg arv som det hastar med å berge. Årleg kan ein rekne med at ei stor mengd av dei gamle tunnamna forsvinn, gjennom nedlegging av gardsbruk, samanslåingar til større einingar, tettstadutbygging på gammal matjord, og ikkje minst ved at nye adresse- og identifikasjonssystem tevlar ut det gamle. 
   Mesteparten av namna stammar frå tidsromet ca. 1600–1920 og er av mykje ulik alder. Lyriske eller nasjonalromantiske namn som Ljosheim, Fredly, Trudvang, Utsikten, Haabet o. l., som for det meste stammar frå tida etter 1900, har eg ikkje teke med. Dette er gjerne namn på parsellar som er utskilde frå gardsbruk i seinare tid, mest i nærleiken av tettbygde strok. I og for seg er slike namn også interessante, med di dei gir uttrykk for eit idealisert syn på Bygde-Noreg i fortid, notid eller framtid. Ideologisk høyrer dei til det nasjonale straumdraget som var mest kjenneleg i tida 1890–1940, og er difor av kulturhistorisk interesse. Men dei fortel lite og inkje om historia til garden og blir lite brukte som sosiale adresser i nærmiljøet. I somme høve kan slike namn bli adopterte til familienamn, som Fridtun i Stryn, kjent gjennom norskdomsmannen og forfattaren Jon Fridtun

Geografisk avgrensing
I tittelen på denne boka ligg ei geografisk avgrensing. Når eg har valt Sunnmørske tunnamn i staden for Tunnamn på Sunnmøre, er det fordi den første tittelen kjennest meir avgrensande enn den siste. Tilfanget dekkjer mesteparten av Sunnmøre, men ikkje heile. Avgjerande for utvalet er at bygdebøkene, som er viktigaste kjelda mi, presenterer dei tradisjonelle tunnamna på gardsbruka. Når eg har måtta utelate gamle Stranda frå Nøre Sunnmøre og Vanylven, Sande og Herøy frå Søre Sunnmøre, er grunnen at gardssogene eller ættesogene for desse bygdene presenterer brukarslektene etter eit system som er minder høveleg til mitt føremål, eller at tunnamna blir brukte berre delvis og med til dels manglande historikk, slik at det er vanskeleg å samanlikne namngjevinga statistisk med dei andre delane av regionen. Stikkprøver viser likevel at dei tre utelatne kommunane på Søre Sunnmøre følgjer i nokon mon tunnamn-mønsteret i bygder som Ulstein og Hareid, like eins at gamle Stranda kommune følgjer mønsteret til dei andre Storfjord-kommunane. 
  Ein av kommunane kjem i ei særstilling. Det er noverande Haram kommune, som femner om gamle Vatne kommune og Nordøyane (Fjørtofta, Flemsøya, Haramsøya og Lepsøya). Gamle Vatne har fått si bygdesoge ved Harald Slyngstad, medan soga for Nordøyane er under arbeid. Her har hjelpesmenn gitt meg oversyn over sjølve tunnamna, men sjølve gardshistoria manglar. Det gjer at eg har måtta sløyfe namnetilfanget frå desse øyane i somme av tabellane. Det samla materialet for undersøkinga er likevel etter mi meining representativt for heile Sunnmøre. 

Kjeldene
Tunnamna har eg henta frå gards- og bygdebøker frå 18 tidlegare eller noverande sunnmørskommunar eller delar av kommunar, nemleg: 
Dalsfjord, Giske, Haram, Hareid, Hjørundfjord, Norddal, Skodje, Stordal, Sula, Sunnylven og Geiranger, Sykkylven, Ulstein, Vartdal, Vatne, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund. Til saman har eg registrert 4763 tunnamn frå desse geografiske einingane. Namneregisteret er plassert til slutt og utgjer ein stor del av boka. Av omsyn til systematikken er tunnamna i registeret inndelte i 7 kategoriar etter form og funksjon, innbyrdes alfabetiserte: Person-tunnamn, Etternamn, Bygdenamn, Yrkesnamn, Husnamn, Retningsnamn og Naturnamn. Kvar av desse gruppene svarar til 7 hovudkapittel i den analytiske delen. Den som leitar etter eit særskilt tunnamn, bør såleis setje seg inn i kva kategori det høyrer til, og slå opp i det aktuelle delregisteret. 
 Fleire av dei administrative einingane ovanfor har gått opp i andre kommunar i seinare tid: Dalsfjord er blitt ein del av Volda kommune; gamle Haram kommune er slegen saman med Vatne; Hjørundfjord og Vartdal er lagde til Ørsta kommune; Sunnylven og Geiranger er no ein del av Stranda kommune, og gamle ærverdige Borgund prestegjeld vart delt opp i Giske, Sula og Ålesund kommunar. Mange av bygdebøkene er avgrensa til desse gamle administrative einingane. Liste over bygdebøker og anna kjeldemateriale vil du finne under Kjelder bak i boka.
  Etter at gards- og bygdebøkene vart skrivne, har der vore mindre endringar i kommunegrensene. T.d. høyrer Terøya, Store og Litle Kalvøya og Bjørnøya i dag til Haram kommune, medan dei før høyrde til Ålesund. På den andre sida vart Dryna og om lag halve Midøya overført frå Vatne til Midsund kommune i 1965. Av historiske grunnar er gardar og tun i dette området likevel med i Vatne bygdebok II. I det heile følgjer eg grensene som gjeld i bygdebøkene.

Nøre og Søre Sunnmøre
Dialektforskaren Hallfrid Christiansen skriv Nord-Sunnmøre, ei form som ikkje blir brukt i landsdelen. I Alf Helleviks Nynorsk ordliste (2006) er nørdre oppført ved sida av nordre som komparativform. I samsvar med sunnmørsmålet brukar eg nemninga Nøre, ikkje Nørdre eller Nordre Sunnmøre. Motsetnings- og rimparet nøre og søre blir brukt også i andre stadnamn på Sunnmøre, t.d. Nøre Vartdal og Søre Vartdal, Nøre Bjørkedal og Søre Bjørkedal.

Geografisk inndeling 
Kyrkjeleg og rettsleg var Sunnmøre frå gammalt delt i ein sørleg og ein nordleg del, med skiftande omfang og inndelingar. I dag reknar ein med at Søre Sunnmøre består av Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda, Dalsfjord, Ørsta, Vartdal, Hjørundfjord. Til Nøre Sunnmøre reknar ein Ålesund, Sula, Giske, Haram, Vatne, Skodje, Ørskog, Sykkylven, Stranda, Stordal, Norddal, Sunnylven og Geiranger. Viktige målføremerke, særleg i vokalisme og pronomenbruk, særmerkjer kvar av desse delane av Sunnmøre.
Men økonomisk hopehav mellom nord og sør og fjordbygder og øysamfunn var med og jamna ut skilnadene. Fiskeria på sunnmørskysten var ikkje berre for øybuarane. Folk frå indre bygder som Volda og Ørsta låg i fiskja utanfor Herøy og Ulstein, slik at desse bygdene fekk mange felles trekk i næringslivet. Hjørundfjordingane og sykkylvingane heldt seg helst til sjømarkene rundt Godøya, Giske og Vigra, og fjordingane lengre inne på Nøre Sunnmøre deltok m.a. i Borgundfjord-fisket. Dette førte til at der var ei viss flytting og gifting mellom folk frå Nøre og Søre og indre og ytre Sunnmøre.
  Kommunikasjonane mellom Nøre og Søre Sunnmøre baud likevel på hindringar. Heilt fram til eit stykke ut på 1800-talet var det lite samkvem mellom Søre Sunnmøre og bygder som Stranda, Norddal, Sunnylven og Geiranger. Abonnentlistene åt Landboe-Avisen, som kom ut på Ekset i Volda mellom 1833 og 1844, viser nesten ingen lesarar frå fjordbygdene på Nøre Sunnmøre. 
  Den viktigaste kontakten mellom Søre og Nøre Sunnmøre var postrutenettet, med den Throndhjemske Postvei som ryggrad. Ruta gjekk over Vestnes til Ørskog, Stranda og Sunnylven, og derifrå til Hornindal, Faleide, Utvik, Red og vidare sørover til Bergen. Eit stort framsteg for kontakten var det då bipostruta frå Ørskog til Borgundsundet i 1804 vart forlengd til Brandal, Hareid, Dimnasund og Volda (jf. Fet 2003: 189–191).

Fordelinga av gardtalet 
Fordi kjeldene er ujamt fordelte mellom nord og sør, blir der ei ulik fordeling i namnemengd. Av det samla materialet på 4763 tunnamn dreg Nøre Sunnmøre av stad med 3358 tunnamn, frå Søre Sunnmøre har eg 1405 tunnamn. I den mon eg kvantifiserer namnetypar og namneformer, prøver eg å ta omsyn til desse tala.
 
Noteapparat 
Noteapparat samla til slutt eller etter kvart hovudkapittel vil ein ikkje finne i denne boka. I staden har eg sett utfyllande kommentarar med lita skrift inn i hovudteksten, slik at lesaren ikkje treng leite etter notar ein annan stad i boka. Eg legg også vinn på å gjere innhaldsregisteret så detaljert som mogleg, slik at dette også i nokon mon kan kome leitande lesarar i møte.

Hjelp og råd
Mange opplysningar om tunnamn har eg fått skriftleg og munnleg frå lokale heimelspersonar. Det gjeld først og fremst opplysningar om tunnamn på Nordøyane, som eg har fått skriftleg av Rolv Fjørtoft, Palmar Fjørtoft og Knut Halvard Ulla. Andre nyttige opplysningar om tunnamn i Haram, Ørskog, Norddal, Sunnylven og andre bygder har eg fått telefonisk frå ei heil rad med hjelpsame og interesserte heimelspersonar. Ørsta folkebibliotek har gitt meg tilgjenge til si samling av Knudsen-bilete, Harald Kjølås har hjelpt meg å finne fram til aktuelle bilete av Magne Flem
o.a. og Terje Aarset har lese igjennom delar av manuset og gitt meg gode råd.
For all denne hjelpa er eg mykje takksam.

 

Innhald 






Jørn-Gamle Ole.
I 1902 kom det ein engelsk professor, G. E. Hale, til Fet. Han hadde med seg ein flokk studentar. Dei skulle studere norsk bondeliv og gå i fjellet. Professoren hadde med seg fotoapparat og tok bilete av folk og fjell. Dei heldt seg mykje i Jørngarden. Her tok dei m.a. bilete av Jørn-Gamle Ole, Ole Nilsson Fet (l823–1906). Han var kårkall i garden, og sytte for at kvinnfolka hadde nok ved. Fotograf: Dr. G. E. Hale, England,1902.