Sula-soga band 5
Busetnadssoga Band 5: Stadsneset – Kalvestad
 Redaksjon: Arnfinn Kjellans (ansv.) Ole Martin Sørumgård og Jens Johan Hyvik
Utgjeve av Stiftelsen Sula-soga 2008
ISBN 978-82-996553-0-9 (komplett)
ISBN 978-82-996553-6-1 (dette bandet)
Pris: kr 500

Forord
Arbeidet med sogeverket om gardar, bustader og folk på Sula nærmar seg no fullføring. Med dette legg vi fram femte bandet av Sula-soga. Dette er det avsluttande bandet med busetnadssoge. Det står no berre att eit band, registerbandet.Band 5 omfattar området frå og med Stadsneset til og med Kalvestad. I forordet til andre bandet gjorde vi greie for at vi måtte endre planane om fire band til fem. Grunnen var som det stod den gongen at «Ut frå ei samla vurdering av stoffmengda som det etter kvart viser seg vi kjem opp i, og for å oppnå ein jamnare storleik på kvart band, har styret for stiftelsen kome til at verket må aukast til 5 band. Dermed får resten av verket ei noko endra inndeling i høve til det som opphaveleg var tenkt.» Også i arbeidet med band 5 har arbeidsgruppa hatt verdfull hjelp til å identifisere gamle bilete av ei gruppe lokalkjende folk i dei ulike bygdelaga som dette bandet omfattar. Liste over desse kjem i siste bandet, som altså blir eit band med fleire register til dei fem fyrste banda, komplett liste med retting av feil og kjeldeliste.Elles viser vi til forordet i første bandet.

    

Sula i august 2008
For Stiftelsen Sula-soga 
Oddbjørn Øien, leiar Marit Bolstad Jarle Sulebust 
Asbjørn Tryggestad Rolv Ukkelberg

Innhald
Forord 6
Stadsneset 7Molvær 64
Molværsmyra 239
Sandvika 262
Diverse, Langevåg sentrum 282
Langevågsholmane 295



Kjellingset 306
Flesje 310
Kalvestad 314
Detaljert innhaldsliste 319
Retting av feil i band 1–4 325