Sula-soga
Busetnadssoga Band 3: Fiskarstranda – Holsfeta
 Redaksjon: Arnfinn Kjellans (ansv.) Ole Martin Sørumgård og Jens Johan Hyvik
Utgjeve av Stiftelsen Sula-soga 2006
ISBN 978-82-996553-0-9 (komplett)
ISBN 978-82-996553-4-7 (dette bandet)
Pris: kr 500

Forord
Arbeidet med sogeverket om gardar, bustader og folk på Sula skrir jamt og trutt fram. Band 3 vart diverre om lag ein månad forseinka i høve til den oppsette planen. I hovudsak skuldast dette eit meir omfattande arbeid i sluttfasen med endringar og korrektur på grunn av ufullstendig utfyllte og/eller manglande skjema. Men med dette er tredje bandet av Sula-soga klart til utsending. Band 3 omfattar området frå og med Fiskarstranda til og med Holsfeta. I forordet til andre bandet gjorde vi greie for at vi måtte endre planane om fire band til fem. Grunnen var som det stod den gongen at «Ut frå ei samla vurdering av stoffmengda som det etter kvart viser seg vi kjem opp i, og for å oppnå ein jamnare storleik på kvart band, har styret for stiftelsen kome til at verket må aukast til 5 band. Dermed får resten av verket ei noko endra inndeling i høve til det som opphaveleg var tenkt.»Også i arbeidet med band 3 har arbeidsgruppa hatt verdfull hjelp til å identifisere gamle bilete av ei gruppe lokalkjende folk i dei ulike bygdelaga som dette bandet omfattar. Liste over desse kjem i siste bandet.Elles viser vi til forordet i første bandet.

    

Sula i desember 2006
For Stiftelsen Sula-Soga 
Oddbjørn Øien, leiar  Marit Bolstad  Jarle Sulebust  
Asbjørn Tryggestad Rolv Ukkelberg

Innhald
Forord 6
Fiskarstrand 7
Fiskarstranda 27
Djupvika 90
Vedde 148
Veddegjerdet 174
Vasset 217


Bratthaugen 244
Holen 279
Holsfeta 326
Notar 336
Detaljert innhaldsliste 337
Retting av feil i band 1 og 2 345