Sula-soga
Busetnadssoga Band 2: Furneset - Tranvågen
 Redaksjon: Arnfinn Kjellans (ansv.) Ole Martin Sørumgård og Jens Johan Hyvik
Utgjeve av Stiftelsen Sula-soga 2005
ISBN 82-996553-0-7 (Sula-soga, heile serien)
ISBN 82-996553-3-1 (dette bandet)
Pris: kr 500

Forord
Med dette ligg andre bandet av Sula-Soga føre. Band 2 omfattar området frå og med Furneset til og med Tranvågen. Etter dei opphavelege planane skulle dette sogeverket kome ut i fire band. Ut frå ei samla vurdering av stoffmengda som det etter kvart viser seg vi kjem opp i, og for å oppnå ein jamnare storleik på kvart band, har styret for stiftelsen kome til at verket må aukast til 5 band. Dermed får resten av verket ei noko endra inndeling i høve til det som opphaveleg var tenkt.
   I arbeidet med band 2 har arbeidsgruppa hatt verdfull hjelp til å identifisere gamle bilete av ei gruppe lokalkjende folk i dei ulike bygdelaga som dette bandet omfattar. Liste over desse kjem i siste bandet.
  Frå og med dette bandet er elles den faggruppa som arbeider med innhaldet i Sulasoga utvida med ein ny bilde-medredaktør, Harald E. Tafjord. Han skal i tillegg arbeide med kart-namn og rammetekstane om stadnamn i samråd med prosjektleiar Arnfinn Kjelland.
  Elles viser vi til forordet i første bandet.

    

Sula, hausten 2005
For Stiftelsen Sula-Soga 
Oddbjørn Øien, leiar  Marit Bolstad  Jarle Sulebust  
Asbjørn Tryggestad Rolv Ukkelberg

Innhald
Forord 6
Mauseidvåg 7
Furneset 27
Mauseidvågen 45
Mauseid 92
Karlsbakken 119
Vikane 127
Eikrem 133
Hjellen 168
Båtneset 172
Lassegarden 176
Flesjesund – Sulesund 180

Øygarden 188
Røysa 195
Sulabakken 200
Sulebust 207
Nøringset 212
Rørstad 219
Korsneset 293
Blomvika 302
Valen 326
Tranvågen 335
Notar 349
Detaljert innhaldsliste 350
Retting av feil i band 1 358