o_natur.gif (1102 bytes)

 

Ski-eventyret om Sjårdalstrioen og Heidalstrioen

Av Terje Kleiven 
 Sats og layout: Snøhetta forlag a.s, 2665 Lesja
Omslag: Dovre Design AS

Utgitt 2007
208 s. 
Kr. 290,00
Bestill boka

Veterantreff på Vianvang i Vågå. Frå venstre: Ole Ellefsæter, Gjermund Eggen, Reidar Hjermstad, 
Halgeir Brenden, Magne Myrmo, Johs. Harviken, Arne Botten, Harald Grønningen, 
Reidar Bekkemellem, Halfdan Kluften, Erling Steineide, Lorns Skjemstad, Sverre Stensheim, 
Odd Martinsen, Håkon Brusveen og Oddmund Jensen. Foto: Agnete Brun.

Trivleg skiprat. Frå venstre: Arne Botten, Halfdan Kluften, Erling Steineide, Arvid Ryen, 
Reidar Bekkemellem og Terje Kleiven.

 

Forord
Det er skistemning over Østmarksetra like ved Oslo. Ein stuttvaksen, spinkel kar med «djevelhuve» og mørkeblå vinddress stormar gjennom løypa i ein fart og med ein teknikk som får folk til å bla i programmet for å finne ut kven i reine verda detta kan vera. Ein teknikk han har lært gjennom å studere avisutklypp av Hallgeir Brenden, ein fart han har opparbeidd seg gjennom hardt arbeid og mykje trening.
   Året er 1958. Erling Steineide går i mål til ein overraskande tredjeplass i norgesmesterskapet for junior, tre fattige sekund bak vinnarane Alv Storelvmo og Ole Ellefsæter. 
   Han visste det ikkje da – ingen visste det – men dette var starten på det som må seiast å vera sjølve glansperioden for langrenn i Nord-Gudbrandsdalen. Dei neste 13 åra kunne distriktet skilte med seks norgesmesterskap i stafett, eitt individuelt norgesmesterskap, OL-deltaking og to VM, to juniorseiere i Holmenkollen og ein i Lahti. Namn som Steineide, Kluften og Botten, Ryen og Bekkemellem opererte på resultatlister frå Alta og Kirkenes i nord til Castelrotto og Seefeld i sør, frå vestkysten av Canada til langt inn i dei finske skogane. Sjårdalen, Faukstad og Heidal vart stader knytt til langrenn og kjent for alle som var interessert i idrett. 
   Her handlar det om vår nasjonalidrett i ein periode som på mange måtar er svært så ulik den vi ser i dag – før verdenscup og sprintrenn, før skøyting og skiathlom (dobbel jaktstart). Ikkje var det sportssendingar i fjernsyn frå 10 til 18 kvar bidige helg heile vinteren, og ikkje spelte dei playstation på fritida. Nei, det var den gongen dei fleste gode langrennsløparar kom frå grisgrendte bygder og «lufta kvae», den gongen dei laut smøre treskia sine sjøl. Det var da ein studerte avisutklypp for å lære skiteknikk i staden for å gå på skigymnas. Og folk høyrde på Bjørge Lillelien i radio og noterte tider. Folk kunne gå på ski over Bjølstadskogen for å sjå landets fremste skiløparar kappgå i Heidalsrenn – fordi det var ei stor begivenheit. Før fjernsynsskjermen hadde gjort oss sløve og kravstore og mette. 
  Eg vil prøve å skildre denne idrettsepoken 35–45 år attende i tid, sett inn i si samtid. Boka handlar ikkje om slike som vann olympisk gull og vart verdensmestere, men om bygdeungdom frå enkle kår som voks opp i etterkrigstid med rasjonering og hardt arbeid, ungdomar som hadde særlege anlegg for skigåing og som trena hardt for å bli gode – og som lykkast. Dei sette Nord-Gudbrandsdalen på langrennskartet som berre lesjingen Lars Berger har makta seinare. Dei vart skiløparar i ei tid det ikkje var så flust opp med fritidstilbod for ungdommen, der arbeid gav trening og der avsides oppvekst stålsette viljen. Saman med andre vart det skapt eit fantastisk langrennsmiljø med entusiasme og iver i idrettslag og blant bygdefolk. Dei var ambassadørar for den ekte idrettsånd og idrettsglede. Dei vart store utan å vera heltar. 
   Det er på høg tid at denne «gullalderen» i langrennssporten i Nord-Gudbrandsdalen blir skrivi ned.

 Lalm, 
januar 2007
Terje Kleiven

 

Innhald 
Forord 5
DET VAR EIN GONG 7
Frå bureisarbarndom til Østmarksetra 7
Kluftgutein’ 14
Langrenn i 26 kuldegrader 20
Vetl-Kluftin til topps i Holmenkollen 25
Eit skimiljø veks fram 31
Dei kom frå skogen 38
Ikkje berre enkelt ... 43
Besseggløpet 48
GJENNOMBROT 56
Frå kretssamling til elitelag 56
Sjårdalen norgesmestere i stafett 62
Dramatikk i Sälen 71
Olympisk stafett-thriller 74
Gudbrandsdalens store dag 79
Verdens beste junior! 85
Frå Maihaugen til nordkalotten 91
Østbystafetten 98
Rondeløpet 104
SKISPOR KRYSSAR VERDA 109
Monolitten og andre parkrenn 109
Suveren norgesmester 114
Reinsgjetaren 121
I skuggen av dei tre store 127
Birkebeiner og 7-milsmester 132
På Heidalsrenn 138
Frå italienske alper til canadiske skogar 144
SEIER OG NEDERLAG 149
Femmilssprekk og NM-triumf 149
OL i Grenoble – mitt livs skuffelse! 154
NM-gull og generalstabens pokal 158
Holmenkollen 164
Ikkje te’ å bli feit ’tå Om reising, utstyr, premiar og «sponsorar» 169
Harde tak i Vysoke Tatry 174
Med piggsko og stuttbrok 179
Det siste mesterskapet 188
Det idretten gav 194
Etterord av Rolf Kjærnsli 198
Kjelder 199