|
Forord
Bygdabokskrivaren
Jon Kolden n vart fødd i Grafferskjørri i Garmo i 1925. Skulegangen hadde han i Garmo og ved Lom og Skjåk realskule. Examen artium tok han på engelsklina ved Eidsvoll landsgymnas i 1946.Ved universitetet i Oslo tok han bifagseksamen i historie og engelsk – og seinare lærarprøva ved Oslo lærarskule i 1953.I 2 år var han tilsett ved Lom framhaldsskule før han i 1955 vart tilsett som adjunkt ved Lom og Skjåk Realskole, ei stilling han hadde fram til 1966. Då vart han styrar/rektor ved Lom ungdomsskole, ein skule han bygde opp frå grunnen. Jon Kolden var og sentral i å få gymnasklassar til Lom i 1972, ein skule som vart til Lom vidaregåande skule med han sjølv som rektor frå 1977. Denne stillinga hadde han fram til han tok over som bygdebokskrivar i 1988.Gjennom heile livet var han politisk engasjert, m a var han ordførar i tida 1972–1975.
Lom kommune ved Bård Hanem
Forord
frå bygdaboknemnda
I mai 1997 gjorde Lom formannskap vedtak om å be Snøhetta forlag a.s. utarbeide eit forprosjekt for ei gards- og ættesoge for Lom basert på manuskriptet Jon Kolden let etter seg da han gjekk bort i 1996. Sjølv kalla han det «ein råkladd».I juni 1997 oppnemnde formannskapet Bygdaboknemnda. Nemnda skulle vera det lokale styringsorganet og ha hovudansvaret for samarbeidet med fagredaksjonen i Snøhetta forlag.Medlemar i nemnda for Bygdabok for Lom bind 4 har vore: Sigrun Storlien, Ola Magnar Hoft, Per Kveen, Bård Hanem (Lom kommune), Gaute Elvesæter Helland (leiar). Kristin Kolden Brandsar har vore sekretær på deltid, og har mellom anna hatt hovudansvaret for oppfylgjing av personopplysningar frå nyare tid.Asbjørn Dagsgard har lese korrektur, og hatt språkleg fagansvar.Lom Knipsarlag ved Knut Holen, PS-foto i Skjåk ved Per Steinar Løkken og Per Kveen frå nemnda har hatt hovudansvar for innsamling og klargjering av biletstoffet.Jon Kolden vart tilsett som bygdabokskrivar for Lom i 1988, sjå forordet til bind 1.Med bind 4 er dette bygdabokarbeidet i Lom avslutta.Snøhetta forlag, ved ansvarleg redaktør Arnfinn Kjelland, Ole Martin Sørumgård og Bjarne Fossøy, har gjort eit stort og fagleg gundig arbeid der Jon Kolden ikkje vanst.Asbjørn Dagsgard har, i tillegg til grundig korrektur og språkleg rettleiing, kome med mange opplysningar av stor verdi for bokarbeidet.Bygdaboknemnda vil og takke tidlegare nemndsmedlemer og alle grendesmenn- og kvinner. Deira innsats og velvilje, og interessa blant bygdafolk, har vore med på å drive arbeidet fram.I tillegg til løyvingane frå Lom kommune, har økonomisk støtte frå Visekveldane i Lom ved Alf Holø og frå Sparebank 1 Lom og Skjåk gjort det mogleg å avslutte arbeidet på ein god måte.I eit bokverk der om lag 25 000 namn er samla, kan det og koma inn opplysningar som ikkje er rette. Dei opplysningane, som er innkomne om slike feil i dei tre fyrste binda, er samla bak i 4. bindet. Eventuelle rettingar til dette bindet vil Lom kommune ta imot og gjera tilgjengelege.Det har og kome brev av slektshistorisk karakter til Bygdaboknemnda eller redaksjonen som ikkje kunne arbeidast inn i manuskriptet. Desse breva, saman med anna bakgrunnsmateriale for bygdabokarbeidet, vil bli samla i eit arkiv som vil vera tilgjengeleg i Lom kommune.Det vil og bli arbeidd vidare med spørsmålet om eit meir omfattande register.Lom i oktober 2007Gaute E. Helland, leiarSjå bind 1: Forord frå redaksjonen.
Forord frå redaksjonen, sjå bind 1 s. 5–6.
|