Bygdabok for Lom bind 1
Gards- og ættesoge for Vårdalen

Av Jon Kolden
Utgjeve av Lom kommune 2000.
ISBN 82-995656-2-6
Pris: kr 500,

Forord
Bygdebokskrivaren
Jon Kolden vart fødd på Grafferskjørri i Garmo i 1925. Skulegangen hadde han i Garmo og ved Lom og Skjåk realskule. Examen artium tok han på engelsklina ved Eidsvoll landsgymnas i 1946.
Ved universitetet i Oslo tok han bifagseksamen i historie og engelsk – og seinare lærarprøva ved Oslo lærarskule i 1953.
I 2 år var han tilsett ved Lom framhaldsskule før han i 1955 vart tilsett som adjunkt ved Lom og Skjåk Realskole, ei stilling han hadde fram til 1966. Då vart han styrar/rektor ved Lom ungdomsskole, ein skule han bygde opp frå grunnen. Jon Kolden var og sentral i å få gymnasklassar til Lom i 1972, ein skule som vart til Lom vidaregåande skule med han sjølv som rektor frå 1977. Denne stillinga hadde han fram til han tok over som bygdebokskrivar i 1988.
Gjennom heile livet var han politisk engasjert, m a var han ordførar i tida 1972 – 1975.

Forord frå bygdaboknemnda
Jon Kolden vart tilsett som bygdabokskrivar for Lom i 1988. Han vart med ein gong eit midtpunkt for alle i bygda med interesse for bygdasoga. Han vart Sogeskrivaren i Lom. Snart fekk han kontaktar både i inn- og utland, og han hjelpte mange til å finne attende til «røtene» sine.
Da han døydde i 1996, låg det etter han ein «råkladd», som han kalla det sjølv, og ei mengd notat. Men storparten av kunnskapen bar han nok med seg sjølv.
Alt frå 1978 hadde det vore ei sogenemnd i Lom. Dei tenkte seg ei ålmenn bygdasoge. Frå 1988 vart det arbeidd med å fullføre ei gards- og ættesoge.
I eit notat datert 30. januar 1996 har Jon Kolden gjeve eit stutt oversyn over arbeid og status. Her ser ein tydeleg at arbeidet vart utført i ei brytnings- og overgangstid. Jon byrja arbeidet med blyant og notat, gjerne på baksida av kommunale papir, og avslutta i ei dataverd i rivande utvikling.
Etter ein del forarbeid gjorde formannskapet i mai 1997 vedtak om at Snøhetta forlag a.s skulle gjera eit forprosjekt for ei gards- og ættesoge for Lom. I juni gjorde formannskapet vedtak om å velja ei bygdaboknemnd. Medlemer har vore Sigmund Garmo, Oddbjørg Blakar, Ole Magnar Hoft, Bård Hanem og Gaute Helland. Frå bind to kjem Olav Svestad inn for Sigmund Garmo som representant for Lom Heimbygdslag. Nemnda fekk fullmakt til å gjera naudsynte avtalar med Snøhetta forlag innafor gjevne økonomiske rammer.
Det har vore ein stor krins av aktive grendemenn og -kvinner med i arbeidet. Asbjørn Dagsgard har vore ein trufast språkkonsulent for nemnda, og Lom Knipsarlag, Per Steinar Løkken og Snøhetta forlag har alle vore gode samarbeidspartnarar.
Nemnda takkar alle for arbeidet og samarbeidet.
Lom i desember 2000, for bygdaboknemnda
Gaute Helland, leiar

Forord frå redaksjonen
Denne delen av bygdabokverket for Lom er fullført av ein redaksjon ved Snøhetta forlag a.s, Lesja der Ole Martin Sørumgård, Bjarne Fossøy og Arnfinn Kjelland (ansvarleg redaktør) har vore med. Vi tok over eit materiale etter Jon Kolden som kan delast inn i fire hovuddelar:
1. Eit papirarkiv med mapper for dei fleste gardane i bygda, der notat frå det viktigaste kjeldematerialet – dødsbuskifte, matriklar, tingbøker (rettsprotokollar), pantebøker og -register (grunnbøker) o.l. er lagt inn.
2. Eit databehandla personarkiv (frå kyrkjebøkene og folketeljingane).
3. Eit skjemabasert grunnlagsmateriale til den nyaste slektshistoria.
4. Ein «råkladd» til gardshistorietekst.
Det databehandla personarkivet
var bygt opp kring datasystemet «Ættesoge». Her la Kolden inn kyrkjebøkene og folketeljingane, og «lenka» saman alle opplysningar han hadde funne om kvar einskild person i desse kjeldene (fødsel, vigsel, innføring som far eller mor ved barnefødslar, til stades i folketeljing og til sist utflytt eller gravlagd). Slik fekk datamaskina eit oversyn over livshistoria til alle personar i Lom, inkl. kven dei var barn av. Maskina «kopla» så saman alle einskildpersonar til familiar. Dette arbeidet var Kolden tilnærma ferdig med; det stod berre att å lenke til opplysningar om ca 500 utflytte personar.
Ole Martin Sørumgård har hatt ansvaret å hente ut dette store materialet frå datasystemet, omforme det og skrive det ut i forståeleg form. I sluttproduktet finn ein att dette under kvar bustad (gard, plass, bustadhus) under overskrifta «Folket:». Sørumgård har òg gått igjennom primærkjeldematerialet for tida før kyrkjebøkene (attende til 1500-talet) og skrive ut avsnitta frå denne perioden under «Folket:» som eit sjølvstendig granskingsarbeid.
Grunnlagsmaterialet til den nyaste slektshistoria
gjeld tida da opplysningar i kyrkjebøkene ikkje er tilgjengelege, dvs. etter ca 1930. Dette materialet er på skjema innsamla frå tilnærma alle heimane i bygda, både ved Kolden, grendekontaktane og kulturkontoret.
Bjarne Fossøy har i hovudsak hatt ansvaret for å skrive opplysningane frå slike innsamla skjema inn i manuskriptet som siste del av avsnittet «Folket:». Her var det særleg arbeidet med krysstilvisingane som vart omfattande, til dels pga. mangelfullt utfylte skjema. Arnfinn Kjelland har supplert desse tekstdelane med anna innkome materiale og ein del tilvisingar til annan litteratur (sjå litteraturlista bakast i bd 4).
«Råkladden» til gardshistoria
Jon Kolden fullførte det han sjølv kalla ein «råkladd» til gardshistorietekst berre nokre veker før han døydde. Denne var ikkje komplett; m.a. hadde han fleire gonger peikt på at han ikkje kjende seg kompetent til å skrive om den eldste gardshistoria, frå før ca 1600–1650. Dessutan emna han på noko som kanskje kan kallast «grendevise innleiingskapittel», som nok var enda meir uferdige enn sjølve gardshistorietekstane. Arnfinn Kjelland (med røynsle frå skrivinga av bygdeboka for Lesja) har arbeidd vidare med denne «råkladden».
Det er ikkje enkelt å ta ein tekst som ein annan person har skrive og redigere, supplere og skrive den om. Verket blir trass alt gjeve ut i namnet til Kolden. Mange avsnitt bar klart preg av å vera særs uferdige frå Kolden si hand; men korleis hadde han tenkt seg at teksten til slutt skulle bli? Det har vore eit dilemma i arbeidet. Resultatet vart noko større innleiingar under kvar «namnegard» (sjå s. 9), som i all hovudsak er skrivne av Kjelland. Tekstane om dei einskilde gardsbruka er omtrent som Kolden skreiv dei. Nokre er supplerte med kjeldeutdrag, dels trykt i rammetekstar. Redaksjonen har òg laga tabellane med opplysningar om folketal og drift på bruka. Ein del personalhistorisk stoff er flytt ned til «Folket»; dette er òg supplert med litteraturtilvisingar o.a. informasjon om einskildpersonar.
Andre element i verket
I tillegg har det vore naudsynt å supplere teksten med illustrasjonar. Bileta er i hovudsak samla i Lom. Snøhetta forlag har produsert dei kulturhistoriske karta som ein finn alle heimar avmerkte på.
Innleiingskapitlet nedafor inneheld fleire detaljar om arbeidet, kjeldene og sluttproduktet. Det er sams for alle fire binda.
Arnfinn Kjelland har hatt arbeidsplass ved Historisk institutt, Høgskulen i Volda i prosjektperioden, og vi nyttar høvet til å takke for at Høgskulen har lagt til rette for vikarordning m.m.
Tekstredaksjonen vil takke bygdaboknemnda i Lom for eit positivt og konstruktivt samarbeid og god vilje til å løyse dei problem som ikkje var identifiserte på førehand, men som etter kvart dukka opp.

                      Lesja/Volda, 3. oktober 2000
Arnfinn Kjelland    Bjarne Fossøy    Ole Martin Sørumgård

 

Innhald

Forord 5 
Innleiing 8
Garmo sokn 27
Garmosgardane og Byrgrendi 35
Gardsbruk i dag 44
Nyare bustadhus 97
Nedlagde plassar og bruk 108
Nedre Vårdalen 124
Frisvollgardane 131
Gardsbruk i dag 141
Nyare bustadhus 164
Nedlagde plassar og bruk 175
Einarsvoll 187
Gardsbruk i dag 191
Nyare bustadhus 196
Nedlagde plassar og bruk 200
Eklegardane 204
Gardsbruk i dag 208
Nyare bustadhus 217
Nedlagde plassar og bruk 217
Brimigardane 224
Gardsbruk i dag 227
Nyare bustadhus 239
Nedlagde plassar og bruk 241
Lyngvesgardane 249
Gardsbruk i dag 255
Nyare bustadhus 314
Nedlagde plassar og bruk 317
Graffer 325
Gardsbruk i dag 331
Nyare bustadhus 343
Nedlagde plassar og bruk 344
Detaljert innhaldsliste 347


Detaljert innhaldsliste 
Forord 5
Innleiing 8
Garmo sokn 25
Garmosgardane og Byrgrendi 35
Garmo før 1600-talet 43
Gardsbruk i dag 44
Sør-Byre 44
Trondplassen 46
Byrøygarden 51
Me-Byre 53
Nedre Byrkvei 56
Øvre Byrkvei 58
Søre Bjørgi 61
Brekka 63
Hesthågån 64
Sagflaten 67
Langøygarden 69
Fyru 71
Garmostrædet 73
Uppigard 78
Systugu 84
Nordgard 91
Nyare bustadhus 97
Bekkelund 97
Byrberget 97
Byrhaug 98
Byrstad 99
Olderheim 99
Byrkvei 99
Lauvstad 99
Sletten 99
Fredtun 100
Skogstad 100
Utsikten – Trollheim 100
Kvila Turistheim 101
Grinde 101
Horten 102
Skogheim 102
Gnr 5-1 fnr 5. 102
Skoglund 103
Holte 103
Bjørgheim 104

Bakke 104
Skogly 104
Aurstad 105
Sagstugu 105
Bjørklund 105
Bjørkø 105
Nystad 106
Bjørkås 106
Nytun 106
Sagrusti 106
Elvestad 106
Holø 107
Asplund 108
Hagen 108
Nedlagde plassar og bruk 108
Hesthågålykkja 108
Byrberget 109
Byrkvei før 1823 – Nørdre Byre 111
Nørdre Bjørgi 113
Nyhus – Hesthågålykkja 114
Imbertstugu 114
Øyastugu 115
Jakupstugu 115
Nylænde 116
Hjellberget 116
Nyheim 117
Sagrusti 117
Bruøygarden 119
Rustøygarden – Rusten 120
Garmoshaugen 121
Kalvkvei 121
Garmosøyi – Bytingsøyi 121
Ukjende/uplasserte 122
Nedre Vårdalen 124
Frisvollgardane 131
Uppistugu før 1869 138
Gardsbruk i dag 141
Kvernstugu 141
Nordistugu –
Frisvollmoen 143
Nørdre Uppistugu 148