o_lokalhistorie.gif (1085 bytes)

Jon Kolden: Bygdebok for Lom
KOLDEN.JPG (2384 bytes)

Jon Kolden 11.1.192513.11.1996

Forprosjekt for fullføring av verket.

Utdrag frå rapport dat. 18. september 1997 til Lom kommune

Nokre detaljar frå gjennomføringa av hovudprosjektet

Oppdatert 28.4.1999

Bakgrunn

Jon Kolden vart tilsett som bygdebokskrivar for Lom i 1988. Han arbeidde med gards- og ættesoga for Lom fram til han døydde i november 1996. På det tidspunktet hadde han nettopp fullført det han sjølv kalla ein «råkladd» til manuskript til tekstdelen av gards-soga. Den tekstfila han skreiv denne kladden inn på, har han arbeidd med siste gongen 25.10.1996.

Kolden skreiv gardssoga inn ved hjelp av eit enkelt tekstbehandlingsprogram (Works 2.0), alt på ei fil på meir enn 600 sider, 1,9 MB storleik. I tillegg kjøpte Lom kommune hausten 1989 inn eit særskilt datasystem, Ættesoge, til bruk i den mest arbeidskrevjande delen av prosjektet, den såkalla slekts- eller ættesoga. Dette systemet var da nyutvikla, men har dessverre omtrent ikkje vore vidareutvikla seinare.

I brev av 12.5.1997 la Snøhetta forlag a.s fram eit tilbod til Lom kommune om å utføre ei nærare analyse av det arbeidet Kolden har fullført; om det er råd å sluttføre arbeidet slik at bygdeboka kan gjevast ut i i namnet hans, og i tilfelle kor mykje arbeid som står att og kostnadene det vil medføre for Lom kommune.

Delprosjektorganisering med kalkyle over attståande arbeid

Samla timetal for det attståande arbeidet etter denne kalkyla: 5.700 timar. Tilleggskostnad: kjøp av digitalisert kartgrunnlag for dei kulturhistoriske karta, kr. 80.000.

Avtala med Lom kommune

vart inngått 17.12.1997, og går ut på at Snøhetta forlag a.s skal utføre det arbeidet som er skissert i forprosjektet, og innafor det timetalet. Forlaget skal rapportere til bygdeboknemnda kvar månad, med timelister og revidert framdriftsplan, og det skal haldast møte med nemnda kvart kvartal.

Bygdeboknemnd og grendekontakter

består av:

I tillegg er det oppnemnt grendekontakter fordelt rundt om i bygda, som hjelper til med delprosjekta 2 og 5: Sigmund Garmo, Jon Brustuen, Ragnar Skjelden, Ivar Glømsdal, Sylfest Horten, Maria Brandsar, Amund Frøise, Ivar Sveine, Hans Bø, Steinar Bruøygard, Jo Aukrust og Ola J. Galde.

Status pr 1.1.1999

Forlaget rapporterte til oppdragsgjevar pr 1.1.1999 at arbeidet gjekk framover i samsvar med revidert framdriftsplan. Delprosjekt 1 er tilført fleire timar, bl.a. frå delprosjekt 3 ved at tabellane blir produsert samstundes som red. sekretær Ole Martin Sørumgård arbeider seg igjennom ættesoga frå søre enden av bygda og nord- (vest-sørvest-) over.

Red. sekr. Bjarne Fossøy har i hovudsak gjort ferdig delprosjekt 2, ættesoga etter 1930 (innskriving av innsamla skjemaopplysningar) så langt det skulle gjerast i denne fasen. Han er i gang med delprosjekt 5, utarbeiding av kulturhistoriske kart. Han har óg den daglege kontakten med Lom kommune og grendekontaktane.

Arnfinn Kjelland er prosjektleiar, og startar frå 1.1.1999 på delprosjekt 3, bearbeiding av gards- og grendesogene.

Kart over busetjinga i Lom i høg- og seinmellomalderen

Jon Ola Gjermundsen gjorde i 1975 ei analyse av busetjinga i Lom kommune i høg- og seinmellomalderen, og tida framover mot midten av 1600-talet, i form av ei hovudoppgåve i historie ved Universitetet i Oslo. Oppgåva vart skrive som eit delprosjekt innafor Det nordiske ødegårdsprosjektet. Hovudresultatet av arbeidet kan lesast av dette kartet, som inneheld sikre og sannsynlege mellomaldergardar (sirkelsymbol, dei som er fylt med svart er slike som låg øyde ei tid i seinmellomalderen), gardar frå denne tida som seinare er «forsvunne» (ein prikk inne i sirkelen), og gardar som kanskje fanst før Svartedauden (merka med eit kryss).

(For å kome attende til dette dokumentet, trykk på «back»-knappen.)

Liste over utvandrarar til USA 1854–1929

I siste del av 1800-talet og først på 1900-talet var det svært stor utvandring frå Lom kommune til Amerika. Det er sterkt ønskeleg at bygdebokredaksjonen får inn opplysningar om desse (og andre som forlot bygda, t.d. for å flytte til ein av byane her i landet, ut mot kysten eller til Nord-Norge).

Følgjande opplysningar vil bli brukt i bygdeboka: vitale årstal til den som er født i Lom (vigd/død år), namn, fødestad og vitale årstal til ektefelle, stad der dei slo seg ned og kort om yrke.

Slike opplysningar kan sendast kontor@snohetta.no eller ak@hivolda.no. Viss nokon kjenner igjen namn på utflyttarar på listene nedafor, oppgje da gjerne ID-nummeret (viss vedkomane har eit slikt).

Listene innheld eit løpenummer (ID No), utvandringsår iflg. kyrkjeboka, fornamn, fars fornamn, fødselsår, ekteskapeleg status, kjønn og det gardsnamnet som er ført i kyrkjeboka. (NB person- og gardsnamn er normalisert, av Jon Kolden.)

List of emigrants from Lom to USA for the period 1854–1929

I the last half of the 19th century and the first part of the 20th century a lot of people emigrated from Lom to America. The editors of this Bygdebok (farm and genealogical history of Lom, probably 3 volumes, to be published in 2000–2001) whishes information about all persons born in Lom, to be included in the books. We will use the following information: vital years of emigrant and spouse (birth, marriage, death), birth- or homeplace of spouse, place he/she/they settled and som few words about occupation.

The list contain an Id-number, year of emigration according to the Lom Church Register, first name of emigrant, fathers name of emigrant/patronym (note that the endings -sen/-son/-søn and -dtr/-datter/-dotter has been removed), year of birth, maternal status, sex and the name of the farm he/she emigrated from.

The list is divided in two parts, by year. Part one contains emigrants from the period 18541883, part two from the period 18831929.

Attende til Snøhetta forlag/Back to Snøhetta publishing Co.