Herøyboka 
Heimar og folk band 1: Runde – Remøya – Leinøya
Redaksjon: Per-Ståle Moltu og Steinar Åheim
Utgjeve av Herøy sogelag 2009
ISBN 978-82-990091-7-1 (heile serien)
ISBN 978-82-990091-6-4 (band 1)
Pris: kr ___,00 

Heimar og folk
Dei nye Herøybøkene, som har fått namnet Heimar og folk, er ei ajourføring av Gardar og folk som kom ut første gongen i 1962/63. Forfattar av Gardar og folk var Bjarne Rabben, og serien vart gitt ut i tre band. Nytt opplag vart trykt i perioden 1979 til 1983. I tillegg til Gardar og folk 1,2 og 3 omfattar heile serien Herøyboka følgjande band: Bygdesoga 1, 2 og 3, Landslag og folkeliv og Ute i krig
Gardar og folk
er no utselde, men dei andre bøkene er framleis å få kjøpt.
I 2006 utarbeidde Arnfinn Kjelland ved Høgskulen i Volda forprosjektrapporten Ajourføring av Herøyboka. Denne rapporten har vore grunnlaget for det vidare arbeidet med dei nye bøkene. Det vart i rapporten lagt opp til bruk av dataprogrammet BSS (Busetnadssoge), og styret i Herøy Sogelag gjekk inn for å bruke dette programmet. 
Arbeidet med å registrere opplysningar frå Gardar og folk vart gjort 2005/2006. Sommaren og hausten 2006 vart det sendt ut skjema til dei fleste husstandane i kommunen. Etter kvart som svarskjema kom inn, vart opplysningane registrerte i dataprogrammet BSS. Sommaren 2007 starta arbeidet med å kople saman familiemedlemane og knyte desse til dei rette bustadene. 
Rundt 60 grendekontaktar/medhjelparar frå heile kommunen har hjelpt til med å levere ut skjema, få inn manglande opplysningar, dele ut utskrifter av manuset til kontroll-lesing m.m. 
Herøy Sogelag vil takke alle desse for god hjelp i arbeidet! 
Dei einskilde banda i dei nye Herøybøkene inneheld historisk stoff om alle bustadene i  kommunen frå ca 1920 og fram til bøkene vert trykte. Størsteparten av innhaldet er likevel om folket som har budd og bur her. Banda er inndelte i krinsar og vidare i namne- og matrikkelgardar. Det er skrive grendekapittel om kvar krins/bygd og om kvar namne-/matrikkelgard. I bøkene er det også gjort plass til mange bilde og kart.
Det er meininga å gi ut fire band samt eit eige registerband.

Heimar og folk er planlagt i desse banda: 
Band 1: Runde, Remøya og Leinøya (utanom Gjertneset)
Band 2: Indre Herøy (med øyane i Herøyfjorden)
Band 3: Skorpa, Nerlandsøya og Fosnavåg (utafor Skaret)
Band 4: Resten av Fosnavåg by/Bergsøya (med Gjertneset)

 

Innhald
Runde 9
Goksøyra 36
Runde 53
Remøya 89
Sævikane 115
Remøya 142
Leinøya – Bølandet 187
Leine krins 193
Voldsund 210
Leine (Leinane) Ytre 235
Leine (Leinane) Indre 269
Nærøya 281
Frøystad krins 299
Espeset 321
Frøystadvågen 330
Røyra 346
Frøystad 369
Steinsvika 389
Torvika 399
Bø krins 413
Bø Indre 424
Bø Ytre 449
Sande 454